Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Italia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre]
Repubblica Italiana
('Den italienske republikken')

(norsk: Italia, italiensk)

Det italienske flaggetDet italienske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen
Nasjonalsong«Fratelli d'Italia»
MottoIkkje noko
Geografisk plassering av Italia
Offisielle språkItaliensk
HovudstadRoma
Styresett
Republikk
Sergio Mattarella
Giorgia Meloni
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
301 340 km² (71.)
2,4 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2001)
 – Tettleik
 
62 137 802 (23.)
57 110 144
206,2 /km² (44.)
Samla
17. mars1861
Nasjonaldag2. juni
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
2 174 000mill.USD (12.)
36 600USD (34.)
ValutaEuro
TidssoneUTC +1
Telefonkode+39
Toppnivådomene.it


Italia (italienskRepubblica italiana) er eit land i Sør-Europa som ligg påden italienske halvøya og dei to middelhavsøyaneSardinia ogSicilia. I nord blir landet avgrensa avAlpane og møter landaFrankrike,Sveits,Austerrike ogSlovenia. Dei sjølvstendige stataneVatikanstaten ogSan Marino erenklavar i landet.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Italia var kjernelandet forRomarriket. Etter at riket braut saman blei det delt opp i fleire mindre statar der den viktigaste varPavestaten. Landet var sentralt ieuropeisk kulturhistorie, mellom anna utvikling avkunst,filosofi ogvitskap imellomalderen og særlegrenessansen.

Dagens Italia blei einnasjonalstat først i1861, då dei fleste statane på halvøya blei sameina av kongViktor Emmanuel II av Savoy-dynastiet. Dei som stod bak samlinga var ministeren hans,Camillo Benso di Cavour, og generalenGiuseppe Garibaldi, som blei ein nasjonal folkehelt.Roma sjølv blei halden av paven i nok eit tiår og blei først del av Italia i 1870, medanVatikanet heldt fram som sjølvstendig enklave.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
Kart over Italia

Landet strekker seg fråAlpane i nord i ei velkjend støvelliknande form som er omkransa avMiddelhavet ogAdriahavet. Det omfattar dessutan middelhavsøyaneSardinia ogSicilia. Italia grensar tilFrankrike,Sveits,Austerrike ogSlovenia. Det omsluttar òg to små land,San Marino ogVatikanstaten.

Italia er delt inn i 20 regionar:Abruzzo,Basilicata,Calabria,Campania,Emilia-Romagna,Friuli-Venezia Giulia,Lazio,Liguria,Lombardia,Marche,Molise,Piemonte,Puglia,Sardinia,Sicilia,Toscana,Sør-Tyrol,Umbria,Valle d'Aosta ogVeneto.

Roma har vorehovudstad sidan1870, medanTorino ogFirenze tidlegare har vore hovudstad i landet.

Nokre viktige byar:

Klima

[endre |endre wikiteksten]

De første vêrobservasjonane i historia vart gjort i Italia av store vitskapsmenn somEvangelista Torricelli,Galileo Galilei og andre, og det er mykje forskjellig vêr å observere i Italia. Landet strekker seg ut iMiddelhavet og ligg midt i leia forlågtrykk som flyttar seg rundt i havområda. Når lågtrykka flyttar seg innover land gjev deiregn ogtorevêr, men intensiteten varierer etter kvar ein er i landet og kva tid på året det er.Alpane ogAppenninane har meir vinterleg vêr, og er med på å skape lokale skilnadar i låglandet. Dei hindrar òg til delsvêrfrontar frå Atlanterhavet å passere over landet.

Podalen som går på tvers av det nordlege Italia fråTorino tilVenezia har størst klimatiske skilnader i landet gjennom året. Sommaren her er varm, men av og til lummer medtorvêr og kraftigeregnbyger om ettermiddagen. September er som regel tørr og varm med mykje fint vêr før hausten vert fuktigare og kjøligare. Frå desember til februar er dalen ofte dekt av ei kaldtåke som kan ligge i dagevis. Austlege delar av Podalen er òg utsett frå den kaldeboravinden frå Aust-Europa. Vinterstid er det vanleg med både regn ogsnø gjennom dalen, men sjeldan særleg kraftig. Dei austlege områda av Podalen er tørrare enn dei vestlege, og Venezia har t.d. ein midla årsnedbør på 770 mm, medanMilano i vest har 1017 mm.

Nord for Podalen finn ein Alpane som har kjøligare og fuktigare vêr, og i høgda her har einalpint klima. Om vinteren kan det likevel vere sol og klårvêr i høgda, medan Podalen ligg dekt av tåke. I høgder på rundt 1500 m kjem det om vinteren rundt 50 cm snø kvar månad.Aostadalen er den tørraste delen av Alpane, men vinternettene kan bli svært kalde. Om hausten kan det innimellom regne svært kraftig i dei sørlege fjellsidene av Alpane, noko som kan føre tilflaum. Det kjem stort sett meir nedbør i den italienske delen av Alpane enn resten av fjellområdet.

Områda sør for Podalen harmiddelhavsklima, og nordlege byar somFirenze ogPisa har om vinteren mykje mildare vêr og meir sol enn t.d.Milano, og dei har langt mindre tåke.Roma ogNapoli har enno mildare vintrar. Somrane er berre litt varmare langs vestkysten av Italia enn i Podalen, medanAdriahavskysten sør forBari, særleg rundtTarantobukta, er blant dei varmaste områda i Italia. Andre varme område er kysten rundtDet joniske havet, dei aller sørlegaste områda av Italia ogSicilia. Vinteren i dei sørlegaste områda er milde, men ofte fuktige med torevêr. Høgareliggande strøk i Sør-Italia, som vulkanenEtna, kan av og til få overraskande kraftig snøfall om vinteren. Roma har ein normal årsnedbør på 744 mm, medanPalermo på Sicilia har 512 mm.

Innbyggjarar

[endre |endre wikiteksten]

Dei fleste innbyggjarane i landet eritalienarar. Det finsttysk- ogfranskspråklege minoritetar i Nord-Italia, og nokre andre små etniske minoritetar.

Fleirtalet (85 %) erkatolikkar, men det finst òg religiøse minoritetar avprotestantar,jødar ogmuslimar.

Kultur

[endre |endre wikiteksten]

Italia er velkjent for sine kunst- og kulturtradisjonar. Her finst ei rekke kjende byggverk frå oldtida og seinare, somColosseum,det skeive tårnet i Pisa ogdogepalasset iVenezia.Italiensk mat,vin,design,litteratur,kunst,musikk (særlegopera) er kjende over heile verda.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
    Denne artikkelentrengreferansar for verifikasjon. Du kanforbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.Malen blei sett inn 2025

    Bakgrunnsstoff

    [endre |endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld:Italia
    Land vedMiddelhavet
    Suverene statar
    Statar med avgrensa anerkjenning
    Biland og andre territorium
    EU
    EFTA
    Autoritetsdata
    Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Italia&oldid=3628684»
    Kategoriar:
    Gøymde kategoriar:

    [8]ページ先頭

    ©2009-2025 Movatter.jp