Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Pave Innocens XI

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråInnocens XI)
Innocens XI

Innocentius XI
DåpsnamnBenedetto Odescalchi
Fødd19. mai1611
Como
Død12. august1689
Roma
Innsett21. september
Saligkåra:7. oktober1956
Heilagkåra:Ikke heilgakåra
Festdag:Ingen
Føregangar:Klemens X
Etterfylgjar:Alexander VIII

Innocens XI (føddBenedetto Odescalchi16. mai 161112. august 1689) varpave frå 1676 til 1689.

Han reformertekurien, førte finansane tilpavestolen i orden og prøvde å umogeleggjerenepotisme. Han stilte seg avvisande til delar av morallæra ellerprobabilismen tiljesuittane, men forkasta ògkvietismen tilMiguel de Molinos. Han var i stadig strid medLudvig XIV av Frankrike på grunn av absoluttistiske krav på å styre den franske kyrkja, kallagallikanisme. Paven protesterte mot forfølginga avhugenottane i Frankrike etter atediktet i Nantes vart oppheva i 1685. Han arbeidde for fred og einskap i Europa og fekk oppretta ein pakt mellom den polske kongenJan III Sobieski og keisarLeopold I av Det tysk-romerske riket. Denne pakta var avgjerande for å frigjereWien frå tyrkarane si kringsetjing av Wien i 1683.

Innocens XI vert rekna for den mest merkverdige paven på 1600-talet. På grunn av den uklanderlege livsførselen sin, generøsiteten mot dei fattige og ønsket om å fred, vartkanoniseringa av han innleidd, mot franske protestar. Paven vartsaligkåra i 1956.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Pave_Innocens_XI&oldid=3242726»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp