Detarabiske namnet العراق (al-ʿIrāq) har vore i bruk sidan før 500-talet. Det finst fleire forslag til namneopphavet. Eit går attende til densumeriske byenUruk (I BibelenErek) og vil dermed ha eitsumerisk opphav, sidanUruk var detakkadiske namnet på den sumeriske byenUrug, med det sumeriske ordet for «by»,Ur.[5][6]Ein arabisk folketradisjon er at namnet tyder «med djupe røter, godt vatna, frodig».[7]
I mellomalderen var det ein region kallaʿIrāq ʿArabī («Arabisk Irak») i NedreMesopotamia ogʿIrāq ʿajamī («Utanlandsk Irak»),[8] for regionen som no ligg i det sentrale og vestlege Iran.[9] Omgrepet omfatta historisk sletta sør forHamrinfjella og omfatta ikkje dei nordlegaste ogvestlegaste delane av dagens Irak.[10] Før midten av 1800-talet vart omgrepetEyraca Arabic ofte nytta for å skildre Irak.[11]
OmgrepetSawad vart òg nytta i tidleg islamsk tid om regionen på elvesletta mellom Tigris og Eufrat, som stod i kontrast til den tørre arabiske ørkenen. Som arabisk ord, عراق, tyder det «breidd» eller «kant», så på folkemunne vart tolkinga «skrenten», som ligg sør og aust forJazira-platået, nord og vest i «al-Iraq arabi»-området.[12]
For 65000 til 35000 år sidan budde detneandertalar nord i Irak, og det er gjort arkeologiske funn etter dei iShanidargrotta[13]Det er gjort funn av fleire graver frå føryngre steinalder, kring 11000 år fvt.[14]
Andre viktige stader for tidlege menneskelege framsteg varJarmo (kring 7100 fvt,),[14]Halaf-kulturen ogUbaid-perioden (mellom 6500 fvt. og 3800 fvt.).[15] I desse periodane vart det gjort stadige framsteg innan jordbruk, reiskap og arkitektur.
Den historiske perioden i Irak byrjar truleg underUruk-tida (4000 fvt. til 3100 fvt.) då fleiresumeriskebyar vart grunnlagde, og det vart nyttabiletskrift,sylindersegl og masseproduserte varer.[17]
Byar i nord, somAshur,Arbela (dagensIrbil) ogArrapkha (dagensKirkuk) eksisterte òg i det som kom til å bli Assyria frå 2400-talet fvt., men i den første tida var dei sumeriske bystatar.
På 2500-talet fvt. skapteEannatum avLagash det kanskje førsteriket i historia, sjølv om det var kortvarig. Seinare styrtaLugal-Zage-Si, prestekongen avUmma, overhovudet i Lagash-dynastiet i området, og erobra såUruk, som vart hovudstaden hans, og gjorde krav på eit rike som strekte seg fråPersiabukta tilMiddelhavet.[18] Det var på denne tida atGilgamesj oppstod med soga omSyndefloden.
Frå 2800-talet fvt. byrja akkadiske, semittiske namn å dukke opp på kongelister og administrative dokument i dei forskjellige bystatane. Opphavet til Akkadia er ukjend, som heilt nøyaktig kvar det låg og korleis det kom til makta. Folket her snakkaakkadisk, eitaust-semittisk språk.[19]
På 2000-talet fvt., utvikla det seg ein kulturell symbiose mellom sumerarane og akkadiarane, som mellom anna med ein omfattandebilingvisme. Påverknaden fråsumerisk ogakkadisk er tydeleg i alle område, mellom anna ordlåning på massiv skala - og syntaktisk, morfologisk og fonologisk samanfall. Denne felles påverknaden har gjort at forskarar omtalar sumerisk og akkadisk på 2000-talet fvt. som eitsprachbund.[20] Frå denne perioden vart sivilisasjonen i Irak kallasumer-akkadisk.
Skøyte for ein mannleg slave og ein bygning iShuruppak, sumerisk steintalve, kring 2600 fvt.
Mellom 2800- og 2300-taet fvt., byrja fleire kongedøme og bystatar i Irak å ha akkadisktalande dynasti, inkludertAssyria,Ekallatum,Isin ogLarsa.
Men sumerarane vart verande den dominerande makta førDet akkadiske riket (2335–2124 fvt.) tok over, basert i byenAkkad ssentralt i Irak.Sargon av Akkad, opphavleg einrabshakeh for ein sumerisk konge, grunnla riket, og erobra alle bystatane i det sørlege og sentrale Irak, og tvang under seg kongane av Assyria. Slik vart sumerarane og akkadiarane samla i ein stat. Han byrja så å utvide riket sitt, erobraGutium,Elam og hadde sigrar som ikkje førte til ei full erobring motamorittane ogeblaittane iSyria.
Etter Det akkadiske riket kollapsa seint på 2100-talet fvt, okkupertegutianarane dei sørlege områda eit par tiår, medan Assyria på nytt fekk sjølvstende i nord. Dette vart følgd av ein sumerisk renessanse i form avDet nysumeriske riket. Sumerarane under kongShulgi erobra nesten heile Irak, utanom dei nordlegaste områda av Assyria, og hevda seg overgutianarane,elamittane ogamorittane ved å drepe dei første og halde andre borte.
Einelamittisk invasjon i 2004 fvt førte til slutten for sumerarane. Midt på 2000-talet fvt. hadde det akkadisktalande kongedømetAssyria teke over nord i Irak. Assyria utvida områda sine inn i den nordaustlegeLevanten, sentrale Irak og austlegeAnatolia, og dannaDet gammalassyriske riket (kring 2035–1750 fvt.) under kongar somPuzur-Ashur I,Sargon I,Ilushuma ogErishum I. Erishum I skreiv ned den mest detaljerte lovsamlinga verda hadde sett til då[treng kjelde]. Dei sørlege områda braut saman til fleire akkadisktalande statar, derIsin,Larsa ogEshnunna var dei største.
På 1900-talet fvt. byrja deikanaanittisktalandeamorittane å flytte inn i det sørlege Mesopotamia. Etter kvart byrja dei å sette opp små småkongedøme i sør, og reiv til seg trona i eksisterande bystatar somIsin,Larsa ogEshnunna.
Eit av desse små, amorittiske kongedøma vart grunnlagd i 1894 fvt. og med den vesle administrative byenBabylon innafor grensene sine. Han vart verande ein uviktig by i over eit hundreår, og stod i skuggen til eldre og mektigare statar som Assyria, Elam, Isin, Ehnunna og Larsa.
I 1792 fvt. kom ein amorittisk herskar kallaHammurabi til makta i denne staten, og byrja raskt å utvide Babylon til ein storby, og erklærte seg sjølv konge. Hammurabi erobra heile det sørlege og sentrale Irak, i tillegg til Elam i aust og Mari i vest, og starta ein langvarig krig med den assyriske kongenIshme-Dagan om heile regionen. Slik skapte han det kortvarigebabylonske riket. Han vann til slutt krigen over etterfølgjaren til Ishme-Dagan og la under seg Assyria og koloniane deira i Antolia.
Det er frå tida til Hammurabi at det sørlege Irak vart kjend somBabylonia, medan dei nordlege områda hadde blitt samla saman tilAssyria hundrevis av år tidlegare. Riket hans vart kortvarig, og kollapsa raskt etter han døydde, og både Assyria og det sørlege Irak, i form avHavland-dynastiet, fall attende i akkadiske hender. Dei utanlandske amorittane klamra seg fast til makta i eit lite og svakt Babylonia før det vart plyndra av detindoeuropeisk-talandehittitane fråAnatolia i 1595 fvt. Etter dette tok eit anna utanlandsk folk,kassittane, som kom fråZagrosfjella iIran, kontroll over Babylonia, der dei styrte i nesten 600 år, det klårt lengste dynastiet som styrte Babylon.
Irak var frå denne tida delt i tre statar:Assyria i nord,kassitiskBabylonia i sør og sentral, ogHavland-dynastiet lengst sør. Havlanddynatiet art til slutt erobra av Babylonia kring 1380 fvt.
Jehu, kongen avIsrael, bukkar for Shalmaneser III avAssyria, 825 fvt.
Underbronsealderkollapsen (1200–900 fvt) var Babylonia i ein kaostilstand, og var i lange periodar dominert av Assyria ogElam. Kassittane vart drivne frå makta av Assyria og Elam, og tillegg innfødde, sørmesopotamiske kongar å styre Babylonia for første gongen, sjølv om dei var underlagt dei assyriske og elamittiske herskarane. Men deseaustsemittisk-akkadiske kongane, klarte ikkje å hindre nye bølgjer avvestsemittiske innflyttarar å kome inn i Sør-Irak, og på 1000-talet fvt. komaramearar ogsuteanarar inn i Babylonia fråLevanten, og desse vart etterfølgd seint på 900- til tidleg på 800-talet fvt. av immigrantar fråKhaldea, som hadde nære band til dei tidlegarearamearane.
Det vart på denne tida at ei akkadisk-påverka form avaustarameisk vart teken opp av assyrarane somfellesspråk i det vidstrekte riket, og mesopotamisk arameisk byrja å fortrengje akkadisk som talespråk i den generelle ålmogen i både Assyria og Babylonia. Etterkomande dialektar av dette språket har overlevd blantmandearar i Sør-Irak ogassyrarar i Nord-Irak heilt fram til i dag.
Relieff som synerløvejakt, frå det nordlege palasset iNineveh, 645–635 fvt.
Seint på 600-talet fvt., vart Det assyriske riket rive sunt av ei rekkje brutale borgarkrigar,, og svekte seg sjølv så mykje at ein koalisjon av tidlegare undersåttar, babylonarar, khaldearar,medearar,persarar, partarar,skytarar ogkimmeriarar, klarte å gå til åtak på Assyria, og styrta riket i 605 fvt.[21]
Det kortvarigeNybabylonske riket (620–539 fvt.) overtok etter Assyria. Det klarte ikkje å bli like stort, mektig og langvarig som føregangaren, men dominerteLevanten,Kanaan,Arabia,Israel ogJudea og sloEgypt. I starten vart Babylon styrt av nok eit anna utanlandsk dynasti, det fråKhaldea, som hadde flytta inn i regionen seint på 900- eller tidleg på 800-talet. Den største kongen,Nebukhadnezzar II, rivaliserte med ein annan utanlandsk herskar, denamorittiske kongenHammurabi, om å vere den største kongen i Babylon. Men i 556 fvt hadde khaldearane blitt fjerna frå makta av den assyrisk føddeNabonidus og sonen hans og regentenBelshazzar.
På 500-talet fvt. sloKyros den store frå nabostatenPersiaDet nybabylonske riket islaget ved Opis og Irak vart ein del avAkamenide-dynastiet i nesten to hundreår. Akamenidane gjordeBabylon til hovudstaden sin. Khaldearane og Khaldea forsvann på denne tida, men både Assyria og Babylonia bestod og treivst under akamenide-styret (Akamenidsk Assyria). Lite endra seg under persarane, som hadde vore tre hundreår under assyrisk styre, og kongane deira såg på seg sjølv som etterfølgjarane til Ashurbanipal, og dei heldt assyrisk arameisk som språk i riket.
Det greskstyrteSelevkidriket (i gult) med hovudstad iSelevkia ved Tigris, nord for Babylon.
Seint på 300-talet fvt. erobraAleksander den store regionen og la det under dethellenistiskselevkidstyre i over to hundreår.[22] Selevkidane innførte detindoanatoliske oggreske omgrepetSyria om regionen. Dette namnet hadde i mange hundreår vore det indoeuropeiske ordet forAssyria og hadde berre denne tydinga. Men selevkidane brukte òg omgrepet omLevanten (Aramea), slik at både Assyria og assyrarane i Irak ogaramearar og Levanten vart kalla Syria og syrarar i dengreskromerske verda.[23]
Den sterkt festningsverna partiske byenHatra blømde på 100-talet og syner ei unik blanding av både klassisk og iransk arkitektur.[24][25]
Sasanidane frå Persia underArdashir I øydela det partiske riket og erobra regionen i 224 evt. I 240- og 250-åra evt. erobra sasanidane gradvis dei vesle nyassyriske statane og kulminerte med Assur i 256 evt. Regionen var dermed ein provins iSasanideriket i over fire hundreår, og vart eit grenseområde og slagmark mellom Sasanideriket ogAustromarriket, og begge rika svekte kvarandre, og bana veg for denarabisk-muslimsk erobringa av Persia midt på 600-talet.
I 1257 samlaHulagu Khan ein uvanleg stor armé, ein stor del av dei mongolske styrkane, for å erobre Bagdad. Då dei kom fram til den islamske hovudstaden, kravde Hulagu Khan at dei overgav seg, men den siste abbaside-kalifenAl-Musta'sim nekta. Hulagu vart sint og som mongolane ofte gjorde for å hindre motstand,kringsette han Bagdad, plyndra byen og massakrerte mange av innbyggjarane.[28] Estimat på dødstala varierer frå 200000 til ein million.[29]
Mongolane utsletta abbasidane og øydelaVisdomshuset i Bagdad, som inneheld tallause dyrebare og historiske dokument. Byen fekk aldri attende den tidlegare stordomen som eit stort kultursenter med stor påverknad. Somme historikarar meiner at den mongolske invasjonen øydela mykje av vatningssystemet som hadde gjort Mesopotamia berekraftig i tusenvis av år. Andre historikarar meiner atjordforsalting førte til nedgang i jordbruket.[30]
Midt på 1300-talet herjasvartedauden det meste avden islamske verda.[31] Dei beste estimata for Midtausten er at kring ein tredjedel av folkesetnaden døydde.[32]
I 1401 invaderte ein krigsherre av mongolsk avstamming,Timur Lenk, Irak. Etter Bagdad var erobra, vart 20000 av innbyggjarane massakrerte.[33] Timur gav ordre om at kvar soldat måtte kome attende og vise han han minst to avhogde menneskehovud kvar. Fleire av soldatane var så redde at dei drap fangar fanga tidlegare i felttoget for å sikre eg at dei hadde hovud å vise Timur.[34] Timur utførte òg massakrar på dn innføddeassyriske,kristne folkesetnaden, som fram til då framleis var den største folkesetnaden i det nordlege Mesopotamia, og det var på denne tida at den gamle assyriske byenAssur omsider vart fråflytta.[35]
Seint på 1300- og tidleg på 1400-talet styrte dei tyrkiskeKara Koyunlu området som i dag vert kalla Irak. I 1466 sloAq Qoyunlu Kara Koyunlu og tok kontroll. Frå tidleg på 1500-talet, i 1508, hamna alle områda til dei tidlegare Aq Qoyunlu, inkludert Irak, i hendene på dei iranskesafavidane. I den over hundre år lange tyrkisk-iranske striden mellom safavidane og deiosmanske tyrkarane i naboområdet, var Irak ofte slagmark i dei mangeosmansk-persiske krigane.
EtterZuhab-traktaten i 1639 hamna det meste av dagens Irak til slutt underDet osmanske riket somBagdad eyalet. Gjennom det meste av perioden under osmansk styre (1533-1918) var dagens Irak ei slagmark mellom rivaliserande regionale rike og stammealliansar.
På 1600-talet hadde dei mange konfliktane med safavidane tappa Det osmanske riket for krefter og svekt kontrollen dei hadde over provinsane sine. Den nomadiske folkesetnaden auka då mangebeduinar fråNajd kom inn i området. Beduinraid mot busetjingar vart umogeleg å hindre.[36]
I åra 1747–1831 vart Irak styrt av eitMamelukk-dynasti avgeorgisk[37] opphav, som klarte å få sjølvstyre av denosmanske porten, stoppa stammeopprøra, dempa makta tiljanitsjarane, innførte orden og moderniserte økonomi og forsvar. I 1831 klarte osmanarane å styrte Mamelukk-regimet og la Irak under direkte kontroll. Folketalet i Irak var estimert til å vere 30 millionar i 800 evt., men var berre fem millionar på byrjinga av 1900-talet.[38]
Under fyrste verdskrigen vart osmanarane slått og driven frå det meste av området av Storbritannia. Britane tapte 92000 soldatar i det mesopotamiske felttoget. Dei osmanske tapa er ukjende, men britane tok i alt 45000krigsfangar. Mot slutten av 1918 hadde britane 410000 mann i området, og 112000 av desse var kamptroppar.
Den 11. november 1920 vart Irak eitmandat i Folkeforbundet under britisk kontroll med namnetstaten Irak. Britane sette innhasjimitt-kongenFaisal I av Irak, som hadde blitt tvungen ut avSyria av franskmennene. Dei britiske styresmaktene valde òg densunni-arabiske eliten til stillingar i staten og embetskontora.[40]
På grunn av stadig aukande kostnadaer og påverka av offentlege protestar frå krigsheltenT.E. Lawrence[41] iThe Times, erstatta britaneArnold Wilson i oktober 1920 med ein ny kommissær,Sir Percy Cox.[42] Cox klarte å roe eit opprør, men var òg ansvarleg for å setje i verk den lagnadstunge politikken med å ha nært samarbeid med den irakiske sunni-minoriteten.[43]Slaveriet vart avskaffa i 1920-åra.[44]
Storbritannia gav sjølvstende tilKongedømet Irak i 1932,[45] etter innstendig oppfordring fråkong Faisal, men britane heldtmilitærbasane sine, ein lokal milits i form avden assysirke hæren og gjennomfartsrettar for styrkane sine. KongGhazi styrte som gallionsfigur etter kong Faisal døydde i 1933, men vart underminert av forsøk på militærekupp før han døydde i 1939. Ghazi vart etterfølgd av den mindreårige sonenFaisal II.'Abd al-Ilah tente somregent før Faisal vart gammal nok.
Einmilitærokkupasjon følgde gjeninnsetjinga av dethasjimittiske monariket. Okkupasjonen enda 26. oktober 1947, men Storbritannia heldt på militærbasane sine i Irak fram til 1954, då den assyriske militsen vart oppløyst. Statsleiarar under okkupasjon og det attverand hasjimittiske monarkiet varNuri as-Said, den autokratiske statsmininsteren som òg styrte frå 1930 til 1932, og 'Abd al-Ilah, den tidlegare regenten som tente som rådgjevar for kong Faisal II.
I 1979 skjeddeden iranske revolusjonen. Etter månader med raid over grensene til dei to landa, erklærte Hussein krig mot Iran i september 1980, og sette i gangden iransk-irakiske krigen (eller den første Golfkrigen). Irak drog fordel av kaoset som oppstod i Iran etter revolusjonen og erobra somme området sørvest i Iran, men Iran tok attende dei tapte territoria i løpet av to år, og dei neste seks åra var Iran på offensiven.[48] Krigen, som gjekk i stå i 1988, hadde kravd mellom ein halv million og 1,5 millionar menneskeliv.[49] I 1981 bomba israelske flyein irakisk testreaktor for kjernematerie i Osirak og vart kraftig kritisert av Dei sameinte nasjonane.[50][51] Under den åtte år lange krigen med Iran, brukte Saddam Hussein oftekjemiske våpen mot iranarane.[52] I dei siste etappane av den iransk-irakiske krigen leia Ba'athist-regimet i IrakAl-Anfal-felttoget, eitfolkemord[53] mot irakiske kurdarar,[54][55][56] og leia drapet på 50000 til 100000 sivile.[57] Kjemiske våpen vart òg nytta motirakiske sjiamuslimar underopprøra i Irak i 1991.
I august 1990invaderte Irak og annekterte Kuwait. Dette førte tilGolfkrigen leia avUSA. Koalisjonsssstyrkane bomba militære mål[58][59][60] og sette i gang eit 100 timar langt bakkeåtak mot irakiske styrkar i Sør-Irak og dei som okkuperte Kuwait.
Dei væpna styrkane i Irak vart øydelagde i krigen. Kort tid etter krigen slutta i 1991, leia sjiaer ogkurdiske irakararfleire opprør mot regimet til Saddam Hussein, men desse vart slått ned ved hjelp av irakiske tryggingsstyrkar og kjemiske våpen. Det er estimert at så mange som 100000 menneske, inkludert mange sivile, vart drepne.[61] Under opprøra oppretta USA, Storbritannia, Frankrike og Tyrkia, med støtte fråTryggingsrådet, irakiskeflyforbundssoner for å verne dei kurdiske og sjiamuslimske innbyggjarane frå åtak frå Saddam-regimet sine fly (men ikkje helikopter).
Irak fekk ordre om å destruere alle kjemiske og biologiske våpen og SN prøvde å overtyde regjeringa til å nedruste og gå med på våpenkvile med å innføre fleire sanksjonar mot landet, i tillegg til dei første sanksjonane som vart innført etter den irakiske invasjonen av Kuwait. Den irakiske regjeringa verken nedrusta eller gjekk med på våpenkvile og dette førte til sanksjonane som vart verande fram til 2003. Effekten av sanksjonane for den sivile folkesetnaden i Irak er omstridd.[62][63] Det vart mykje trudd at sanksjonane førte til ein kraftig auke i barnedøydelegheit, men nyare forsking har vist at dei mykje siterte rapportane var fabrikkerte av dei irakiske styresmaktene og at det ikkje var noko auke i barnedøydelegheit i Irak etter 1990 og under sanksjonsperioden.[64][65][66] Ein olje-for-mat-plan vart oppretta i 1996 for å minke effekten av sanksjonane.
Etterterroråtaka 11. september 2001 byrja presidentGeorge W. Bush ein plan for å styrte regimet til Saddam Hussein og i oktober 2002 vedtok den amerikanske kongressen planen. I november 2002 vedtok Tryggingsrådet i SN resolusjon 1441 og i mars 2003 invaderte USA og deira allierte Irak.
20. mars 2003 invaderte ein USA-leia koalisjon Irak under påskot om at Irak ikkje hadde avslutta masseøydeleggingsvåpenprogrammet sitt og dermed brote SN-resolusjon 687. Dette påskotet var basert på dokumentasjon fråCIA og dei britiske styresmaktene[67] og viste seg seinare å vere upålitelege.[68][69]
Etter invasjonen innførte USA eit mellombels koalisjonsstyre (CPA) i Irak. I mars 2003 gavL. Paul Bremer, øvste leiar for CPA, ordre om å ekskludere Baath-medlemmar frå den nye irakiske regjeringa og oppløyse den irakiske hæren.[70] Avgjersla oppløyste den store sunni-irakiske hæren[71] og ekskluderte mange av dei tidlegare embetsmennene frå å delta i styret av landet, inkludert 40000 lærarar som hadde blitt medlemmar av Baath-partiet berre for å få halde jobbane sine.[72] Dette var medverkande til ei kaotisk tid i landet etter invasjonen.[73]
Amerikanske marinesoldatar patruljerer gatene iAl Faw, oktober 2003.
Mahdi-hæren—ein sjiamilits oppretta sommaren 2003 avMuqtada al-Sadr[75]—byrja å kjempe mot koalisjonsstyrkane i april 2004.[75] I 2004 kjempa sunni- og sjiamilitante mot kvarandre og mot det nye irakiske interimstyret som vart innsett i i juni 2004, og mot koalisjonsstyrkane. I tillegg vartdet første slaget ved Fallujah utkjempa i april ogdet andre slaget ved Fallujah i november. Sunni-militsen Jama'at al-Tawhid wal-Jihad vartAl-Qaida i Irak i oktober 2004 og målretta koalisjonsstyrkar og sivile, hovudsakleg sjiamuslimar, og ytterlegare forverra dei etniske spaningane.[76]
I januar 2005 vart det første valet sidan invasjonen halde og i oktober vartei ny grunnlov vedteke. Eit nytt parlamentsval vart halde i desember. Men det var ofte åtak frå opprørarar og auka til 34131 i 2005 frå 26496 i 2004.[77]
I 2006 heldt kampane fram og valdsbruken nådde eit topppunkt og fleirekrigslovbrotskandalar vart avslørte.Abu Musab al-Zarqawi, leiaren forAl-Qaida i Irak vart drepen av amerikanske styrkar og den tidlegare irakiske diktatoren,Saddam Hussein, vart dømd til døden for lovbrot mot menneskeheita og hengd.[78][79][80]Seint i 2006 tilrådde dei amerikanske styresmaktene at USA skulle byrje å fokusere på opplæring av irakisk militærpersonell og i anuar 2007 annonserte president George W. Bush ei «bølgje» av nye, amerikanske soldatar til landet.[81]
I mai 2007 bad det irakiske parlamentet USA om å leggje ein plan for tilbaketrekking[82] og dei koalisjonspartnarane til USA, som Storbritannia og Danmark byrja å trekke soldatane sine ut av landet.[83][84] Krigen i Irak har ført til at mellom 151000 og 1,2 millionar irakarar har mista livet.[85][86]
I 2008 heldt kampane fram og dei nye opplærte irakiske styrkane utførte åtak mot militante. Den irakiske regjeringa signerte ein avtale om at USA skulle trekkje styrkane sine ut av irakiske byar innan 30. juni 2009 og trekkje seg heilt uta av Irak innan 31. desember 2011.
Amerikanske troppar gav frå seg tryggingoppgåvene til irakiske styrkar i juni 2009, men heldt fram å arbeide med irakiske styrkar etter dei trekte seg ut.[87] Morgonen den 18. desember 2011 trekte den siste kontingenten av amerikanske soldatar seg attende i ein seremoni på grensa tilKuwait.[4] Kriminalitet og vald auka i månadane etter amerikanarane trekte seg ut av byane i midten av 2009[88][89] men trass i dette, rapportertedet irakiske innanriksdepartementet i november 2009 at talet på sivile dødsoffer i Irak hadde falle til det lågaste nivået sidan invasjonen i 2003.[90]
Etter USA trekte ut soldatane sine i 2011, fortsette opprøra og Irak leid av politisk ustabilitet. I februar 2011 spreidde opprøra iden arabiske våren seg til Irak.[91] men dei første demonstrasjonane velta ikkje regjeringa.Den irakiske nasjonalrørsla, som visstnok representerte størsteparten av dei irakiske sunniane, boikotta parlamentet i fleire veker seint i 2011 og tidleg i 2012, og hevda at den sjia-dominerte regjeringa prøvde å setje sunniane på sidelinja.
I 2012 og 2013 auka valdsnivået og væpna grupper i Irak stadig meir oppildna avden syriske borgarkrigen. Både sunniar og sjiaer kryssa grensa for å kjempe i Syria.[92] I desember 2012 gjorde sunni-arabarar opprør mot styresmaktene og hevda at dei marginaliserte dei.[93][94]
I 2013 auka sunnimilitante grupper åtak mot sjiaene i Irak i eit forsøk på å underminere tiltrua til denNouri al-Maliki-leia regjeringa.[95] I 2014 trok sunni-opprørarar som høyrde til terroritgruppaDen islamske staten (IS) kontroll over store landområde, inkludert fleire store irakiske byar, somTikrit,Fallujah ogMosul og førte hundretusenvis av folk på flukt mellom rapportar av grusame handlingar utført av IS.[96]
Etter eit uavgjort val i april 2014, tente Nouri al-Maliki som førebels statsminister.[97]
Den 11. august avgjorde den irakiske høgsteretten at blokka til Maliki var den største i parlamentet, og han kunne halde fram som statsminister.[97] Men innan 13. august hadde den irakiske presidenten bedeHaider al-Abadi om å danne ei ny regjering, og Dei sameinte nasjonane, USA, EU, Saudi-Arabia, Iran, og somme irakiske politikarar uttrykte ønske om eit nytt leiarskap i Irak, til dømes fråHaider al-Abadi.[98] Den 14. august gjekk Maliki av som statsminister for å støtte al-Abadi og «trygge interessene til landet». Dei amerikanske styresmaktene omtalte dette som «eit stort steg framover» for eit samla Irak.[99][100] Den 9. september 2014 haddeHaider al-Abadi danna ei ny regjering og vart den nye statsministeren. Stadige konfliktar mellom sunniane, sjiaane og kurdarane har ført til aukande debatt om å dele Irak i tre sjølvstyrte regionar, inkludert Kurdistan i nordaust, eitSunnistan i vest og eit Sjiastan i søraust.[101]
Irak ligg mellom29° og38° N, og lengdegradene39° og49° E (eit lite område ligg vest for 39°). Det dekkjer437 072km² og er det 58. største landet i verda.
Irak består hovudsakleg avørken, men nær dei to store elvane (Eufrat ogTigris) er det frodigeelvesletter, og elva fører kring 60000000m³silt kvart år tildeltaet. Dei nordlege områda av landet består stort sett av fjellområde og det høgaste punktet ligg 3611moh., som lokalt vert kallaCheekah Dar (Svart telt). Irak har ei lita, 58km lang kystlinje langsPersiabukta. Nær kysten og langsShatt al-Arab brukte det å vere sumpland, men mange av sumpområda vart drenerte i 1990-åra.
I Irak finn ein nokre av dei høgastetemperaturane i verda, og særleg dei vestlegeørkenområda har eit barsktklima. Den steikande varmen kjem i tillegg til ein nordvestleg vind, kallashamal, som ofte fører til støvete forhold. Fjellområda i nordaust (Kurdistan) har litt lågare temperaturar, og ein kan få snø i desse områda og Nord-Irak om vinteren. Vinteren i sør er derimot mild.
Det meste av landet harørken ellersteppeklima med mindre enn 200mm kvart år.Bagdad har ein årleg nedbørsnormal på 140mm. Berre i dei nordlege områda, og i Kurdistanfjella får ein litt meir nedbør. Frå mai til september er det så godt som heilt tørt, og den våtaste tida på året er desember til mars. Smeltande snø i fjellområda iTyrkia,Iran og Kurdistan kan gje flaum i elveneTigris ogEufrat seint på våren eller tidleg på sommaren.
I 2010 vart Irak rekna som det sjuande mest politisk ustabile landet i verda i følgjeFailed States-indeksen.[103][104] Maktkonsentasjonen i hendene til statsministerenNouri al-Maliki og aukande press frå opposisjonen har ført til auka uro om framtida for politiske rettar i Irak.[105] Likevel er det gjort framsteg og i 2013 var landet på 11. plassen.[106] I august 2014 var regjeringstida til al-Maliki over. Han annonserte 14. august 2014 at han ville tre av og laHaider Al-Abadi, som vart nominert berre dagar tidlegare av den nyleg innsette presidentenFuad Masum, ta over. Fram til då hadde al-Maliki halde fast på makta og til og med bede forbundsdomstolen om å forkaste nominasjonen til presidenten sidan han meinte det var eit brot på grunnlova.[107]
Transparency International rangerer den irakiske staten som den åttande mest korrupte staten i verda. Dei statlege tilsette har auka frå ein million tilsette underSaddam Hussein til kring sju millionar tilsette i 2016. I samband med fallande oljeprisar, er det statlege underskotet på nesten 25% av BNP i 2016.[108]
Etter opprettinga av den irakiske flyforbodssonen etter Golfkrigen i 1990-1991, har kurdarane oppretta sin eigen sjølvstyrte region.
I oktober 2005 vart den nye irakiske grunnlova godkjend i ei folkeavstemming med eit fleirtal på 78%, men støtta til grunnlova varierte kraftig frå område til område.[109] Den nye grunnlova fekk støtte hos sjia- og kurdarsamfunna, men vart avvist av dei arabiske sunniane. Som følgje av grunnlova, utførte landet ei nytt parlamentarisk val den 15. desember 2005. Alle dei tre store folkegruppene i Irak stemnde langs etniske linjer, og det same gjorde dei assyriske og tyrkiske minoritetane.
Lov nr. 188 frå 1959 (Sivil status-lova)[110] gjorde polygami særs vanskeleg, gav mødre foreldreretten ved skilsmisse, gjorde forkasting av ekteskap (muslimske menn kan somme stader oppløyse ekteskap berre ved å uttale orda) og ekteskap til barn under 16 år ulovleg.[111] Paragraf 1 i sivilretten identifiserer islamsk lov som ei formell lovkjelde.[112] Irak hadde ikkje sjariadomstolar, men den sivile domstolen nytta sjaria for personlege saker som ekteskap og skilsmisse. I 1995 innførte Irak sjariastraff for somme lovbrot.[113] Rettsystemet er basert på fransk sivilrett, i tillegg til sunni- og sjiatolkingar av sjaria.[114]
I 2004 saCPA-leiaren L. Paul Bremer at han kom til å legge ned veto mot alle grunnlovsforslag som hadde sjaria som grunnlag for lovverket.[115] Dette hissa opp mange lokale, geistlege sjiaer,[116] og innan 2005 gav USA etter og tillet ei rolle for sjaria i grunnlova for å få grunnlovsforhandlingane som hadde gått i stå i mål.[117]
Den irakiske hæren er ein objektiv antiopprørsstyrke som frå november 2009 omfatta 14 divisjonar, der kvar divisjon bestod av fire brigadar.[119] Styrken er skildra som det viktigaste elementet i kampen mot opprørarar.[120]
Det irakiske flyvåpenet er oppretta for å støtte bakkestyrkane med overvaking, rekognosering og troppeforflytting. I dag tel personellet 30000 menn, men det er planlagt auka til 18000 med 550 fly innan 2018.[120]
Den irakiske marinen er ein liten styrke med 2000-2500 matrosar og offiserar, inkludert 800 marinesoldatar. Marinen er ansvarleg for å trygge oljeplattformar til havs.[121]
17. november 2008 inngjekk USA og Irak einStatus of forces-avtale,[122] som eit ledd i ein breiare strategisk rammeverksavtale.[123] Avtalen sa at «den irakiske staten bed» amerikanske styrkar om å mellombels vere i Irak for å «oppretthalde tryggleik og stabilitet» og at Irak har øvste ansvar for militære entreprenørar og amerikansk personell når dei ikkje er på amerikanske basar eller på vakt.
