Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Informasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fig. 1 Skilt påuniversitetet iTizi Ouzou iAlgerie, med same informasjon på tre ulikespråk ogalfabet.

Informasjon er eit omgrep som har ulike tydingar i ulike kontekstar. Det heng nært saman med omgrep sommeining,kommunikasjon,kunnskap,data ogrepresentasjon[1] . Same informasjonen kan representerast på fleire ulike måtar, som ifig. 1, der same informasjonen er representert på trespråk (arabisk,tamazightisk ogfransk), med tre ulikealfabet (tifinagh,det arabiske alfabetet ogdet latinske alfabetet). Informasjon kan representerast på ulikeabstraksjonsnivå, med ulik fysisk og logisk representasjon.

Eigenskapane til informasjon

[endre |endre wikiteksten]
Fig. 2 Claude Shannon.

Informasjon kan vera vanskeleg å definera, etter som omgrepet har litt ulik tyding i ulike samanhengar. Litt laust kan ein seia at informasjon inneheld opplysningar om eit eller anna. Det kan til dømes vera opplysningar om eigenskapane til ein fysisk ting, som høgda på eit fjell, kor mangebilar eifergje kan frakta,temperaturen midt på dagen og så vidare. Men det kan òg vera opplysningar om meir abstrakte omgrep, som ei sinnsstemning (glad/trist, blid/sur, melankoli etc.).

Informasjon kan vera noko ein har lagra ihjernen, i eibok, eitplatelager og så vidare. Når informasjon vert overført frå ein stad til ein annan talar ein om ein «informasjonsstraum» (informasjonsmengd per tidseining). Informasjonen treng ikkje å vere sann, viktig eller rett. Denne forståinga av informasjon fekk stor merksemd etter atClaude Shannon,fig. 2, i1948 publiserte ein banebrytande artikkel om fundamentale aspekt ved informasjon[2] Arbeidet til Shannon la grunnlaget for det som sidan har vorte kallainformasjonsteori.

Til dømes er eintekst eit mønster avbokstavar og andreteikn som kan tolkast av ein som meistrar språket. Ulikemønster, som til dømesbarkodar ogQE-kodar, inneheld informasjon ogtrafikkskilt formidlar informasjon omfartsgrenser, farar og påbod. Når einorganisme med eitnervesystem registrerer sanseinntrykk vert informasjonen omsette til elektroniske impulsar ellerkjemiske prosessar. Informasjon treng ikkje å verta tolka medvite.DNA-kodar til dømes inneheld informasjon, som biologiske prosessar nyttar for å laga nye individ, men individet som vert laga er ikkje medvite om denne informasjonen, eller korleis han vert nytta.

Fysisk representasjon av informasjon

[endre |endre wikiteksten]

Fig. 3Neuronar ihjernen.

All informasjon må ha ein fysisk representasjon.Musikk til dømes kan ha ein fysisk representasjon i form avnotar på eitpapirark, som riller i eigrammofonplate, som ørsmå fordjupingar i ein reflekterandemetallfilm på einCD, etc.Lover vert skrivne ned påskinn, på papir, eller som ein sekvens av polarisertemagnetiske domene på eitplatelager.Tankar,minne frå barndomen,kunnskap fråskuletimar, arbeid og daglegliv har ein fysisk representasjon i form av eitnettverk avneuronar som kommuniserer medelektriske ogkjemiskesynapsar,fig. 3. Informasjonen er då representert ved korleis dette netverket er bygd opp. Når vi lærer nye ting vert det forma nye forbindingar, som lagrar den nye informasjonen[3]

Overføring av informasjon frå ein stad til ein annan krevenergi (eigentleg omsetning av energi til ei anna form). Nokre former for minne, som til dømesDRAM oghjernen, krev òg energi for å halda på informasjonen. Om ein koplar frå energitilførselen til ei DRAM-brikke går informasjonen tapt. Det same skjer om ein koplar frå energitilførselen til hjernen, til dømes ved at ein sluttar å eta, eller stenger avoksygentilførselen. Hjernen døyr då og all informasjonen, samla gjennom heile livet, går tapt.

