Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Indus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Satellittbilete av Indus og området rundt. (Kjelde: NASA)

Indus er ei av verdas største elvar, den største iPakistan og tradisjonelt ei livslinje for landet. Med ei lengd på rundt 3 200 km er ho den lengste elva pådet indiske subkontinentet, og elva med den tredje største vassføringa. Indus var åstad for den tidlegeindussivilisasjonen, og har gjeve namn til omgrep som «India», «hindu» og «hindi». Ho er kjend for den tidlegeInduskulturen ellerIndusdalkulturen.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
Indus nærSkardu nord i Pakistan.

Elva har utspring nærManasarovar-sjøen iTibet, og renn nordvest fråHimalaya-fjella gjennomJammu ogKashmir. Deretter dreier ho sørover gjennom Pakistan, der ein finn størsteparten av lengda hennar, før ho renn ut i havet ikkje så langt fråKarachi. Ho er ei av få store elver i verda som hartidevassbølgje.

Elva er lovprist iRigveda som livgjevande og uendeleg, men ei rekkedemningar laga i moderne tid har delt opp og endra elva.Oppsamling av salt i deltaet øydelegg den gode matjorda der, medan fisk ogindusdelfin blir stengd inne i eller ute frå elva, noko som senker talet på dei og truger fleire artar.

Ordsoge

[endre |endre wikiteksten]

Elva var kalla Sindhu iRigveda. Dette namnet blei iranisert tilHindu, som igjen blei tilIndos på gresk ogIndus på latin. Namnet tyder ganske enkelt 'hav, elv, bekk'. Elva er omtalt som maskulin, til forskjell frå alle andre rigvediske elver, som er legemleggjorte som gudinner.

Elva er også kjend somSindhu (सिन्धु) påhindi,sindhi,pandjabi ogsanskrit,Sindhurdu,Abasin ('far av elver') påpasjto,Sengge Chu ('løveelv') påtibetansk ogYìndùkinesisk.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
    • Alice Albinia,Empires of the Indus

    Bakgrunnsstoff

    [endre |endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld:Indus
    Autoritetsdata
    Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Indus&oldid=3198098»
    Kategoriar:
    Gøymd kategori:

    [8]ページ先頭

    ©2009-2025 Movatter.jp