Den 12. februar 2009 vart Irak offisielt det 186. medlemslandet iKjemiske våpen-konvensjonen. I følgje denne avtalen vert Irak rekna som eit land med eit erklært lager avkjemiske våpen. Sidan dei kom seint inn i avtalen, er Irak det einaste landet som er unntaket tidsgrensa for å destruere dei kjemiske våpna sine.[124]
Forholdet til Iran har betra seg sidan 2005. Den irakiske statsministeren Nouri al-Maliki vitja ofte Iran, i tillegg til at Jalal Talabani ofte var på besøk. Ein konflikt oppstod i desember 2009 då Irak skulda Iran for å ta ein oljebrunn på grensa.[125]
Forholdet til Tyrkia er spent, hovudsakleg på grunn avKurdistan regionale styresmakt, sidan striden mellom Tyrkia ogPKK heldt fram.[126] I oktober 2011 fornya det tyrkiske parlamentet ei lov som gjev tyrkise styrkar høvet til å forfølgje opprørarar over grensa til Irak.[127]
Forholdet mellom Irak og denkurdiske folkesetnaden har vore dårleg i nyare historie, særleg medfolkemordet til Saddam Hussein mot dei i 1980-åra. Etteropprøra tidleg i 1990-åra, flykta mange kurdarar frå heimlandet og ein flyforbodssone vart oppretta nord i Irak for å hindre fleire konfliktar. Trass i historisk dårleg forhold, er det gjort nokre framsteg, og Irak valde den første krudiske presidenten sin,Jalal Talabani, i 2005. I tillegg erkurdisk no offisielt språk i Irak i lag medarabisk i følgje paragraf 4 i grunnlova.[128]
LHBT-rettar i Irak er avgrensa. Sjølv omhomoseksualitet er avkriminalisert, er det framleisstigmatisert i det irakisk samfunnet.[129] Det er ikkje uvanleg å hetse folk på grunn av kjønnsidentiteten sin eller seksuell orientering og vert vanlegvis utført som ei [[æresdrap|familieære]sak]. Folk kledde iemostil vert feilaktig knytt til homoseksualitet og kan lide same lagnad.[130] Ein BBC-artikkel publisert i 009 med intervju av homoseksuelle og transkjønna irakarar, indikerer at LHBT-folk var mindre utsett for vald under regimet til Hussein.[131]
BNP per innbyggjar i Irak frå 1950 til 2008.Global fordeling av irakisk eksportvarer i 2006.
Irakisk økonomi er dominert avoljesektoren, som tradisjonelt har stått for kring 95% inntektene frå utanlandshandelen. Mangelen på utvikling i andre sektorar har ført til ei arbeidsløyse på 18%–30% og ein nedtrykt BNP per innbyggjar på 4000 amerikanske dollar.[132] Offentlege tilsette stod for neste 60% av fulltidstilsette i 2011.[133] Oljeeksportindustrien, som dominerer irakisk økonomi, skapar få arbeidsplassar.[133] I dag er det berre få kvinner i jobb (det høgaste estimatet for 2011 var 22%).[133]
Før den amerikanske okkupasjonen, hindraplanøkonomien til Irak utanlandske eigarar av irakiske føretak, og styrte dei fleste industriane som statseigde selskap. I tillegg innførte dei høg toll på utanlandske varer.[134] Etterinvasjonen av Irak i 2003, sende koalisjonsstyresmakta raskt ut bindande ordrar som privatiserte den irakiske økonomien og opna opp for utanlandske investeringar.
Jordbruk er den vanlegaste næringa i landet.
20. november 2004 vart kreditornasjonane iParisklubben samde om å avskrive 80% (33 milliardar amerikanske dolar) av gjelda til Irak på 42 milliardar amerikanske dollar til medlemmar i klubben. Den totale gjelda til Irak var i 2003 120 milliardar amerikansk dollar.[135]
I februar 2011 inkluderteCitigroup Irak på ei liste over land dei hevda ville oppleve kraftig økonomisk vekst i framtida.[136]
Med ein oljereserve på 143,1 milliardar fat, har Irak den nest største oljereserven i verda etterSaudi-Arabia.[138][139] Oljeproduskjonen nådde eit nivå på 3,4 millionar fat per dag i desember 2012.[140] Irak auka produksjonen til 5 millionar fat olje kvar dag i 2014.[141] Det er berre bora kring 2000oljebrunnar i Irak, samanlikna med kring ein million brunnar i berreTexas.[142] Irak var eit av dei første medlemmane iOPEC.[143][144]
Fram til minst 2010 produserte Irak berre kring halvparten av straumbehovet til landet, trass i betre tryggleik og milliardar i oljeinntekter, noko som førte til protestar i varme sommarmånader.[145]
I følgje ein amerikansk studie frå mai 2007, vart mellom 100000 og 300000 fat olje mellom 2003 og 2007 leia bort gjennom korrupsjon og smugling.[146] I 2008 rapporterte Al Jazeera at irakiske oljeinntekter i amerikansk bevaring verdt 13 milliardar dollar ikkje er skikkeleg gjort reie for, og 2,6 milliardar er sporlaust forsvunne.[147] Somme rapporterer at staten har redusert korrupsjon i offentleg innkjøp av olje, men pålitelege rapportar om muting og pengar under bordet til embetsmenn held likevel fram.[148]
Den 14. mars 2014 saInternational Energy Agency at den irakiske oljeproduksjonen steig med ein halv million fat per dag i februar til i snitt 3,6 millionar fat per dag. Landet hadde ikkje pumpa opp så mykje olje sidan 1979, då Saddam Hussein kom til makta.[153] Den 14. juli 2014 oppstod det ein sekterisk strid. Kurdiske styrkar tok kontroll over Bai Hassan- ogKirkukfeltet i nord. Bagdad fordømde overtakinga og truga med «strenge tiltakt» om felta ikkje vart gjevne attende.[154]
Vassforsyning ogsanitærteknikk i Irak er prega av dårleg vatn og låg kvalitet på tenestene. Tre tiår med krig, kombinert med lite omsyn til miljøet, har øydelagd systemet for vassforsyningsforvalting. Tilgang til drikkevatn varierer kraftig frå guvernement til guvernement og mellom by og landsbygd. 91% av heile folkesetnaden har tilgang til drikkevatn, men på landsbygda har berre 77% av innbyggjarane tilgang til drikkevatn, samanlikna med 98% i byområde.[65]Store vassmengder vert òg sløst bort under produksjon.[65]
Sjølv om det pågår mange prosjekt for å betre infrastrukturen i landet, har Irak stor bustadmangel, og innan 2016 var det venta at det krigsherja landet berre hadde fullført fem prosent av dei 2,5 millionar heimane dei trong.[155]
I april 209 vart det estimert at det totale folketalet i Irak var 31234000.[156] I 1878 var folketalet estimert til kring to millionar.[157] I etterkrigstida har folketalet no auka til over 35 millionar.[158]
Iraq har eit samfunn på 2500tsjetsjenarar.[161] I Sør-Irak er det eit samfunn med irakarar av afrikansk avstamming, som går attende tilslaveriet i dei islamske kalifata førZanj-opprøret på 800-talet ogBasra si rolle som viktig hamneby.[44]