Konsekvensar for religion

[endre |endre wikiteksten]

Fig. 4Buddhastatue iKōtoku-in iKamakura iJapan.

Det er fyrst i det siste hundreåret atvitskapen har kjent til at informasjon treng ein fysisk representasjon. Då dei flestereligionane utvikla seg, for nokre tusen år sidan, var ikkje dette kjent. Dei fleste religionane postulerte difor at livet ville ta til på nytt i ei eller anna form, etter at ein døyr, men det er uklårt kva som var tenkt å skje med informasjonen (vitet og erfaringane) til den som livna opp att. For å fungera måtte informasjonen til alle noverande og tidlegare individ mellomlagrast ein eller annan stad (ein slagssikkerheitskopi).

I fylgjeutviklingslæra tilCharles Darwin, som no er ålment akseptert, harmenneskja utvikla seg gradvis frå primitive vesen til moderne menneskje. Som ein konsekvens av dette ville einhypotese om sikkerheitskopiering av informasjonen i hjernen anten måtte femna om alle tidlegare levande vesen istamtreet til menneskje, eller så ville ein vera nøyd til å innføra sikkerheitskopiering på eit eller anna utviklingtrinn. Etter som informasjonen i hjernen er i stadig endring gjennom livet ville det oppstå problem med kva versjon som skulle mellomlagrast og vekkjast til livet att. Ville til dømes dei som ersenile når dei døyr òg vera senile når dei livna opp att? For religionar som trur påreinkarnasjon ville det oppstå enda eit problem, etter som dei meiner at ein person kan attfødast som eit dyr eller plante, eller omvendt. Etter som einhest har andre tankar og interesser enn eit menneskje ville det meste av informasjonen gå tapt om ein vart attfødd som eit anna vesen.

Tap og oppfrisking av informasjon

[endre |endre wikiteksten]

Fig. 5 Ein kan overføra informasjon frå bøker til hjernen, eller friska oppatt tapt informasjonen (det ein har gløymt) ved å lesa.

Ulike typar minne nyttar ulike former for fysisk representasjon for å lagra informasjonen. Alle minnetypar misser i større eller mindre grad noko av informasjon som er lagra. Minne som lagrar digital informasjon nyttar difor ulike former forfeilkorreksjon for å retta feila som oppstår. Hjernen misser òg informasjon over tid. Informasjon ein nyttar til dagleg, som språket ein talar, vert automatisk oppfriska, men lærdom ein nyttar meir sjeldan er det ofte naudsynt å repetera,fig. 5.

I motsetnad til feilkorreksjonsalgoritmar, nytta for å korrigera feil i digitale minne ogtelekommunikasjon, vert informasjon lagra i hjernen endra når han vert oppfriska. Dette fører til at ein ikkje hugsar alt og at ein ofte hugsar detaljar feil. At ein ikkje hugsar alle detaljane frå heile livet kan i nokon grad vera ein føremon, men i samband med til dømesvitneforklaringar irettssaker kan det skapa problem. Forsøk medmus har synt at det er muleg å planta feilinformasjon i hjernen[4]

Logisk representasjon av informasjon

[endre |endre wikiteksten]

Fig. 6 Ordet «Wikipedia» representert iASCII-kode, som eidatamaskin forstår. Dei sjubita i kvar linje representerer ein bokstav.

I tillegg til ulike fysiske representasjonar kan informasjon ha ulik logisk representasjon. Tekst til dømes kan representerast på ulike språk og med ulike alfabet,fig. 1. Nokre språk, som til dømesserbokroatisk vert skrivne med to ulikealfabet i ulike land;Serbia ogMontenegro nyttar detdet kyrilliske alfabetet, medanBosnia ogKroatia nyttardet latinske alfabetet.

Uavhengig av språk kan dei ulike bokstavane i eit alfabet kodast på forskjellig vis, når eitdokument vert lagra på eitplatelager til dømes. Den engelske versjonen av det latinske alfabetet kan kodast iASCII-kode, som ifig. 6. Dei fleste språk nyttar bokstavar og aksentar som ikkje finst i ASCII-kode og vert ofte representerte medISO 8859-kode, som òg kan koda andre alfabet som det kyrilliske og detgreske.

