Jackfrukt (Artocarpus heterophyllus) er eit frukttre imorbærfamilien som stammar fråSør-Asia ogSøraust-Asia. Treet er tilpassa til tropisk lågland. Frukta er den største frukta frå eit tre i verda.[1] Ei jackfrukt er sjeldan mindre enn 25 cm i diameter. Sjølv eit relativt spinkelt tre med berre 10 cm i diameter kan bera store frukter. Frukta kan vega opp mot 36 kg, og bli opp mot 90 cm lang og ha ein diameter på 50 cm. Dei søte, gule kappene rundt frøa er 3-5 mm tjukke, og har ein smak som kan samanliknast medananas, sjølv om smaken er mildare og mindre saftig.