Republikken Irland utgjer fem seksdelar av øyaIrland og er ein sjølvstendigrepublikk. Staten vert offisielt kalla «Éire» påirsk og «Ireland» påengelsk. Som på norsk nyttar ein på begge språka nemningane Poblacht na hÉireann og The Republic of Ireland for å skilja mellom stat og øy.
Irland har tradisjonelt hatt 26 fylke (counties), som framleis vert brukt kulturelt, historisk og i idrett. Etter omorganisering har Dublin vorte splitta opp i 4 fylke og Tipperary har vorte to fylke. Totalt har republikken Irland 30 fylke.
Cliffs of Moher på vestkysten av Irland, ein mild, fuktig og vindfull stad.
Irland har eitmaritimt klima, og er kraftig påverka avAtlanterhavet ogGolfstraumen i vest. Klimaet er ikkje så uliktStorbritannia sitt, men har mindretemperaturvariasjonar og over 50% meirnedbør. Kulda frå nord eller aust har som regel dempa seg på veg over sjøen til Irland, og det kaldaste som nokon gong er målt er berre -19°C. Om vinteren er det i snitt berre om lag ei veke med snø totalt, men litt fleire dagar i høgareliggande strøk somWicklowfjella. Atlanterhavskysten har derimot så godt som ingen dagar med snø. Sumaren er etter måten kjølig med om lag same temperaturar som iSkottland, og i dei nordlegaste områda går ikkje temperauren ofte over 20°C om sumaren.
Nedbøren spreier seg jamt over heile øya, men dei vestlege områda får likevel dei største mengdene. I tillegg er områda på vestkysten, i lag med dei nordlege områda, utsett for kraftigvind når vinterstormane frå vest fer forbi. Den turraste tida på året er seint på våren og tidleg om sumaren, særleg i nordlege og austleg strøk. Dublin ligg i det turraste området av Irland og har ein årleg nedbørsnormal på 762mm, medan vestkysten av Irland har kring 1400–1500mm. Det er sjeldantorevêr på Irland. Dei nordvestlege områda har om lag ti tilfelle av torevêr gjennom året, og då som oftast om vinteren.