Ein finn likande døme innan representasjon av lyd på binær form. Uavhengig av om musikken er lagra påWave- ellerOMF-format vert informasjonen koda på ulik måte, avhengig av om fila vert lagra på eit platelager eller på eiDVD-plate. Når informasjon vert overført frå ein stad til ein annan må den logiske kodinga tilpassast overføringsmediet. Når til dømes ein video vert overført vert det nytta ei logisk koding somMPEG på eit høgt nivå, deretter vertdatastraumen koda somOFDM om overføringa skjer viadet digitale bakkenettet (DVB-T), eller somQPSK for overføring viasatellitt.

Ulike fagfelt har ofte sin eigen måte å klassifisera dei ulike logiske nivåa på. Einlingvist til dømes kan nytta omgrep somkode,syntaks,semantikk,pragmatikk, medan einingeniør ofte er meir fortruleg med omgrep somentropi,bitrate,frekvens,korrelasjon, og så vidare.

Informasjon på ulike abstraksjonsnivå

[endre |endre wikiteksten]

Fig. 7 Graf som syner eit utsnitt avlydtrykket som funksjon avtid i to kanalar forJoseph Haydn sin symfoni nr 61 iD-dur.

Informasjon kan vera representert på ulike abstraksjonsnivå. Grafen ifig. 7 til dømes inneheld implisitt informasjon omtempo ogrytme i musikken, om homogeniteten i lydbiletet (og difor òg om dugleiken tilorkesterleiaren), ominstrumenta som vert nytta og korleis dei vert spela, omromakustikken, ommikrofon-type og plassering, og så vidare. Denne informasjonen er på eit lågt abstraksjonsnivå og for å «nytast» må han tolkast. Denne tolkinga, ellerdekodinga vert utført i fleire steg, fyrst avøyro og så avhørselssentret ihjernen til lyttarane. Hjernen gjer bruk av tilleggsinformasjon, lagra iminne, om musikken til Haydn, omorkestret, om lyden til dei ulike instrumenta, om akustikken isalen og så vidare. Denne tolkinga går føre seg utan at lyttarane er medvitne om det. Ut frå dei kompliserte signala ifig. 7 sit ein lyttar att med informasjon på eit mykje høgare abstraksjonsnivå enn informasjonen i grafen. Lyttarane får eit inntrykk av tempo, rytme, stemning og så vidare. Ikkje alle lyttarane sit att med same inntrykket, etter som dei har ulik musikalske evne, erfaring, interesse og så vidare. Då Haydn skreiv ned musikken nytta hannotar, som representerte musikken han ville formidla på eit høgt abstraksjonsnivå, men likevel lågare enn tankane han hadde i hovudet. Under framføringa laut dirigenten og musikarane tolka notane til Haydn og omsetta dei til bogedrag på eifiolin, ein luftstraum frå lungene og inn i eit munnstykke og så vidare. Instrumenta omsette så desse fysiske storleikane til akustiskebølgjer i salen, som mikrofonane i sin tur omsette til signala ifig. 7. Abstraksjonsnivået til informasjonen varierer difor frå svært høgt (stemninga Haydn ville formidla), til noko lågare (notar), til enda lågare (akustiske bølgjer), for så å enda på eit høgt nivå i hjernen til lyttarane (ei stemning).

Skjult informasjon

[endre |endre wikiteksten]

Fig. 8Borekjerne.

Mykje informasjon er på ei slik form at han ikkje er direkte tilgjengeleg og må hentast ut med ulike former for foredling. Dette kan gjerast med ulike former forsignalhandsaming, somstøykansellering[5],deteksjon ogestimering[6],spektralanalyse[7] og så vidare. Til dømes vert spektalanalyse avljoset fråplanetar isolsystemet ogstjerner iverdsrommet nytta for å finna kva forgrunnstoff planetane og sternene er sett saman av. På eit noko høgare abstraksjonsnivå kan ein analysera signala og freista å tolka dei, som til dømes innantaleattkjenning[8],andletsattkjenning og så vidare. Eit anna døme er analyse avborekjernar fråisbrearfig. 8 for å henta ut informasjon omvegetasjon i tidlegare tider (ved å analyserapollen ein finn i borekjernane),miljøgifter, tidlegarekjernefysiskeprøvesprengingar[9], og så vidare.

