Indisk historie omfatter hovudsakleg den historiske utviklinga i den delen avSør-Asia som i dag erIndia.
Panjab blei folkesett av tidlegmennesketHomo erectus underpleistocen, og laga steinverktøy avacheuléentypen. Dei førstemoderne menneska kom truleg til Sør-Asia for rundt 70 000 til 50 000 år sidan.Bhimbetkahòlene i sentraleMadhya Pradesh har vore busette sidan minst 9000-talet f.Kr., og inneheldhòlemåleri frå rundt 7000 f.Kr.
Frå rundt 2600-1900 f. Kr. utviklaindussivilisasjonen med landbruk, byar, handel og eit skriftsystem seg langs elvaneIndus ogSarasvati. Denne kulturen blei avløyst avvedisk tid, dåindoariske innvandrarar til Nord-India la grunnlaget for mykje avhinduismen. Det blei danna ei rekkje rike, sommahajanapadarika, ulike stader på subkontinentet. På 200-talet f.Kr. dekteMauryariket store delar av Sør-Asia, med leiarar somChandragupta Maurya ogAsjoka den store. Asjoka var ein tidleg buddhist, og gjorde sitt til atbuddhismen blei spreidd til store delar av Sør-Asia. Mauryadynastiet blei etterfølgd av fleire andre storrike, somGupta,Chalukya,Chola,Pallava ogPandya. Fleire av rika skapte tilhøve for å utvikla kunst, kultur og vitskap på høgt nivå, og er rekna somgylne tidsaldrar i India.
Sørvestkysten av India hadde teke imot kristendommen frå 4/500-talet og islam på 600-talet, men muslimar nordfrå større omveltingar frå 700-talet.Delhisultanatet blei danna først på 1200-talet ogMogulriket, som dekte store delar av India, på 1500-talet. Dei fleste rika hadde muslimske herskarar, men ofte mange ikkje-muslimske innbyggjarar. BerreVidjayanagara i sør ogRadjputrika i nordvest var framleis hinduisk styrt.
Europearar byrja å etablera seg i India på1600-talet for å drivahandel, og koloniinteressar og ulike lokale rike kjempa med og mot kvarandre om større herredøme. Britane vannBengal frå mogulane i 1757 og erobraMarathariket i 1818, og var ved midten av1800-talet direkte eller indirekte herskarar over størsteparten av India, kjend somBritisk India.Det britiske austindiakompaniet styrte kolonien fram tilopprøret i 1857, då den britiske krona tok over.
På 1890-talet byrja einkampanje for indisk sjølvstyre. Denne rørsla blei svært populær på 1920-talet underMahatma Gandhi si leiing. Særmerket til Gandhi si lære var bruk avikkje-valdelege måter for å stå imot den britiske regjeringa. I1947 lykkast frigjeringskampen endeleg, og India blei sjølvstendig medsosialisme,demokrati ogsekularisme som grunnprinsipp.
Sjølvstendet medførtedelinga av Britisk India i India ogPakistan og utbreidd vald mellom ulike religiøse grupper. Gjennom si moderne historie har India opplevd fleire liknande opptøyar mellom religiøse, språklege ogkastebaserte grupperingar. Landet såg også opprør frånaxalittar og separatistrørsler, og terrorisme frå ulike hald. Konfliktar over territorium førte til krigar mot Pakistan i1947,1965,1971 og1999 og mot Kina i1962. Landet utvikla sitt eigeatomvåpenprogram med ei undergrunnssprenging i 1974 og fire nye testar i 1998.
India har spelt ein viktig rolle iOrganisasjonen av alliansefrie nasjonar. Økonomisk vekst og større deltaking i den globaliserte økonomien har auka India sin påverknad på det internasjonale samfunnet.