Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Isaac Asimov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isaac Asimov

PseudonymPaul French
NasjonalitetAmerikansk
StatsborgarskapSovjet-Russland, USA
Fødd2. januar 1920
Petrovitsji iSovjetunionen
Død

6. april 1992 (72 år)
Manhattan

YrkeForfattar, essayist, lærebokforfattar, biokjemikar, historikar, humorist,
Politisk partiDet demokratiske partiet i USA
RørsleKjent som ein av dei tre store, i science fiction sin gylne periode.
SjangerScience fiction, populærvitenskap
Medlem avAmerican Academy of Arts and Sciences
EktefelleJanet Asimov,Gertrude Asimov
BornRobyn Asimov
PrisarHugo Award,James T. Grady-James H. Stack Award for Interpreting Chemistry,Hugo Award for Best All-Time Series,Årets humanist,Edward E. Smith Memorial Award,Nebula Award for Best Novel,Locus Award for Best Novel,Hugo-prisen for beste roman,Klumpke-Roberts-prisen,Nebula Award for Best Novelette,Locus Award for Best Novelette,Hugo Award for Best Novelette,Locus Award for Best Science Fiction Novel,Hugo-prisen for beste roman,Damon Knight Memorial Grand Master Award,Locus Award for Best Short Story,Hugo Award for Best Novelette,Hugo Award for Best Related Work,Retro Hugo Award for Best Novel,Cosmos 2000 Award,Science Fiction and Fantasy Hall of Fame,Fellow of the Committee for Skeptical Inquiry,medlem av American Academy of Arts and Sciences Fellow,Retro Hugo Award for Best Novelette,Retro Hugo Award for Best Short Story,Ditmar Award,Great Immigrants Award,Locus Award for Best Reprint Anthology/Collection
DebutMarooned Off Vesta
Signatur
Isaac Asimov på Commons

Isaac Asimov (2. januar 19206. april 1992) var ein russisk-amerikansksciencefictionforfattar. Asimov skreiv og under pseudonymaH.B. Ogden ogPaul French. FilmenI, Robot er laust inspirert av Asimovs novellesamling ved same namn. Asimov er kanskje likevel mest kjend for bokserien omFoundation (Stiftelsen).

Biografi

[endre |endre wikiteksten]

Asimov var fødd omkring den 2 januar i1920 iPetrovichi nærSmolensk iRussland. Familien emigrerte tilUSA då Asimov var tre år gamal, og han voks opp iBrooklyn,New York.

Han tok eksamen vedColumbia University i1939 og doktorgraden i kjemi i 1948. Han var tilsett ved Boston University, han vart der sidan. Etter 1958 underviste han ikkje lenger, og nytta tida si til å skrive.

Han tok til å skrive science fiction omkring 1940. I 1941 kom novella "Nightfall", av mange rekna som ei av dei beste i science fictionlitteraturen. Novella handlar om ein planet i eit komplisert stjernesystem der det er natt berre ein gong kvart 2000ande år.

Frå 1958 skreiv han mest populærvitskap. Dei neste tiåra skreiv han fleire hundre bøker. Han gjekk tilbake til skjønlitteraturen på 80-talet og skreiv bøker som bant saman Foundationtrilogien og Robotserien. Isaac Asimov døydde den 6. april 1992 avAIDS. Han hadde fått sjukdomen gjennom ei infisert blodoverføring under ein by-passoperasjon i 1983.

Politikk og religion

[endre |endre wikiteksten]

Asimov var humanist, rasjonalist og motstandar av trua på overnaturlege fenomen, men ikkje motstandar av all religion i seg sjølv. Politisk var handemokrat og stod i dei fleste saker til venstre, sjølv om han mislikte det han meinte var eit innslag av irrasjonalitet på venstresida frå 60-talet og framover. Han var tilhengar av kjernekraft og folketalskontroll.

Prisar

[endre |endre wikiteksten]

I 1972 fekk hanNebulaprisen for romanen "The Gods Themselves" og i 1976 for langnovella "The Bicentennial Man". I 1986 vart han utnemnd til stormeister av SFWA (Science Fiction an Fantasy Writers of America)

Robotikkens tre lover

[endre |endre wikiteksten]

Som barn var Asimov særs fascinert av science-fiction-historier om robotar, men han klarte ikkje å akseptere samtidas framstillingar av metallmennene som destruktive monster som til slutt tek livet av skaparane sine. For Asimov var det langt meir interessant å framstille sympatiske, meir menneskelege robotar.[1]

23. desember 1940 diskuterte Asimov sin idé for ei historie om ein tankelesande robot med utgjevaren sin John Campbell. Diskusjonen spora inn på reglane som styrer åtferda og oppførselen til robotane. Det stod klårt for Asimov at robotane hadde innebygde tryggingsrutinar, og saman med Campbell formulerte han det som har blitt kalla robotikkens tre lovar (The Three Laws of Robotics):

  1. Ein robot kan ikkje å skade eit menneske eller passivt la eit menneske kome til skade.
  2. Ein robot må følgje ordre gjeve av menneske bortsett frå når slike ordre kjem i konflikt med første lov.
  3. Ein robot må verne om sin eigen eksistens såframt slikt vern ikkje kjem i konflikt med første og andre lov.

Bibliografi

[endre |endre wikiteksten]

Asimov hadde som mål å skrive 500 bøker, og sjølv om han ikkje nådde dette målet, publiserte han over 463 skrifter. Lista nedanfor tek berre for seg science fiction-tekstane hans, men merk at Asimov òg skreiv i andre sjangrar og format, deriblant ein del sakprosa. Tatt i betraktning at han var ein respektert vitskapsmann, er det ikkje så rart at han var ein god popularisator, som kunne forklåre bådekosmologi ogkvanteteori på ein måte som gjorde lesaren litt klokare.

«Greater Foundation»-serien

[endre |endre wikiteksten]

The Robot serien var eigentleg separat frå Foundation-serien, og Galactic Empire-bøkene blei opphavleg publisert som frittståande historier. Seinare sydde Asimov desse inn i én samanhengande historikk i utvidinga av Foundation-serien.

Robotserien:

Galactic Empire-serien:

  • Pebble in the Sky (1950)
  • The Stars, Like Dust (1951)
  • The Currents of Space (1952)

Den opphavlege Foundation-trilogien:

Den utvida Foundation-serien:

Frittståande bøker

[endre |endre wikiteksten]

Desse bøkene er først og fremst lausrevne, men nokre av dei har likevel visse koplingar tilFoundation-serien.

  • The End of Eternity (1955)
  • Fantastic Voyage (1966) (ein bokadapsjon av filmen der amerikanske forskarar reiser i menneskekroppen)
  • The Gods Themselves (1972)
  • Fantastic Voyage II: Destination Brain (1987) (ikkje ein oppfølgar tilFantastic Voyage, men ei liknande, frittståande historie)
  • Nemesis]] (1989)
  • Nightfall (1990) (medRobert Silverberg, basert på ei tidlegare novelle)
  • The Ugly Little Boy (1992) (med Robert Silverberg, basert på ei tidlegare novelle, publisert iStorbritannia under tittelenChild of Time)

Novellesamlingar

[endre |endre wikiteksten]
  • I, Robot (1950),ISBN 0-553-29438-5
  • The Martian Way and Other Stories (1955)
  • Earth Is Room Enough (1957)
  • Nine Tomorrows (1959)
  • The Rest of the Robots (1964)
  • Asimov's Mysteries (1968)
  • Nightfall and Other Stories (1969)
  • The Early Asimov (1972)
  • The Best of Isaac Asimov (1973)
  • Buy Jupiter and Other Stories (1975)
  • The Bicentennial Man and Other Stories (1976)
  • The Complete Robot (1982)
  • The Winds of Change and Other Stories (1983)
  • The Alternate Asimovs (1986)
  • The Best Science Fiction of Isaac Asimov (1986)
  • Robot Dreams (1986)
  • Azazel (1988)
  • Gold (1990)
  • Robot Visions (1990)ISBN 0-451-45064-7
  • Magic (1995)

Referansar

[endre |endre wikiteksten]
  1. Frå forordet til AsimovsThe Caves of Steel.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Denne artikkelen er basert på artikkelane om Isaac Asimov iwikipedia på bokmål ogwikipedia på svensk per 18.06.2007

Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Isaac_Asimov&oldid=3547078»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp