Kart over induskulturen med store funnstader avmerkte.
Induskulturen dekte det meste av noverandePakistan med mindre funnstader iAfghanistan,Turkmenistan ogGujarat i India. Funnstadene ligg særleg langsIndus, men også langs sideelver somHakra i Pakistan ogGhaggar i India. Medan dei fleste byane låg nær elver, er det også funne nokre langs kysten og på øyar.
Kulturen var samtidig medSumer ogAkkad i Mesopotamia ogDet gamle Egypt. Europa var inne ibronsealderen (Noreg tildels isteinalderen). Induskulturen er blitt sett i samanheng med namnetMeluhha, som ein finn omtalt i sumeriske kjelder.
Sjølv om induskulturen hadde eitskriftsystem, er dette ikkje blitt tyda, og me veit ikkje kva språk dei tala, eller kva dei kalla seg sjølv. Dei levde før deisanskrit-talande ariarane, og er blitt sett i samanheng med tidlegedravidiske språk,indoiranske språk,mundaspråk og ein forløpar til det isolerte språketkalto.
«Prestekongen», skulptur frå Mohenjodaro.
Det er likevel mogleg å sjå trekk frå mellom den eldgamle kulturen i dagens Sør-Asia. Teikn, teikningar og figurer viser mønster som ein kan finna att ihinduismen i dag, som einsvastika,trefork,kyr,fallossymbol som kan minna omsjiva-lingaer, kvinner medraudfarge i midtskilen og menneske iyoga-aktige stillingar, mellom anna ein mannsfigur som er blitt spekulativt likna med Sjiva i eilotusstilling.Armringar og det ein kan sjå av klede, som skjørt og eit klede over ei skulder, kan også minna om noverande sørasiatisk kultur.
Den første staden ein undersøktearkeologisk varHarappa og deretterMohenjodaro i 1920-åra.Mehrgarh blei først funne i 1974, men var viktig i å visa utviklinga frå steinalder- til bronsealderbyar.
Det er funne over tusen byar og mindre bustader frå induskulturen. Byane var omkransa av tjukke murar som kan ha verna motflaum eller fiendar. Langs dei større gatene i byane hadde ein dekte renner for kloakkvatn langs sidene. Bustadhusa hadde ofte gardsplassar og eignebaderom med avløp. Det fanst også lagerhus og hamner og minst eittoffentleg bad.
Indusbyane blei større og meir innvikla. Standardiserte mål og vekter, murstein av same storleik og eit eit felles skriftsystem tyder på ein sameina politisk kontroll.
I denne fasen blei byane Harappa, Mohenjodaro ogDholavira bygd. Kjende kunstverk blei til, som «prestekongen» og «dansejenta».