Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Istanbul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
İstanbul
by
Land Tyrkia
RegionMarmararegionen
ProvinsIstanbul
Areal5 343 km²
Folketal 15 655 924(2023)[1]
Grunnlagd 
 •  Byzantiumca. 660 fvt.
 •  Konstantinopel330 evt.
 •  Istanbul1930 (offisielt)
BorgarmeisterEkrem İmamoğlu
TidssoneEET (UTC+2)
 •  SommartidEEST (UTC+3)
Postnummer34000–34850
Retningsnummer(+90) 212 (europeisk side)
(+90) 216 (asiatisk side)
Kart
Istanbul
41°00′36″N28°57′37″E / 41.01°N 28.960277777778°E /41.01; 28.960277777778
Wikimedia Commons: Istanbul
Satellittfoto av Istanbul.
Galata (framgrunnen) ogSarayburnu (bakgrunnen) heilt aust på eine halvøya i Istanbul.Prinseøyane ligg i horisonten til venstre.
Foto: Selda Yildiz & Erol Gülsen

Istanbul (İstanbul) er den størstebyen iTyrkia, med kring 13 millionar innbyggjarar og er det økonomiske, kulturelle og historiske hjartet i landet. Byen er det nest største storbyområdet i Europa og av dei største byane i verda.[2][3][4] Byen dekkjer eit stort område på 5 343 km², som samsvarar medprovinsen Istanbul, som byen er setet for. Byen ligg på begge sider avBosporos, eit av dei travlaste sunda i verda, nordvest i Tyrkia, mellomMarmarahavet ogSvartehavet, og er slik ein interkontinental by. Handelssenteret og det historiske senteret i byen ligg i Europa, medan ein tredjedel av innbyggjarane bur på den asiatiske sida.[5]

Byen vart grunnlagd på nesetSarayburnu kring 660 fvt. somByzantium, og byen som no er kjend som Istanbul utvikla seg til å verte ein av dei viktigaste gjennom historia. I nesten 1500 år etter at han vart grunnlagd på ny somKonstantinopel i 330 evt, har han vore hovudstad for fire imperium -Romarriket (330–395),Austromarriket (395–1204 og 1261–1453),Det latinske riket (1204–1261), ogDet osmanske riket (1453–1922).[6] Byen var medverkande til at kristendomen steig fram under romar- og austromartida, før osmananeerobra byen i 1453 og omgjorde han til ein islamsk skanse og setet for detsiste kalifatet.[7] Sjølv om Republikken Tyrkia la hovudstaden sin tilAnkara er den tidlegare sentrale rolla til Istanbul framleis godt synleg gjennom byen med palass og store moskear langs åsane.

Den strategiske plasseringa til Istanbul langs den historiskeSilkevegen,[8] med jernbanenettverk til Europa og Midtausten, og den einaste sjøvegen mellom Svartehavet ogMiddelhavet, har medverka til at det utvikla seg ein mangfaldig folkesetnad i byen. Innbyggjartalet i byen har tidobla seg sidan 1950-åra etter at innflyttarar frå heileAnatolia har samla seg i i og kring byen.[9][10]

Sju millionar utanlandske turistar vitja Istanbul i 2010, som vart kåra tileuropeisk kulturhovudstad det året. Dette gjorde byen til det tiande mest populære turistmålet i verda.[11] Det største turistmålet i byen er framleis det historiske sentrumet, som delvis ligg påverdsarvlista til UNESCO, men ein finn kultur- og underhaldningssenter ander stader i byen som den naturlege hamna,Det gylne hornet, i bydelenBeyoğlu. Han vert rekna som einglobal by,[12] og fleire tyrkiske føretak har hovudkvartera sine her og står for meir enn ein fjerdedel avbruttonasjonalproduktet i landet.[13] Istanbul håpar å utnytte denne revitaliseringa og snøgge utvidinga han har opplevd og har levert søknad som vertskapsby forsommar-OL 2020.[14]

I dag bur det flestmuslimar her, men byen er òg sete forDen ortodokse kyrkja i Konstantinopel.

Namn

[endre |endre wikiteksten]

Namnet «Istanbul» kjem frå gresk «εις την Πόλιν» eller «στην Πόλη» [(i)stimboli(n)], som tyder 'til/i byen'.