Før invasjonen i 2003 vararabisk det einaste offisielle språket. I den nye irakiske grunnlova frå juni 2004, er både arabisk og kurdisk offisielle språk[162], medannyarameisk ogtyrkisk er respektert som regionale språk.[163] I tillegg kan kvar region eller provins sjølv erklære andre offisielle språk, om dette blir vedteke i ei folkeavstemming.[164]
Irak er eit land med ein muslimsk majoritet.Muslimane utgjer kring 85% av innbyggjarane, medan ikkje-muslimar (hovudsaklegassyriske kristne) utgjer berre 15%.[132] Det er ei blanding avsjiaer ogsunniar. CIA World Factbook estimerer at kring 65% av musliane i Irak er sjiamuslimar, og kring 35% er sunnimuslimar.[132] Estimat frå Pew Research Center frå 2011 at 51% av muslimane i Irak er sjiamuslimar, medan 42% er sunni. 5% identifiserte seg sjølv som «berre ein muslim».[165]
Sunni-folkesetnaden klagar over diskriminering frå staten i nesten alle aspekt ved livet. Statsminister Nouri al-Maliki har derimot nekta for at det finst slik diskriminering.[166]Kristne har budd i området i kring to tusen år, og mange stammar fråførarabiskemesopotamiaar-assyrarar.[167] Dei talde 1,4 millionar i 1987 eller 8% av den estimerte folkesetnaden på 16,3 millionar og 550000 i 1947 eller 12% av folkesetnaden.[168]
Det finst òg små etnoreligiøse minoritetar avmandearar,shabakar,yarsanarar ogjesidiar. Det irakiske, jødiske samfunnet talte kring 150000 i 1941, men nesten alle har forlate landet.[171]
Iraq er heimstad til to av dei heilegaste plassane i verda blant sjiamuslimane:Najaf ogKarbala.[172]
Utbreiinga av innfødde irakarar til andre land er kjend somirakisk diaspora.Høgkommisæren for flyktningar i SN har estimert at nesten to millionar irakarar har flykta landet etter invasjonen av Irak i 2003, hovudsakleg tilSyria ogJordan.[173] I tillegg er det estimert at ytterlegare 1,9 millionar er forflytta internt i landet.[174]
In 2007, the UN said that about 40% of Iraq's middle class is believed to have fled and that most are fleeing systematic persecution and have no desire to return.[175] Flyktningane er ført ut i fattigdom sidan dei ofte er hindra for å ta arbeid i landa dei har kome til.[176][177]I nyare år har diasporaen byrja å vende heim att etter kvart som tryggleiken har auka. Dei irakiske styresmaktene estimerte at 46000 flyktningar kom heim att berre i oktober 2007.[178]
I 2011 var nesten 3 millionar irakarar forflytta, 1,3 million innafor Irak og 1,6 millionar i nabolanda, hovudsakleg Jordan og Syria.[179] Meir enn halvparten av irakiske kristne har flykta landet sidan den USA-leia invasjonen i 2003.[180][181]
For å kome seg unna borgarkrigen har over 160000 syriske flyktningar flykta til Irak sidan 2012.[182] Auka vald underden syriske borgarkrigen førte til at mange av irakarane òg vende attende til heimlandet.[183]
I 2010 utgjorde helsevesenet 6,84% av bruttonasjonalproduktet til landet. I 2008 var det 6,96 legar og 13,92 sykepleiarar per 10000 innbyggjarar.[184] Forventa levealder ved fødselen var 68,49 år i 2010, eller 65,13 år for menn og 72,01 år for kvinner.[185] Dette er ned frå ein venta levealder på 71,31 år i 1996.[186]
Irak utvikla eit sentralisert, gratis helsevesen i 1970-åra med eit sjukehusbasert, kapitalintensiv modell for helsevesenet. Landet var avhengig av omfattande import av medisinar, medisinsk utstyr og sjølv sjukeplarar, betalt for av oljeinntektene i juli 2003. I motsetnad til andre, fattigare land, som fokuserer på helsevesen med primæromsorgsarbeidarar, har Irak utvikla eit meir vestleg system med sofistikerte sjukehus med avanserte medisinske prosedyrar og spesialiserte legar.UNICEF/WHO rapporterte at før 1990 hadde 97% av innbyggjarar i byar og 71% av innbyggjarar på landsbygda tilgang til gratisk helsetilbod, og berre 2% av sjukehussengene vart drivne privat.[187]
CIA World Factbook estimerte at i 200 varlesekunna hos vaksne 84% for menn og 64% for kvinneer, og SN indikerete eit lite fall i lesekunna hos irakarar mellom 15 og 25 år gamle frå 2000 til 2008, frå 84,8% til 82,4%.[188] Det provisoriske koalisjonsstyret gjennomførte ein komplett reform av utdanningssystemet i Irak.Baathist-ideologien vart fjerna frå pensum og lærarløna vart auka kraftig. I 2003 vart det estimert at 80% av dei 15000 skulebygningane i Irak trengde rehabilitering og mangla grunnleggjande sanitære forhold, og dei lfeste skulane mangla bibliotek og laboratorium.[treng kjelde]
Utdanning er berre obligatorisk fram til sjette klasse, og etter dette avgjer nasjonale prøvar om ein for lov å fortsette. Sjølv om det er mogeleg å fortsette eit yrkesfagleg spor for dei som ikkje klarar prøven, er det få studentar som vel dette på grunn av låg kvalitet. Gutar og jenter går stort sett på separate skular frå og med sjuande klasse.
Irak er hovudsakleg kjend for den rikemaqamarva som er overlevert munnleg frå maqam-meistrar i ei ubroten rekkje frå gamal tid til i dag.Maqam al-Iraqi vert rekna som den flottaste og mest perfekte forma av maqam. Al-maqam al-Iraqi er ei samlinga av sungne dikt skrivne anten i ein av dei seksten versemåla i klassisk arabisk eller i irakisk dialekt (Zuhayri).[190] UNESCO har anerkjent denne kunstforma som «ei uhandgripeleg menneskearv».[191]
Tidleg på 1900-talet var mange av dei mest prominente musikarane i Irakjødar.[192]Irak Radio vart grunnlagd i 1936 med eit ensemble som berre bestod av jødar, medan unntak av ein perkusjonist. På nattklubbar i Bagdad betod banda avoud,qanun og to perkusjonistar, medan det same formatet med einney ogcello vart nytta på radio.[192]
Den mest kjende songaren frå 1930- og 1940-åra er kanskje den jødiskeSalima Pasha (seinare Salima Murad).[192][193] Respekten og beundringa for Pasha var uvanleg for si tid, sidan offentlege framføringar av ei kvinne vart rekna som skamfullt, og fordi dei fleste kvinnelege songarane vart rekrutterte frå bordell.[192]
Den mest kjende, tidlege komponisten frå Irak varEzra Aharon, einoud-musikar, medan den mest kjende instrumentalisten varDaoud Al-Kuwaiti.[treng kjelde] Daoud og brorenSaleh danna ei offisiell gruppe for irakisk radio og var ansvarleg for å introdusere cello og ney i det tradisjonelle ensemblet.[192]
Viktige kulturinstitusjonar i hovudstaden erDet irakiske nasjonale symfoniorkesteret. Nasjonalteateret i Irak vart plyndra under invasjonen i 2003, men det er gjort forsøk på å restaurere det. Teaterscenen fekk ein oppsving i 1990-åra då SN-sanksjonane avgrensa import av utanlandsk film. Så mange som 30 kionar vart omgjorte til teaterscenar, og produserte ei rekkje komediar og dramatiske verk.
Institusjonar som tilbyr kulturell utdanning i Bagdad er mellom anna Musikkakademiet, Kunstinstituttet ogMusikk- og ballettskulen i Bagdad. Bagdad har òg mange museum somNasjonalmuseet i Iraq – som husar den største og finaste samlinga av gjenstandar frå siviliasajonen i det gamle Irak. Somme av dei vart stolne under okkupasjonen av Irak i 2003-2011.
Fasaden til tempelet i Hatra, som vart einverdsarvstad i 1985.
Etter full statskontroll var over i 2003, var det ein periode med stor vekst for kringkastingsmedia i Irak. Forbodet mot satellittantenner tok slutt og alt i løpet av 2003 var det 20 radiostasjonar og 17 fjernsynsstasjonar, og i alt 200 irakiske aviser. Mange stader har særs mange aviser i forhold til innbyggjartalet. INajaf, som har kring 300000 innbyggjarar, er det til dømes meir enn 30 aviser.
Det irakiske kjøkenet har ei lang historie som går 10000 år attende - til sumerarane, akkadiarane, babylonarane, assyrarane og dei gamle persarane.[194] Ein har funne tavler i gamle ruinar i Irak som syner matoppskrifter som vart nytta i templa under religiøse høgtider - den første kokeboka i verda.[194]Mesopotamia var heimstad til mange sofistikerte og avanserte sivilisasjonar innan alle fagfelt, inkludert matlaging.[194] Men det var imellomalderen då Bagdad var hovudstaden tilabbasidane at det irakiske kjøkenet nådde eit høgdepunkt.[194] I dag reflekterer det irakiske kjøkenet denne rike arva og har òg ein sterk påverknad frå mattradisjonar i nabolandaTyrkia,Iran ogStor-Syria.[194]
På liknande vis som mange andre land iVest-Asia, er kylling og særleg lam populære varer. Dei fleste rettne vert servert med ris, vanlegvisbasmati, som vert dyrka i våtmarksområda i Sør-Irak.[194]Bulgur-kveite vert nytta i mange rettar og har vore i bruk sidan dei gamle assyrarane.[194]
Trass i at det har vore mobiltelefonar i Midtausten sidan 1995, kunne irakarar først kjøpe mobiltelefonar etter 2003. Telefonane var forbode under styret til Saddam Hussein. I dag har meir enn 78% irakarar sin eigen mobiltelefon.[195]
18. januar 2012 kopla Irak seg til eit undersjøisk kommunikasjonsnettverk for første gongen.[196]
Dette hadde enorm innverknad på fart, tilgjengelegheit og bruk av Internett i Irak.
2. oktober 2013 gav den irakiske kommunikasjonsministeren ordre om å kutte internettprisane med ein tredjedel. Dette var eit forsøk på å auke bruken og betre infrastrukturen for Internett i landet.[197]
↑Halloran, John A. (2000).«Sumerian Lexicon». «The name of the very ancient city of URUK- City of Gilgamesh is made up from the UR-city and UK- thought to mean existence (a-ku, a-Ki & a-ko. The Aramaic and Arabic root of IRQ and URQ denotes rivers or tributaries at the same times referring to condensation (of water).»
↑"often said to be from Arabic`araqa, covering notions such as "perspiring, deeply rooted, well-watered," which may reflect the impression the lush river-land made on desert Arabic.etymonline.com; see also "Rassam, Suha (31. oktober 2005).Christianity in Iraq: Its Origins and Development to the Present Day. Gracewing Publishing. s.9.ISBN978-0-85244-633-1.
↑Boesch, Hans H. (1 October 1939). «El-'Iraq».Economic Geography15 (4): 329.doi:10.2307/141771.
↑Edwards, Owen (March 2010). "The Skeletons of Shanidargrotta". Smithsonian. Henta 7. september 2017.
12Ralph S. Solecki, Rose L. Solecki, and Anagnostis P. Agelarakis (2004). The Proto-Neolithic Cemetery in Shanidar Cave. Texas A&M University Press. s. 3–5.ISBN9781585442720.
↑Carter, Robert A. and Philip, Graham Beyond the Ubaid: Transformation and Integration in the Late Prehistoric Societies of the Middle East (Studies in Ancient Oriental Civilization, Number 63) The Oriental Institute of the University of Chicago (2010)ISBN978-1-885923-66-0 s.2, athttp://oi.uchicago.edu/research/pubs/catalog/saoc/saoc63.html; "Radiometric data suggest that the whole Southern Mesopotamian Ubaid Period, including Ubaid 0 and 5, is of immense duration, spanning nearly three millennia from about 6500 to 3800 B.C".
↑Al-Gailani Werr, L., 1988. Studies in the chronology and regional style of Old Babylonian Cylinder Seals. Bibliotheca Mesopotamica, Volume 23.
↑«Akkad».Ancient History Encyclopedia. Henta 7. september 2017.
↑Deutscher, Guy (2007). Syntactic Change in Akkadian: The Evolution of Sentential Complementation. Oxford University Press US. s. 20–21.ISBN978-0-19-953222-3.
↑Wilson, Jeremy (1998).Lawrence of Arabia: The Authorised Biography of T. E. Lawrence. Stroud: Sutton.ISBN0750918772. «The exploits of T.E. Lawrence as British liaison officer in the Arab Revolt, recounted in his work Seven Pillars of Wisdom, made him one of the most famous Englishmen of his generation. This biography explores his life and career including his correspondence with writers, artists and politicians.»
↑Liam Anderson; Gareth Stansfield (2005).The Future of Iraq: Dictatorship, Democracy, Or Division?. Palgrave Macmillan. s.6.ISBN978-1-4039-7144-9. «Sunni control over the levels of power and the distribution of the spoils of office has had predictable consequences- a simmering resentment on the part of the Shi'a...»
↑S-RES-487(1981) Security Council Resolution 487 (1981)". United Nations. Henta 19 June 2011.,«Archived copy». Arkivert fråoriginalen 21. juni 2011. Henta 8. september 2017.
↑Manasseh, Sara (February 2004).«An Iraqi samai of Salim Al-Nur»(PDF).Newsletter (3) (London: Arts and Humanities Research Board Research Centre for Cross-Cultural Music and Dance Performance). s.7. Arkivert fråoriginalen(PDF) December 2, 2005. Henta 10. september 2017.