Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Internet Explorer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Internet Explorer

Type nettstadnettlesar, proprietær programvare
Tilgjengeleg påfleire språk, engelsk, gresk, fransk
Grunnlagd16. august 1995
OpphavslandUSA
Nettstadsupport.microsoft.com/products/internet-explorer

Internet Explorer (IE) var einnettlesar utvikla avMicrosoft Corporation. Han vart seld som ein del avoperativsystemetWindows. IE vart levert som ein integrert del av Windows, noko som førte til rettslege tvistar om konkurransevriding. IE er i dag utdatert, men på grunn av at han er installert på eldre versjonar av Windows har han framleis rundt 2,15 % av marknaden (2023).[1]

Internet Explorer er bygd påSpyglass, Inc. sinMosaic-nettlesar som Microsoft lisensierte i1995 for å konkurrere medNetscape i det som blei kalla «the browser wars». Avtalen var at Spyglass skulle få ein fast sum fire gonger i året i tillegg til ein avtalt prosent av Microsofts inntekter på nettlesaren. Sidan Microsoft gav ut nettlesaren gratis slapp dei med å betale minimumsbeløpet. Ein tvist i rettssalen mellom Spyglass og Microsoft i1997 enda med eit forlik på 8 millionar US-dolllar til Spyglass.[2]

Internet Explorer har nynorsk grensesnitt frå og med versjon 7. Språkpakka kan lastast ned gratis frå Microsoft for dei som har ekte windowslisensar.

Kompabilitet med standardar

[endre |endre wikiteksten]

Internet Explorer fyljer ikkje heiltW3C-standardane,[3][4] noko som har ført til problem både for brukarar og nettstadutviklarar.[5] Dette på trass av at Microsoft er med på å vedta W3C-standardane.[6]

Sikkerheit

[endre |endre wikiteksten]

Internet Explorer har lenge vore plaga med dårleg sikkerheit.[7][8] Ei av dei største svakheitene er bruken avActiveX, som tillet ein vondsinna nettstad å køyra eit program på maskina til den som vitjar nettsataden.[9][10] I september 2013 vart det oppdata ei kritisk sårbarheit i Internet Explorer som gjer at andre kan ta over datamaskina.[11] Dette er svært problematisk, etter som dei då kan spionera på brukaren, lasta ned alle dokumenta som ligg på maskina, nytta ho til å senda ut søppelpost og så vidare. Dei mange tryggleiksproblema har ført til at mage har gått over til andre nettlesarar.[12][13]

Internet Explorer brukarmasse/marknadsandel i prosent 1995-2024.
UtgjevingsdatoHovudversjonUnderversjonar
August 19951Ingen
November 199522.0 og 2.0B1
August 199633.0A1, 3.0B1, 3.0B2, 3.0 og 3.01
Oktober 199744.0B1, 4.0B2, 4.0 og 4.01
Mars 199955.0B1, 5.0B2, 5.0, 5.5B1 og 5.5
Oktober 200166.0B1, 6.0, 6.0SP1 og 6.0SP2
18. oktober 200677.0
Mars 20098Internet Explorer 8 lansert, tidlegare 8.0B1, 8.0B2
14. mars20119Internet Explorer 9 lansert

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Global Desktop Browser Market Share for 2023». Kinsta. Henta 16. april 2023. 
  2. Microsoft and Spyglass kiss and make up, arkivert fråoriginalen 15. oktober 2008, henta 14. august 2005 
  3. Internet Explorer vs. the Standards
  4. Browser Support for CSS, InformIT
  5. Festa, P.,Microsoft admits IE7 will fail standards testArkivert 2009-06-27 vedWayback Machine., Builder.au, 2/8-2005.
  6. HTML Working Group Charter, W3C.
  7. Broersma, M.,Another huge security breach makes Explorer a liability, TechWorld, 30/6-2004.
  8. McCarthy, K.,New Explorer hole could be devastating, InfoWorld, 28/1-2004.
  9. Luening, E.,IE security hole could put surfers at risk, Cnet News, 25/8-1999.
  10. Engelking , E.,ActiveX control hole in Internet Explorer, TechRepublick, 7/7-2000.
  11. Anbefaler alle å bytte nettleser, nrk.no, 18/9-2013.
  12. Chokshi,, N.,Why Is Europe Abandoning Internet Explorer?Arkivert 2013-09-21 vedWayback Machine., Why Is Europe Abandoning Internet Explorer?, 19/1-2010
  13. Browser wars revisitedArkivert 2013-09-21 vedWayback Machine., Royal Pingdom, 21/3-2013.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Internet Explorer
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Internet_Explorer&oldid=3581952»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp