Interdikt (avlatininterdictum, «forbod») er ei religiøs avstraffing innanden katolske kyrkja som går ut på at kyrkja ein viss stad innstiller verksemda si. Ho delar ikkje utsakrament og avsluttar alle offentlegegudstenester.[1]
Interdikt kan omfatta ei enkeltkyrkje, eit distrikt, ein provins eller eit heilt land. Straffa kom først i bruk i tidlegmellomalderen, og namnet «interdikt» kom først i bruk rundt år 1200. I mellomalderen var interdiktet eit viktig våpen, som pavar ofte nutta med hell i høve til vanskelege fyrstar og land. I seinare tid har han gått mykje ut av bruk, og blir tortsettberre brukt i form av lokale forbod for svær små område. Det finst likevel framleis såkallainterdictum personale, utestenging av enkeltpersonar som ei mildare form avekskommunikasjon for lekfolk. For geistlege er interdikt ei mildare form for suspensjon.[1]