Informasjon og makt

[endre |endre wikiteksten]

Fig. 9KarikaturteiknarenCarlos Latuff framstilte denegyptiske presidentenHosni Mubarak som eidominobrikke som vert velta avden tunesiske revolusjonen.

Tilgang til informasjon kan i somme høve gjerast om til ulike former for makt. I land styrt avdiktatorar eller autoritæreregjeringar vert informasjonen til folket sensurert eller avgrensa på ulike måtar. Ein vanleg måte å gjera dette på for ei regjering har vore å kontrollera kva som vert sendt påradio ogfjernsyn. Svært autoritære regime sensurerer ògaviser. Men framveksten avInternet har ført til at det vert vanskelegare for autoritære regime å kontrollera informasjonsflyten til massane. ITunisia til dømes klartebloggarar somLina Ben Mhenni ogSlim Amamou å spreia informasjon om demonstrasjonar og overgrep utført av regimet. Ved hjelp avsosiale netverk vart det mogeleg å organisera nye demonstrasjonar mot det sittande regimet og til slutt velta det. Dette førte til eidominoeffekt i heile regionen, noko som fekkkarikaturteiknarenCarlos Latuff til å framstilla denegyptiske presidentenHosni Mubarak som eidominobrikke som vert velta avden tunisiske revolusjonen,fig. 9.

Informasjon kan òg misbrukast for urettmessig å skaffa seg makt. Eit døme på det er den ulovlegetelefonavlyttinga utført av denengelske avisaNews of the World,innsidehandel,korrupsjon (kjøp av tilgang til informasjon) og så vidare. Å skaffa seg informasjon på urettmessig vis kan òg vera farleg for den som gjer det om det vert oppdaga. I News of the World sitt tilfelle førte det til at fleire mista jobben og at avisa vart lagt ned. Den som driv med innsidehandel eller korrupsjon vert i grove tilfelle straffa medfengsel om det vert oppdaga, til dømes ved atØkokrim eller einjournalist får tak i informasjon om det.

Kriminelle og statar som driv med ulovleg verksemd freistar som oftast å hindra fri flyt av informasjon. Medan kriminelle er mest redd for at informasjon skal tilflytapolitiet er statar mest redd for at informasjonen skal koma media i hende. Avsløringane av at regimet tilSaddam Hussein på 1980-talet nyttagass motkurdarane iNord-Irak[10] og atUSA gjorde bruk avtortur iAbu-Ghuraib-fengslet iIrak[11] førte til sterke reaksjonar i folkeopinionen. Det same gjer detsyriske regimet sin bruk av tortur (2012)[12]

Hovudartikkel:Spionasje.

Land som ikkje er venlegsinna innstilt ovanfor kvarandrespionerer på einannan for å skaffa seg informasjon om motparten. Slik informasjon kan koma til nytte ved ein eventuellekrig, eller ved forhandlingar. Ved væpna konflikt freistar partane å tileigna seg informasjon om motparten sinmilitære styrke ogstrategi. Slik informasjon kan òg koma til nytte ved forhandlingar, eller for å vurdera kva tiltak som bør settast i verk for å hindra eit angrep. Eit land som lukkast med å få tak i sensitive opplysningar om eit anna land vil sjå på dette som ein føremon, medan landet som vert spionert på vil sjå det som eit problem.

Når føretak spionerer på kvarandre (industrispionasje) er føremålet som oftast å tileigna seg informasjon om kva tilbod ein konkurrent har tenkt å koma med til dømes i einanbodsrunde, slik at dei kan legga sin eigen pris litt lågare og vinna anbodsrunden[13][14]

Datasikkerheit

[endre |endre wikiteksten]
Houvudartikkel:Datasikkerheit

Datasikkerheit handlar både om å sikra at informasjon ikkje går tapt og å forhindra at uvedkomande får tak i informasjonen. Nokre typar data, sompasientprotokollar, diplomatisk post, og så vidare er underlagtteieplikt og må vernast mot innsyn. Informasjon sompassord ogPIN-kodar må òg vernast mot å koma på avvegar. Føretak vil òg verna informasjon somkundekartotek og forretningshemmeligheiter som kan gje dei ein føremon ovanfor konkurrentane.

Internet har opna for nyekommunikasjonsmåtar ogsosiale media, som har ført til at personleg informasjon vert spreitt rundt påverdsveven, noko som opnar for misbruk.E-post til dømes sender informasjon i klartekst (utankryptering) overSMTP og mange legg att personleg informasjon pådiskusjonsforum ognettsamfunn somFacebook, utan å tenkja over kven som kan få tak i informasjonen og kva dei kan nytta han til. Dette har ført til ei auke iidentitetstjuveri[15]

Informasjonsfilosofi

[endre |endre wikiteksten]

Fig. 11Katta mottek informasjon gjennomaugo og tolkar han ihjernen for å avgjera om det er noko farleg, som krev handling, eller kanskje eitbyttedyr, som òg krev handling, eller noko heilt ufarleg, som ho ikkje treng bry seg med.

Frå einfilosofisk ståstad kan ein diskutera om informasjon treng å verta tolka for å vera informasjon. Ei slik tolking treng ikkje nødvendigvis å vera ei medvita tolking. Tolkinga kan gjerast avelektronikk eller avprogramvare, eller av ein biologisk prosess, Fig. 11. Spørsmålet er meir om informasjon som ikkje vert tolka òg er informasjon? Problemstillinga kan minna noko omSchrödinger sitt paradoks.

Mykje informasjon syner seg å vera unyttig når han er ferdigtolka, og vert då ignorert. Men at informasjon ikkje er relevant er òg informasjon. Det kan til òg med vera nyttig å vita at informasjonen ikkje er nyttig, slik at ein ikkje treng å handsama han vidare og lagra han. Men det kan ta mykje tid å analysera informasjon for å avgjera om han er nyttig eller ikkje.Søppelpostfiltre, som automatisk fjernarsøppelpost, er nyttige verktøy som sparer mottakaren for arbeidet med å sortera nyttigeskjermbrev frå unyttige meldingar med uønsktreklame.

Referansar

[endre |endre wikiteksten]
  1. Buckland, M.,Information as thing, Journal of the American Society of Information Science, 1991, bind 42, ss. 351-360.
  2. Shannon, C.E.,A Mathematical Theory of Communication, Bell System Technical Journal, bing 27, July, okt. 1948, ss. 379-423, 623-656.
  3. Kuffler, S.W. og Nicholls, J.G.,From neuron to brain, Sinauer Accociates. 1976.
  4. Spilde, I.,Planter falske minner i mus, nrk.no, 29/7-2013.
  5. McDonough, R.N. og Whalen, A.D.,Detection of signals in noise, 2. utg., Academic Press, 1995.
  6. Hippenstiel, R.D.,Detection theory, CRC Press, 2002.
  7. Kay, S.M.,Modern spectral estimation: Theory and application, Prentice Hall, 1988.
  8. Gold, B. og Morgan, N.,Speech and audio signal processing, John Wiley & Sons, 2000.
  9. Forskning på isbreer,Norsk Polarinstitutt
  10. Meland, A.,Drepte tusener med nervegass, Dagbladet.no, 26/6-2997.
  11. Trondsen, F.,Vil frigi nye bilder av fanger som mishandles, Aftenposten,no, 25/4-2009.
  12. Stabell, E.,Jeg trodde aldri jeg skulle se familien min igjen, NRK.no, 3/7-2012.
  13. Stangborli, F., Nilsen T. og Solem, O.,Omverdensovervåking og industriell etterretning, MAGMA, mars 2001.
  14. Rossen, E.,Fransk opprør mot Echelon-basert industrispionasjeArkivert 2014-07-24 vedWayback Machine., digi.no, 14/2,2000.
  15. Antall ID-tyverier ukjentArkivert 2012-12-09 vedWayback Machine., ao.no, 27/1-2008.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Informasjon&oldid=3621147»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp