Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Inuittar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inuittfamilie fotografert i 1928.
Foto: Edward S. Curtis

Inuittar (inuktitut ᐃᓄᐃᑦ) er ei samlenemning forarktiskeurfolk fråAlaska,Grønland, deikanadiske områdaNordvestterritoria,Nunavut,Quebec og den nordlegeLabradorhalvøyaogDen store Diomedeøya iRussland. Inuittar har tradisjonelt hatt ein svært lik kultur over heile dette området, både når det gjeld levevis, klede ogspråk. Inuittar blir ofte også omtala som «eskimoar», eit omgrep laga av utanforståande som blir mislikt av inuittane sjølv.

Kultur

[endre |endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjåInuittisk kultur.

Språk

[endre |endre wikiteksten]
Utbreiingsområda til ulike inuittiske språk

Inuittar talar tradisjoneltinuittiske språk, der dei største erinuktitut i Canada oggrønlandsk (kalaallisut) på Grønland. Desse to språka ligg nært kvarandre geografiske, og er nærare i slekt med kvarandre enn dei fleste andre inuittspråka.Inuit tyder 'folk' på begge språka. Andre inuittspråk harkognatar (liknande ord med same tyding), sominughuit på nordgrønlansk (inuktun) ogiivit på austgrønlandsk (tunumiit oraasiat).

I dag snakkar dei fleste inuittar ogsåmajoritetsspråket i det landet dei bur i:Dansk på Grønland,engelsk og eventueltfransk i Canada og russisk og eventuelt litt engelsk i Russland.

Levevis

[endre |endre wikiteksten]
To kvinner i tradisjonelle inuittklede.Anorakken til venstre er laga av sel, den til høgre av reinsdyr (karibu,iglulik)
Foto: Ansgar Walk, 1999

Tradisjonelt har inuittar overlevd ved å utnytta dei naturressursane dei har hatt: Dyr, fisk, stein, noko trevirke, snø/is. Bein og skinn har vore brukt til å laga klede, våpen, båtar, sleder, telt, verktøy, kunst og handverk. Snø blei brukt til å lagaigloar, vinterbustader for ein del nordlege inuittar, og elles til å isolera bustader. Stein somkleberstein blei brukt til å laga verktøy og skulpturar.

Inuittar fann oppkajakken (inuktitutqajaq), eit lite, lettflytande og svært manøvrerbart fartøy som ein sitjande enkeltperson kan venda rett veg sjølv om han velter. Kajakkar blei typisk brukte til jakt. Ein større type båt,umiaq ('kvinnebåt') på 6-12 meter, blei brukt til å transportera folk, hundar og varer. Til transport på land brukte einhundeslede trekt av eit hundekobbel avhuskyar. Mange av desse skikkane er framleis i bruk, sjølv om ein også bruker motoriserte fartøy.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Spire
Dennekulturartikkelen som har medsamfunn å gjere, er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Inuittar&oldid=3446900»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp