Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Ing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ing ellerIngvaz er namnet på ein urgermanskgud med noko uklår identitet. Ein identifiserer han ofte med grødegudenFrøy, mellom anna fordiSnorre Sturlason seier iHeimskringla atYngvi var eit anna namn for Frøy. Ynglingane iYnglingesoga skulle difor stamma frå Frøy. Norrøne skaldekvad let ofte namnet Yngve vera eitheite forkonge.

Iden eldre fuþarken vartruna med lydenng kalla Ing eller Ingwaz.

Det gamalengelske runekvædet skriv òg om denne runa:

Ing wæs ærest mid East-Denum
gesewen secgum. Oþ he siþþan east
ofer wæg gewat; wæn æfter ran.
þus heardingas þonne hæleđ nemndun.

Omsett:Ing vart først sett mellom aust-danene. Sidan fór han aust over havet. Vogna fór etter han. Soleis nemnde hardingane denne helten.

Tacitus nemner at Ingwaz var ein av tre stammefedrar for dei germanske folka. Dei andre varIrmin ogIstvo. Ing var ættefar tilIngveonane, samleordet for folkeættene langsmedNordsjøen:Anglarane,Danene,Sveane,Jydane. Islandske forskarar, mellom deiBjarni Aðalbjarnarson, har lagt fram at det med tida gjekk føre seg ei samansmelting mellom ætteguden Ing og grødegudenFrøy, slik at dei samla vart tilYngve-Frøy. Opphavet til guden og namnet skriv seg då frå tidleg germansk tid, og ordet Ing er i dag nærast umogleg å tyde.

Historia Norvegiæ (Den eldste Noregshistoria) letYnglingeætta byrja med Ing(ve), som her er far til gudenNjord.

Namn avleidde av Ing

[endre |endre wikiteksten]

Ing er ei forstaving i fleire nordiske namn:

KvinnenamnMannsnamn
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Ing&oldid=3026547»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp