«Delilah (berre i Thailand)» Utgjeve: 14. desember 1992
Fargelagtelitografi avGrandville frå samlingaUn Autre Monde (1844) blei brukt på plateomslaget.
Innuendo er det fjortande studioalbumet til det britiske rockebandetQueen. Det kom ut i februar 1991 og var det siste studioalbumet som vart gjeve ut medanFreddie Mercury levde og det siste med berre nye songar. Det nådde toppen av albumlista i Storbritannia (to veker), Nederland (fire veker), Tyskland (seks veker), Sveits (åtte veker) og Italia (tre veker). Det vart gjeve ut i USA dagen etter det kom ut i Storbritannia. Det var det første albumet til Queen som selde til gullplate i USA sidanThe Works i 1984.
Albumet vart spelt inn mellom mars 1989 og november 1990.[2] Våren 1987 hadde Mercury fått diagnosenAIDS, men heldt sjukdomen skjult for media og nekta for dei mange rapportane om at han var alvorleg sjuk. Bandet og produsentane prøvde å få albumet ut i november eller desember, i tid til julesalet, men den dårlege helsa til Mercury gjorde at det ikkje kom ut før i februar 1991. Stilmessig varInnuendo eit slags steg attende til røtene til Queen,[3] med ein hardare rockelåt, komplekse musikalske komposisjonar (tittelsporet), psykedeliske effektar («I'm Going Slightly Mad»), og mektig røyst frå Mercury over fire oktavar.[4] Ni månader etter albumet kom ut, døydde Mercury avlungebetennelse tilknytt AIDS-sjukdommen. Så langt er det seld kring 5,5 millionar eksemplar av albumet verda over.
Albumet vart designa av Queen og Richard Gray. Heftet og singleomslaga er laga avGrandville, eller er inspirerte av illustrasjonane hans.Innuendo vart kåra til det 94. beste albumet gjennom tidene i ei nasjonal undersøking avBBC i 2006.[5]
Queen gav ut det trettande albumet sitt,The Miracle, i mai 1989, men i motsetnad til dei førre albuma, la dei ikkje ut på turné etter albumet. Freddie Mercury gjorde eit intervju medBBC Radio 1, der han sa at han ønskte å bryte bort frå «album – turné – album – turné»-rutinen. I denne tida fekk han diagnosen AIDS (etter å ha fått diagnosen HIV-positiv i 1987), men dette vart ikkje publisert, og var berre kjend for bandet og dei nærmaste.[6] Men det gjekk mange rykte frå 1988 og frametter om helsa til Mercury og at han kanskje hadde sjukdommen. Spekulasjonane skaut fart då gjekk ned i vekt og såg sjuk ut.[7] Mercury heldt munn på grunn av den personlege regelen hans om å ikkje snakke med media, og dei andre medlemmane nekta å svare på rykta. Ein gong sa bandmedlemmenRoger Taylor ein journalist at «han er frisk og arbeider».[7] I 1990 vann Queen einBrit Award forOutstanding Contribution to British Music (eineståande bidrag til britisk musikk).[8] Mercury var med å mottok prisen iDominion Theatre, men det varBrian May som snakka for bandet. Mercury såg stadig meir mager ut og spekulasjonane om helsa hans auka, og heldt fram gjennom 1990.[7] BRIT Awards i 1990 vart siste offentlege framsyninga til Mercury.[9]
Mercury snakka ikkje offentleg om helsa si, og sa at han ikkje ønskte å utnytte sympatien til folk for å selje musikken sin. Han var fast bestemt på å fortsette og arbeide med musikk med Queen så lenge så han klarte og sa at han ville «fortsetje å arbeide til eg faen meg døyr».[7][10] Mercury vart stadig plaga av journalistar i heimen sin i London, som gjorde det vanskeleg for bandet å spele inn musikk. Bandet flytta derfor tilMountain Studios iMontreux, som var tryggare og meir roleg, slik at bandet kunne konsentrere seg.[6] Tidleg under innspelinga avInnuendo, valde bandet igjen å tilskrive alle songane til heile Queen, i staden for til dei individuelle låtskrivarane. May sa at dette var til stor hjelp på innspelingsprosessen, medan Taylor sa det fjerna mykje av dei egoistiske kranglane som normalt får band til å gå frå kvarandre.[11]
Albumet vart gjeve ut i USA på eit nytt selskap, detDisney-eigdeHollywood Records, i eit forsøk på å få større eksponering der.[12] Etter at Mercury døydde fekk Hollywood òg rettane til katalogen til Queen hosElektra ogCapitol.
«Innuendo» byrja som ein jam i Sveits mellom Brian May, Roger Taylor og John Deacon våren 1989. Freddie Mercury var i etasjen over og høyrde dei spele rytmen og gjorde det om til ein song, skapte melodien og byrja å skrive teksten. Frå då av arbeidde alle fire på å skrive songen ferdig, og Taylor tok over teksten (som var skriven som ei hyllest tilLed Zeppelin og songen deira «Kashmir»). Mellomspelet, som var skriven av Mercury, vart seinare lagt til og inneheld eit synth-orkester programmert av produsentenDavid Richards, medanflamenco-mellomspelet vart spelt avYes-gitaristenSteve Howe, som hadde kome på besøk og vart spurt om å spele.[13] «Innuendo» vart gjeve ut på singel 14. januar 1991 som den første frå albumet og gjekk rett inn på toppen av lista i Storbritannia.[14] I USA vart «Headlong» vald som den første singelen, men «Innuendo» kom ut der i mars 1991. I USA nådde singelen 17. plassen på Mainstream Rock Tracks-lsita.
«I'm Going Slightly Mad» vart påbyrja heime hos Mercury i London, etter at han fekk ein ide om å skrive ein song om galskap, inspirert av vitsane tilNoël Coward. Det meste av teksten (som «banana tree» eller «one needle») kom frå både han og venen Peter Straker, som var oppe heile natta i kjøkenet til Mercury. Musikken er skriven av Mercury og var ein av dei første songane bandet arbeidde på i Montreux då Steve Howe kom og vitja dei.
Songen vart gjeven ut på singel 4. mars 1991 og nådde 22. plassen på den britiske singellista. B-sida var «The Hitman» i mange land, og «Lost Opportunity» i andre land. Songen gjekk til topps på lista iHong Kong. I videoen til songen er Mercury kledd i eit kostyme med vilt hår, kvite hanskar, lange sko og ekstremt mykje sminke, filma i svart-kvitt. Queen-fansen mora seg over videoen, men i dokumentarenChampions of the World innrømma Taylor at videoen vart skjemd av at utsjånaden til Mercury måtte tildekkast av kostyme og sminke. Taylor sa at Mercury såg «ganske sjuk ut» på den tida.[15]
«Headlong» kom frå May i studioet iSveits. Han spelte inn songen for soloalbumet han heldt på med på same tid. May høyrte Mercury syngje songen og meinte han fungerte betre som ein Queen-song. Bandet tok så over og alle gjorde modifikasjonar.
«Headlong» vart gjeven ut på singel i januar 1991 i USA og den 13. mai 1991 i Storbritannia. Han nådde 14. plassen på den britiske singellista, og tredjeplassen på Mainstream Rock Tracks-lista i USA.
«I Can't Live with You» vart òg skriven for soloalbumet til May. Han gav songen til bandet, sidan Taylor, Deacon og Mercury likte songen godt. Trommene vart programmert på synth av May, og produsenten la til klaverinstrument. Ein alternativ versjon av songen finst på samlealbumetQueen Rocks frå 1997, kalla «'97 Rocks Retake». Han var sagt å vere meir slik May og Taylor opphavleg ønskte at songen skulle høyrast ut, med ein hardare, gitardriven rock. May har sagt i eit intervju at det meste av den originale demoen er i innspelinga, og gjer songen «umogeleg å mikse».
Songen vart gjeven ut som promosingel for radiostasjonar i USA. Miksen på singelen nyttar eit noko anna vokalspor av Mercury, er meir høglydt med nyprogrammerte synth-trommer. Songen nådde 28. plassen på Mainstream Rock Tracks-lista.
«Don't Try So Hard» kom frå Mercury.[16] «Regnet» i introen er i røynda ein førehandsinnstilt lyd fråKorg M1, som kjem når ein først slår instrumentet på («00: Universe»). Mercury syng det meste av songen ifalsett, men syng opp til D5 i full stemme på refrenget. Mellomspelet til songen er skriven i ein stil som minner om Queen-songar frå tidleg i 1980-åra, som «Play The Game».
«Ride the Wild Wind» vart skriven av Taylor, som spelte inn ein demoversjon med sin eigen vokal. Den endelege versjonen er sungen av Mercury med Taylor på korvokal. Songen er ein slags oppfølgjar til Taylor sinA Night at the Opera-song, «I'm in Love with My Car», som fokuserte på lidenskapen til Taylor for bilar og billøp. Denne gongen involverte songen alle dei andre medlemmane, som gav liv til ein kjapp song med bankande trommer og rytmisk basslinje. Melodien er temmeleg likThe Smiths-songen «Shakespeare's Sister», som skapar ei kjensle av fart og maskinbrøl. I midtpartiet framhevar soloen til May kjensla av høg fart, og gjev songen ein tyngre lyd. I somme delar av songen kan ein høyre ein racerbil. Han vart gjeven ut på singel i Polen og nådde toppen av lista der.
«All God's People» byrja som ein del avBarcelona-prosjektet til Mercury under tittelen «Africa by Night» (og medlåtskrivar er derforMike Moran). Han bad May spele gitar, og det eine førte til det andre, og til slutt var heile bandet med på songen. Pianoet vart spelt inn av Moran. I songen når Mercury tonen F5 med brystklang, den lysaste tonen han klarte å nå, i tillegg til nokre særs låge tonar.
«These Are the Days of Our Lives» var skriven av Taylor. Han er ein av dei enklaste songane i heile katalogen til bandet. Klaverinstrumenta vart programmerte av alle bandmedlemmane i studio, ogcongaperkusjonen vart spelt inn av David Richards. Songen vart gjeven ut på singel i USA på bursdagen til Mercury, den 5. september 1991. I Storbritannia kom singelen ut i desember 1991, etter at Mercury var død, som eidobbel A-side med «Bohemian Rhapsody». Singelen gjekk til topps på den britiske singellista og låg der juleveka 1991.Musikkvideoen til songen var siste gongen Mercury vart filma. Mercury visste dette og i slutten av videoen ser han rett inn i kamera og kviskrar «I still love you».[17][18] Då videoen vart laga var det ikkje lenger mogeleg å skjule at Mercury var alvorleg sjuk. Videoen var filma i fargar, men omgjort til svartkvit for til ein viss grad å skjule den skrøpelege utsjånaden til Mercury. Seinare gav bandet ut ein versjon av videoen i fargar, for å syne kor sjuk Mercury var på den tida.
«Delilah» er ein song Mercury skreiv for favorittdyret sitt, einkatt han kalla Delilah. May spelte inn soloen sin med eintalk box. Taylor likte visstnok ikkje songen og gjekk først med på å ha med songen etter at Mercury insisterte. Songen vart gjeven ut på singel i Thailand, der han nådde toppen av singellista.
Rockelåten «The Hitman» vart òg byrja av Mercury. Den originale versjonen var visstnok på klaverinstrument og i ein annan toneart. May tok riffet til Mercury, endra toneart og spelte inn ein demo av ein tyngre versjon. Deacon omarrangerte så strukturen og fylte inn hola i teksten og spelte han inn. All korvokal vart gjort av May. Demoversjonen er sungen av May, medan Mercury kjem med talte kommentarar (som «Bite the bullet baby!»). I den ferdige songen når Mercury tonen E♭5.
«Bijou» var ein ide Mercury og May hadde om å lage ein song på «vranga» (der gitaren gjorde versa og vokalen mellomspelet). Mercury lagde akkordane, tittelen og teksten, og dei to arbeidde i lag på gitarpartia. Mercury song den første linja og May overførte så melodien til sinRed Special. Songen var ferdig utan innspel frå Taylor eller Deacon. Ideen var ikkje ny og alt nytta av Yes på songen «Soon». May sa seinare atJeff Beck-songen «Where Were You» frå 1989 var inspirasjonskjelda til «Bijou». I 2008 framførteQueen + Paul Rodgers songen på konsertane sine underRock the Cosmos-turneen der May spelte versa live, medan studiovokalen til Mercury vart spelt, medan ein ein skjerm viste bilete frå den kjende Wembley-konserten deira i 1986. Partiet med Mercury vart så tona ut og May starta «Last Horizon».
«The Show Must Go On» vart hovudsakleg skriven av May. Den opphavlege ideen var ein akkordseksvens Taylor og Deacon arbeidde på. Rytmen i refrenget liknar Queen-songen «I Want It All» frå 1989. May valde å bruke denne sekvensen, og både han og Mercury valde teksttemaet og skreiv det første verset i lag. Frå då av skreiv May ferdig teksten, gjorde ferdig vokalmelodien og skreiv mellomspelet, inspirert avPachelbels kanon. Somme toneartar og idear vart òg føreslått av produsenten. Songen omhandlar forsøket til Mercury om å halde fram å spele trass i at han nærma seg slutten av livet.[19]Songen var opphavleg ikkje meint som singel, men kom ut 14. oktober 1991 då bandet gav utGreatest Hits II, berre seks veker før Mercury døydde. Singelen nådde 16. plassen på den britiske singellista. Etter Mercury døydde, gjekk songen inn att på lista. Videoen til songen er ei samling klipp frå alle videoane deira sidan 1992, som ei marknadsføring avGreatest Hits II. Sidan helsa til Mercury no var så dårleg, var det ikkje mogeleg å lage ein ny video med bandet.Ein konsertversjon medElton John på vokal finst påGreatest Hits III. Songen var ein personleg favoritt for Elton John og han song songen påFreddie Mercury Tribute Concert i lag med dei attverande medlemmane av Queen, og medTony Iommi på rytmegitar.[20]
Innuendo fekk middels kritikk.Rolling Stone skreiv at «Innuendo er ein lettvektar du vil gløyme så raskt det er over».[31]People skreiv «Om dette er teikneserie-rock and roll, så er det i det minste god og småfrekk teikneserieaktig.»[32] Fleire år seinare skreiv Allmusic «Innuendo var ein høvande måte å avslutten ein av dei mest suksessrike karrierane i rockehistoria.»[21]
Alle spor skrivne av Queen, utanom der andre er nemnde. På grunn av lengda på originalalbumet vart fleire songar korta ned for å passe inn på ei vinylplate utan at det gjekk ut over lyden eller kompresjonen. Sporlista er òg noko annleis enn på CD-versjonen, der «Don't Try So Hard» er flytta til side 2, mellom «Delilah» og «The Hitman».
Innuendo vart gjeven ut på vinyl igjen 25. september 2015, i lag med alle dei andre studioalbuma til Queen. Dette er første gongen heile albumet kom ut på vinyl, spreidd over to LP-plater. «These Are the Days of Our Lives» og «I Can't Live with You» har byta plass.
Brian May – korvokal,elektrisk-,slide ogklassisk gitar, klaverinstrument på «Headlong», «I Can't Live with You» og «The Show Must Go On», piano på «Headlong», programmering på «Headlong» og «I Can't Live with You»
Roger Taylor – korvokal,trommer, solovokal på «Ride the Wild Wind»,perkusjon, klaverinstrument på «These Are the Days of Our Lives» og «Ride the Wild Wind», programmering på «I'm Going Slightly Mad» og «All God's People»
↑John Deacon, Roger Taylor, Brian May. 1991 Queen Fan Club Message. Hendinga skjer ved 3:51. «May: I've been spending some time going into Hollywood Records, because finally we have a record company here who ... uh ... doing a very good job for us, selling lots of records, and making to make it happen I think again...»
↑Eddy, Chuck (7. mars 1991).«Innuendo – Queen».Rolling Stone. Arkivert fråoriginalen 8. april 2014. Henta 26. juli 2016.
↑Tomashoff, Craig; Shea, Lisa; Kaufman, Joanne; Hiltbrand, David (1. april 1991).«Picks and Pans Review: Innuendo».People35. Arkivert fråoriginalen 21. august 2016. Henta 26. juli 2016.
↑Steffen Hung.«Queen – Innuendo». australian-charts.com.Arkivert frå originalen den 24. oktober 2012. Henta 26. juli 2016.
↑Steffen Hung.«Queen – Innuendo». austriancharts.at.Arkivert frå originalen den 10. november 2013. Henta 26. juli 2016.