Avvikingane vart byen kallaMiklagard.

Skildring av byen

[endre |endre wikiteksten]

I dag er Istanbul ein særs stor by med ein samanhengande folkesetnad som strekkjer seg i eit 10–20 km breitt og 60–70 km langt belte langs nordkysten avMarmarahavet, med omtrent same utbreiing på kvar side avBosporos. Busetnaden strekkjer seg òg nordover på båe sidene av Bosporos nesten tilSvartehavet.

Det sentrale og historiske Istanbul omfattar Stambul mellom Marmarahavet og Det gylne horn (kommunenFatih) ogGalata ogPera (Beyoğlu) på nordsida avDet gylne horn. Til det historiske Istanbul kan ein òg rekne med byaneÜsküdar ogKadıköy på den asiatiske sida.

Hagia Sofia.

Folkesetnad

[endre |endre wikiteksten]

I 2010 hadde Stor-Istanbul 13,3 millionar innbyggjarar, 65% bur i på den europeiske sida og 35% på den asiatiske. Det kjem heile tida innflyttarar frå andre delar av landet til Istanbul. Veksten er på over 3% kvart år, og han er over landssnittet.

I motsetnad til dei fleste byane i Vest-Europa er den minst velståande delen av folket busett i dei sentrale bydelane, medan folk i dei moderne forstadene etter måten er frå betre stilte sosiale grupper. Det finst likevel mange forstader der folk har låg snittsinntekt, somGaziosmanpaşa,Esenler,Güngören,Ümraniye ogBeykoz.

Kultur

[endre |endre wikiteksten]

I dag har Istanbul eit pulserande liv, og her møtest aust og vest. Eit kjent kulturminne erHagia Sofia, som no er eit museum, men som før har vore kyrkje og moské. Frå den bysantiske tida finst mange andre kyrkjer som er godt haldne ved like. Ein stor del av utviklinga av bysantinsk arkitektur og bysantinsk kunst har gått føre seg her. Dei fleste har vore eller er moskear. Byen har òg mange kjende moskear som er bygde etter erobringa åt tyrkarane. Mest kjend erDen blå moské (Sultanahmet Camii), som er dekt innvendig med tyrkiske fliser i fine mønster og som har seks minaretar.

Byen har vore sete for både keisarar og sultanar. Under arkeologiske utgravingar på 1930-talet oppdaga ein det som må ha vore keisarpalasset eller Det Store Palasset. Her er det eit unikt profant mosaikkgolv med pastorale scener og dyrescener. Golvet har vore vanskeleg å tidfeste, men ein reknar med at det er laga ein eller annan gong på 600-talet.

Topkapıpalasset der sultanen budde og hadde haremet sitt er betre kjent.

Byen er òg kjend for den store basaren der ein kan kjøpe teppe, gull og det ein elles ynskjer seg.

Istanbul i litteraturen

[endre |endre wikiteksten]

Mange kjende personar har budd delar av sitt liv i Istanbul, m.a.Agatha Christie. Delar av filmenMordet på orientekspressen vart filma på togstasjonen der.

Den mest kjende nolevande forfattaren iTyrkia, NobelprisvinnarenOrhan Pamuk, fødd i 1952, har skildra heimbyen sin Istanbul i fleire bøker. GjennombrotsromanenLys og mørke frå 1979 er forteljinga om tre generasjonar i ein rik familie som budde i det stroket i byen der Pamuk sjølv voks opp. Romanen kom i ny utgåve i 1982 under tittelenCerdet Bey og hans sønner.Mitt navn er Karmosin frå 2000, på norsk i 2003, gjorde han for alvor kjend for eit internasjonalt publikum. Handlinga er lagt til Istanbul vinteren 1591, i SultanMurat III si regjeringstid. I 2006 kom den eigne, delvis sjølvbiografiske, forteljinga hans om byen,Istanbul: byen og minnene.

Transport

[endre |endre wikiteksten]

Konstantinopel fekk tidleg eit godt utbygd nett med trikkeliner. Utover på 1900-talet vart nok trikken oversett, og kollektivtransporten gjekk meir og meir over på buss. Frå 1990-talet har aukande problem med trafikkavviklinga tvinga fram ei satsing på skjenegåande kollektivtransport, og Istanbul er i dag i ferd med å byggje opp eit moderne nett av metro-, light rail- og trikkeliner.

