Isernia er ein by iItalia. Han er hovudstad iprovinsen Isernia iregionenMolise og har om lag 20 000 innbyggjarar.
Byen ligg på ein rygg mellom elvaneCarpino ogSordo. Isernia er eit senter for produksjon av pasta, gråsteinsmurar og broderi.
Ein har funne spor etter menneske ved Isernia som er minst 700 000 år gamle, og i følgje magasinetScience er dette eit av dei eldste teikna på bruk av eld hos mennesket.
Aesernia var ein by iSamnium og ein del av området til stammaPentri. Han vart først nemnd i skriftlege kjelder i295 fvt. Etter atsamnittane var underlagt av romarane vart det oppretta ein koloni her med latinske rettar i264 fvt. Byen vart nemnd igjen i209 BCE som ein av 18 koloniar som var trufast mot Roma under den tøffaste tida underden andre punarkrigen. Underforbundsfellekrigen støtta han Roma og vart forsvart mot samnittargeneralenVettius Cato avMarcus Claudius Marcellus, men måtte gje tapt i90 fvt. etter ei lang omleiring. Romarane tok byen tilbake i84 fvt. og vart så hardt råka atStrabo omtalar byen som fullstendig forlaten.
BådeJulius Cæsar ogAugustus sende koloniar til staden, men utan suksess førNero koloniserte staden på ny. I dag kan ein framleis sjå ruinane av einakvedukt og ei romersk bru.
Etter fallet tilRomarriket vart Isernia fleire gonger rasert. Han vart øydelagd avsarsenarane i800, plyndra avMarkward av Anweiler, greve av Molise, i1199, og sett i brann i1223 av soldatane tilFredrik II. I1519 vart han frigjort avKarl V av Det tysk-romerske riket og vart ein fri by.
Jordskjelv i847,1349,1456 og1805 førte til store øydeleggingar.
På grunn av bruene over elva i byen vart byen bombardert underden andre verdskrigen.
I 1970 vart Isernia hovudstad i provinsen med same namn, etter at provinsen vart oppretta frå delar avprovinsen Campobasso.