Isaak Levitan kom til verda i småbyenKybartai iKaunas-regionen iLitauen (den gong ein del av Tsar-Russland). Foreldra var jødiske, faren son av einrabbi. Faren var elles mykje sjølvlærd, hadde lært seg tysk og fransk i Kaunas og arbeidde seinare som tolk for eit fransk byggefirma som anla jarnvegar. Levitan-familien flytta i1870 tilMoskva.
Hausten 1873 begynte Isaak Levitan ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur, der den eldre broren Avel hadde teke til to år i førevegen. Etter eit år i kopieringsklassa vart Isaak overflytt til naturalist-klassa, og straks deretter over i landskaps-klassa. Lærarane hans var målaraneAleksej Savrasov (som hadde størst innverknad på han),Vasilij Perov ogVasilij Polenov.
Mor hans døydde i 1875, og faren vart alvorleg sjuk og døydde eit par år seinare. Isaak fekk som ei følgje av sitt talent og sine prestasjonar eit stipend som gjorde han i stand til å vidareføre målarstudiane.
I slutten av 1870-åra arbeidde Levitan ofte i nærleiken av Moskva, og skapte sin særeigne variant av stemningslandskap. Forma i desse måleria og tilstanden i naturen er åndeleggjort, og er å oppfatte som berarar av tilstanden i menneskesjela. Det fremste uttrykket for dette er målerietHaustdag. Sokolnikij (1879), som i 1880 vart kjøpt av kunstsamlarenPavel Tretjakov.
Våren 1884 var måleri av Levitan representerte ved ei vandreutstilling somPeredvizjnikij-rørsla stod bak. Levitan vart i 1891 medlem av Peredvizjnikij-gruppa.
Kyrkjeklokker i kveldinga. 1892
Sommaren 1890 reiste Levitan tilJurjevets og mellom fleire landskapsmåleri måla han 'Utsikta frå Krivojoserskij-klosteret'. Under opphaldet her la han planen til eit av sine beste måleri, Det stille klosteret. Framstillinga av det stille klosteret, med trebruer som knyter det til utomverda, er eit uttrykk for kunstnaren sine åndelege refleksjonar.
Levitan sine verk avspeglar den lyriske sjarmen i det russiske landskapet. Bortsett frå eit par unnatak, måla Levitan aldri bylandskap. Han fann størst glede i poetiske stader i skogen og i mjuke, landlege utsyn. Karakteristisk for hans arbeid er stillvorne og nær på melankolske drøymeri i pastorale landskap, for ein stor del fri for menneskeleg nærvær.
Døme på dette ser ein iVladimirka ogKyrkjeklokker i kveldinga (begge 1892), ogEvig kvile (1894), som alle finst iTretjakovgalleriet. Sjølv om hans seinare arbeid viser slektskap medimpresjonismen, er fargebruken meir dempa enn hos impresjonistar. Biletsynet er også meir naturalistisk og poetisk, heller enn optisk eller vitskapleg.
På 1880-talet samarbeidde Levitan med mellom andre forfattarenAnton Tsjekhov om det illustrerte magasinet "Moskva". Og han illustrerte bøker. Saman med målarkollegaenKonstantin Korovin måla han i 1885-86 kulissane vedopera-oppsetningane på den privateigde operaen tilSavva Mamontov.
Levitan vart i 1897 innvald i St. Petersburgs kunstakademi. Han levde sine siste leveår i Tsjekhov-heimen påKrim. Trass i at han var livsvarig sjuk, er dei seinare måleria oftare enn tidlegare prega av lyse fargetonar. Bileta er ei lovprising av det fredstemte og vakre i russisk natur. Isaak Levitan etterlet seg meir enn tusen bilete, mellom anna akvarellar, pastellar, grafikk og illustrasjonar til bøker.
Levitan hadde korkje familie eller born. Han vart gravlagt på den jødiske gravstaden Dorogomilovo i Moskva. I august1941 vart leivningane hans flytta tilNovodevitsjijgravstaden, jamsides Tsjekhov si grav.