Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Interesseorganisasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eininteresseorganisasjon, eller interessegruppe, er ein organisasjon eller samskipnad som har som hovudmål å fremja dei (økonomiske) interessene til medlemmane sine. Interesseorganisasjonar har ein betydeleg innverknad i vestlegedemokrati og kanaliserer interessene til medlemmane sine, til politikarar og administrativ leiing.

Målet om å ivareta eigeninteresser kan føra til at intern demokratisk debatt innover i organisasjonen, medan formidling av balansert informasjon og engasjement mellom medlemmane ofte vert underordna[1]. Når parti skal utforma politiske forslag er det vanleg at dei inviterer interesseorganisasjonar som er rørt av forslaget til å gje innspel. Før og under handsaming av saker er interesseorganisasjonar inviterte til å gje formelle høyringssvar, eller dei freistar å påverka uformelt (ofte kallalobbyisme).

Eit klassisk døme på interesseorganisasjonar i dei nordiske landa erarbeidsgjevarorganisasjonar.Fagorganisasjonar var i si tidlege historie òg folkerørsler og politiske organisasjonar, men har vorte meir lik interesseorganisasjonar sidan 2006. Mellom dei større interesseorganisasjonane i Noreg kan nemnastfagforbund,næringsorganisasjonar,naturvern- og andre hovudsamansluttingar som fungerer som «paraply» for klubbar og lag av ulikt slag. Mange driv lobbyverksemd retta mot politikarar og andre med makt og budsjett.

Interesseorganisasjonar som vert oppfatta som reine propagandistar for si sak, gjerne på rekning av interessene til samfunnet, vert gjerne rekna som særinteresser eller særinteresseorganisasjon i politisk debatt. Det er nære tilhøve mellom interesseorganisasjonar og politiske parti. Mange leiarar i sentrale interesseorganisasjonar er rekruttert frå den politiske arenaen, samstundes som organisasjonane òg er rekrutteringsarenær for personar til politiske verv[2].

Referansar

[endre |endre wikiteksten]
  1. Statsvitenskapelig leksikon. Universitetsforl. 1997. s. 101.ISBN 8200229246. 
  2. St.meld. nr. 39 (2006-2007)Frivillighet for alle - Politiske partier og interesseorganisasjoner
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Interesseorganisasjon&oldid=2994398»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp