Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Ishockey-VM 1995

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen i ishockey 1995 vart arrangert iGävle ogStockholm iSverige i tida frå 23. april til 7. mai 1995.Finland vart verdsmeister for aller fyrste gong, etter finalesiger over arrangørlandetSverige. Bronsemedaljane tokCanada.

Meisterskapen vart avvikla gjennom gruppespel og påfylgjande utslagsspel. Dei 12 deltakarlanda var delt i to grupper à 6 lag. Dei fire beste laga i kvar av gruppene gjekk vidare til utslagskampar basert på plasseringa i gruppespelet; kvartfinalar, semifinalar, bronsefinale og finale.

Finalen

[endre |endre wikiteksten]

Finalen mellom Sverige og Finland fann stad i Globen i Stockholm. Ville Peltonen gav Finland leiinga etter vel 8 minutts spel. Litt før halvvegs i den andre perioden la same mann på til både 2-0 og 3-0. Tidleg i tredje periode auka lagkapteinen Timo Jutila til 4-0, førJonas Bergqvist var frampå for Sverige og fastsette sluttresultatet til 1-4, fordel Finland.

Finland sitt meistermannskap

[endre |endre wikiteksten]

Målvakter: Jarmo Myllys, Ari Sulander, Jukka Tammi
Forsvararar: Marko Kiprusoff, Petteri Nummelin, Erik Hämäläinen, Timo Jutila, Janne Niinimaa, Hannu Virta, Mika Strömberg
Løparar: Janne Ojanen, Esa Keskinen,Saku Koivu, Marko Palo, Raimo Helminen, Antti Törmänen, Ville Peltonen, Jere Lehtinen, Juha Ylönen, Sami Kapanen, Tero Lehterä, Mika Nieminen, Raimo Summanen

Canada sikra seg bronsemedaljane ved å vinne 4-1 over Tsjekkia.

Semifinalane

[endre |endre wikiteksten]
  • Sverige Canada 3-2 et
  • Finland Tsjekkia 3-0

Kvartfinalane

[endre |endre wikiteksten]
  • Sverige Italia 7-0
  • Finland Frankrike 5-0
  • Tsjekkia Russland 2-0
  • Canada USA 4-1

Nedrykk

[endre |endre wikiteksten]

Dei to laga som enda sist i gruppene møttest til nedrykkskampar. Austerrike sigra med 4-0 og 4-4 mot Sveits.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Ishockey-VM_1995&oldid=3477259»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp