Iransk historie omfattar området fråEufrat i vest tilIndus i aust, og fråKaukasus i nord tilPersiabukta i sør. Ho omfattar dei modernenasjonaneIran,Aserbajdsjan,Afghanistan,Pakistan,Turkmenistan,Tadsjikistan,Usbekistan, og dei austlege delane avTyrkia ogIrak. Det er ein av dei eldste kontinuerlegesivilisasjonane i verda, han dekkjer tusenvis av år.
Persia var ei stormakt, men vart sidan invadert fleire gonger og fekk territoriet sitt endra.Arabarar,tyrkarar,mongolar,grekarar,britar ogrussarar har alle invadert det iranske området, men iranarane heldt alltid oppe den nasjonale identiteten sin og har utvikla seg som ei distinktpolitisk ogkulturell eining.
Den iranske sivilisajonen byrja med urbane busetjingar alt 4000 år førKristus.
Achaemenid-riket (550–330 f.Kr.) var det første av dei persiske rika som herska overMidt-austen,Hellas ogSentral-asia. Etter dette kom Seleucid-riket, partarane og sassanidane, som styrte Iran i meir enn 1000 år.
Denmuslimske erobringa av Persia (633–656) og slutten på sassanid-riket var eit vendepunkt i iransk soge. Islamiseringa av Iran skjedde frå det 8. til det 10. hundreåret, og førte til nedgangen forZoroaster-trua. Men mykje av det som var oppnådd i den gamle kulturen gjekk ikkje tapt, men vart i stor grad absorbert av den nye muslimske sivilisasjonen.
Etter fleire hundreår med utanlandsk styre og kortliva dynasti, vart Iran atter sameint som sjølvstendig stat i1501 av Safavid-dynastiet, som etablertesjia-islam som offisiell religion i riket sitt, noko som markerer eit av dei viktigaste vendepunkta i islamsk soge.
Iran hadde vore eitmonarki styrt av ein sjah (keisar) nesten utan avbrot frå 1501 til1979, da landet etterden iranske revolusjonen vart einislamsk republikk.
Den engelskspråklege wikipediaen, art.History of Iran, som lesen 26. juni 2009.