Båt har til alle tider vore eit viktig transportmiddel mellom dei ymse bydelane og mellom Istanbul og grannebyane. To vegbruer over Bosporos har redusert båttrafikkmengda, og han er venta å gå ytterlegare ned når den nye togtunnelen under Bosporos,Marmaray, opnar 18. juni 2015. I 2011 vart det vedteke å byggje ei tredje bru som vil vere ein del av ein 414 km ny motorveg som skal gå fråTekirdağ i vest tilAdapazarı i aust. Brua skal òg få jarnbaneskjener. Det skal òg bli bygd ei bru aust for byen der İznik-bukta er på det smalaste. Ho vil bli den nest lengste hengebrua i verda med eit hovudspenn 1700 meter. Totallengda vil verte 3000 meter og brua skal stå ferdig i 2017.

Administrasjon

[endre |endre wikiteksten]

Administrasjonen er bygd på to nivå. Det øvste nivået er ein storbykommune - Istanbul Büyükşehir Belediyesi (IBB) - som dekkjer eit område på 1830 km² mellomMarmarahavet ogSvartehavet i ei breidd på ca. 30 km på kvar side av Bosporos. Under storbykommunen er det 27 distriktskommunar. Det er direkte val til kommunestyra kvart femte år. 1/5 av representantane i distriktskommunestyra tek sete i rådet i storbykommunen, som er det høgaste organet i denne storkommunen. Ein eksekutivkomité tek hand om den daglege styringa av storkommunen.

Borgarmeistaren i storkommunen har etter 2004 vore Kadir Topbaş frå partiet AKP.

Distriktskommunar

[endre |endre wikiteksten]

Europeisk del

Asiatisk del

Klima

[endre |endre wikiteksten]
Morgontåke i forretningsstrøketLevent.

Istanbul har ei blanding mellomfuktig subtropisk klima (Köppen si klimaklassifisering:Cfa) ogmiddelhavsklima (Köppen si klimaklassifisering:Csa)[15] Men sidan byen dekkjer eit så stort område med varierande topografi, har byen fleiremikroklima. Nord i Istanbul harmaritimt klima (Köppen si klimaklassifisering:Cfb) på grunn av råmen frå Svartehavet og etter måten mykje vegetasjon. Klimaet i dei meir folkerike områda lenger sør er varmare og mindre fuktig.[16]

Sumrane i Istanbul er varme med høgast temperatur i juli og august, i snitt 28 °C. Ekstrem varme er derimot sjeldan, og temperaturen stig berre over 32 °C i snitt fem gonger per år.[17] Regnfall er heller uvanleg om sumaren, berre fire til fem regndagar per månad. Vintrane er kalde, våte og ofte med snø, og temperaturen i januar og februar er normalt kring 4 °C.[18] Snøen fell ofte tungt når han kjem, men snødekket og temperaturar under null varer sjeldan meir enn få dagar. Våren og hausten er mild, men ofte våt med ustabilt vêr. Kjølige vindar frå nordvest og varme vindar frå sør, stundom i løpet av same dag, skapar temperatursvingingar.[19]

Istanbul har alltid høgfukt og kan gjere sumarvarmen verre. Fukta når generelt 80 % om morgonen og skodde er vanleg, sjølv om ho som regel løyser seg opp i løpet av føremiddagen. Byen har tåke i snitt 228 dagar i året, og konsentrasjonen er høgast om vinteren.Torevêr er uvanleg, og skjer berre i snitt 23 dagar kvart år, oftast om sumaren og tidleg på hausten.[17] Istanbul har i snitt 124 nedbørdagar og i snitt fell det 855 mm nedbør i året.[20] Varmerekorden i byen er 40,5 °C og kulderekorden er -16,1 °C. Den største nedbørsmengda som er målt på ein dag er 227 mm, medan det største snøfallet er 80 cm.[21][22]

Vêrdata for Istanbul
JanFebMarAprMaiJunJulAugSepOktNovDesÅr
Gjennomsnittleg maks °C8,79,111,216,521,42628,428,52520,115,311,118,8
Døgnmiddeltemperatur °C5,867,612,116,72123,523,620,316,111,98,214,4
Gjennomsnittleg min °C2,92,83,97,7121618,518,715,5128,55,310,5
Gjennomsnittlegnedbør mm100,980,969,645,435,537,53946,362,9100,7108,6124,7852
Gns. dagar med regn17,715,313,610,37,85,33,646,110,312,916,9123,8
Kjelde:World Meteorological Organization[23],Den tyrkiske statlege meteorologitenesta(berre nedbørmengder, data frå 1970–2010)[20]


Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,11,21,3https://data.tuik.gov.tr/Bulten/Index?p=Adrese-Dayali-Nufus-Kayit-Sistemi-Sonuclari-2023-49684.
  2. «Province by Province / Town Center and Town / Village Population – 2011».Address Population-Based Registration System (ABPRS) Database. The Turkish Statistical Institute. 2011. Arkivert fråoriginalen 6. oktober 2014. Henta 21. august 2012. 
  3. «File 11a: The 30 Largest Urban Agglomerations Ranked by Population Size at Each Point in Time, 1950–2025»(xls).World Urbanization Prospects, the 2011 Revision. The United Nations. Henta 21. august 2012. 
  4. Mossberger, Clarke & John 2012, p. 145 harvnb error: no target: CITEREFMossbergerClarkeJohn2012 (help)
  5. WCTR Society; Unʼyu Seisaku Kenkyū Kikō 2004, p. 281 harvnb error: no target: CITEREFWCTR_Society;_Unʼyu_Seisaku_Kenkyū_Kikō2004 (help)
  6. Çelik 1993, p. xv harvnb error: no target: CITEREFÇelik1993 (help)
  7. Masters & Ágoston 2009, pp. 114–5 harvnb error: no target: CITEREFMastersÁgoston2009 (help)
  8. Dumper & Stanley 2007, p. 320 harvnb error: no target: CITEREFDumperStanley2007 (help)
  9. Turan 2010, p. 224 harvnb error: no target: CITEREFTuran2010 (help)
  10. «Population and Demographic Structure».Istanbul 2010: European Capital of Culture. Istanbul Metropolitan Municipality. 2008. Arkivert fråoriginalen 29. juni 2011. Henta27 March 2012. 
  11. Weiner, Miriam B.«World's Most Visited Cities».U.S. News & World Report. Henta 21. august 2012. 
  12. «The World According to GaWC 2010».Globalization and World Cities (GaWC) Study Group and Network. Loughborough University. Henta 21. august 2012. 
  13. «OECD Territorial Reviews: Istanbul, Turkey»(PDF). The Organisation for Economic Co-operation and Development. March 2008. Henta28 March 2012. 
  14. «IOC selects three cities as Candidates for the 2020 Olympic Games». The International Olympic Committee. 24 May 2012. Henta 21. august 2012. 
  15. Kottek et al. 2006, p. 261 harvnb error: no target: CITEREFKottekGrieserBeckRudolf2006 (help)
  16. Efe & Cürebal 2011, pp. 716–7 harvnb error: no target: CITEREFEfeCürebal2011 (help)
  17. 17,017,1«Historical Weather for Istanbul, Turkey». WeatherBase. Henta 21. august 2012. 
  18. «Weather – Istanbul».World Weather. BBC Weather Centre. Henta 21. august 2012. 
  19. Pelit, Attila.«When to Go to Istanbul».TimeOut Istanbul. Arkivert fråoriginalen 14. desember 2011. Henta19 December 2011. 
  20. 20,020,1«Yıllık Toplam Yağış Verileri» [Annual Total Participation Data: Istanbul, Turkey] (på tyrkisk). Turkish State Meteorological Service. Henta6 July 2012. 
  21. «İstanbul Bölge Müdürlüğü'ne Bağlı İstasyonlarda Ölçülen Ekstrem Değerler» [Extreme Values Measured in Istanbul Regional Directorate](PDF) (på tyrkisk). Turkish State Meteorological Service. Henta 21. august 2012. 
  22. «March 1987 Cyclone (Blizzard) over the Eastern Mediterranean and Balkan Region Associated with Blocking». American Meteorological Society. Henta27 July 2010. 
  23. «Weather Information for Istanbul».World Weather Information Service. World Meteorological Organization. Henta 21. august 2012. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Istanbul
Reiseguide forIstanbul frå Wikivoyage
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Istanbul&oldid=3583927»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp