Irrlicht Studioalbum avKlaus Schulze | ||
Språk | inkje språkleg innhald | |
Utgjeve | August 1972 | |
Innspelt | April 1972 i Berlin | |
Sjanger | Elektronisk,musique concrète,bordunmusikk | |
Lengd | 50:27 (original) 74:27 (2006) | |
Selskap | Ohr | |
Produsent | Klaus Schulze | |
Klaus Schulze-kronologi | ||
---|---|---|
Irrlicht | Cyborg (1973) |
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Piero Scaruffi | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Irrlicht er det første albumet tilKlaus Schulze. Det kom ut i 1972 og vart spelt inn utan synthesizer, som Schulze seinare var kjend for å bruke mykje. PåIrrlicht nyttar Schulzeborduntonar spelt på orgel.
Den fulle tittelen på albumet erIrrlicht: Quadrophonische Symphonie für Orchester und E-Maschinen. Den atomsfæriskeborduntonen minnar omTangerine Dream-albumetZeit (som kome same månad) sidan begge har opphav i same ideen. Schulze ogEdgard Froese klarte ikkje å bli samde over korleis dei skulle gå fram, og Schulze slutta i bandet.
Schulze nytta hovudsakleg eit øydelagd og modifisert orgel, ei innspeling av eit klassisk orkester, spelt baklengs, og ein øydelagd forsterkar til å filtrere og endre lydane han hadde miksa på eit lydband. Av dette laga han ein symfoni på tre satsar.[3]
Irrlicht vart gjeve ut på det prestisjefylltekrautrock-selskapetOhr. Fordi Schulze hadde signert kontrakt med dei medan han var medlem avTangerine Dream, meinte selskapet at soloalbuma hans høyrte til dei òg.[3] Rekasjonen til Schulze var «eg var berre glad for atIrrlicht vart gjeve ut i det heile. Alle andre selskap ville truleg ha avslått albumet».[3]
Alle spor skrivne av Klauz Schulze
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «1. Satz: Ebene» | 23:23 |
2. | «2. Satz: Gewitter» | 5:39 |
3. | «3. Satz: Exil Sils Maria» | 21:25 |
4. | «Dungeon» (bonusspor på nyutgjeving) | 24:00 |
På vinylutgåva vart «Ebene» og «Gewitter» kombinert til eit enkelt 29 minuttar langt spor.