Israelittar var eihebraisktalande folkegruppe som levde iIsraels land underKongetida (1000-talet f.Kr. til 600-talet f.Kr.).
Opphavleg viste omgrepet til etterkomarar avpatriarken Jakob, som seinare fekk namnet Israel (1. Mosebok 32, 27-28). Etter at kong Salomo døydde, då riket blei delt i to, blei nemninga brukt om innbyggjarane av Nordriket, Israel.
Då Nordriket gjekk under i 722 f.Kr., og store delar av innbyggjarane blei fordrivne, blei det innbyggjarane i Juda rike som prega historia framover. Judear (jøde) blei derfor ei vanleg nemning for allejødar.
I jødisk liturgisk samanheng er israelitt ein fellesnemning på alle jødar som ikkje er levittar eller prestar (kohen), og som derfor ikkje er omfatta av restriksjonane og dei særskilde oppgåvene som berre gjeld for medlemmer av desse to gruppene.
I moderne forsking bruker ein derimot nemningane israelittar og israelittisk når det dreier seg om tida før eksilet i Babylon (586–538 f.Kr.), og jødedom og jødar når ein snakkar om tida etterpå.
Nemninga israelitt blei teken opp igjen i Vest-Europa og Norden på 1800-talet på grunn av det nedsetjande meiningsinnhaldet omverdena ofte tilla ordet jøde. På 1900-talet er jøde igjen blitt den vanlege nemninga blant jødar, men ordet israelitt finst også som konfesjonell nemning, særleg i Frankrike .
Innbyggjarane i den moderne staten Israel blir omtala som israelarar. Denne nemninga markerer statsborgarskap og ikkje religion eller etnisitet, og det finst fleire israelarar som ikkje er jødar.
«israelitt» (31. juli 2017) iStore norske leksikon, snl.no.