Inaccessible Island blei gjenoppdaga i1652 av detnederlandske skipet «t'Nachtglas», 146 år etter at øya fyrst var blitt sett avportugisarar. Då ho skulle teiknast på kartet, blei ho omtalt som utilgjengeleg (engelskinaccessible), ettersom mannskapet hadde problem med å koma seg rundt på øya.
Deityske brørne Stoltenhoff kom til Inaccessible Island i1871 for å busetja seg her. Planen deira var å fangaselar og handla med forbifarande handelsmenn (men gløymde kor ofte – eller ikkje – øya fekk besøk). Dei blei redda frå å svelta i hel i 1873 i samband med ein britisk ekspedisjon som skulle utforska faunaen og floraen på øya. Stoltenhoff-brørne sitt opphald på øya er skildra i bokaShelter from the Spray (1952) av den sørafrikanske forfattaren Eric Rosenthal.
I 1922 varErnest Shackleton sitt skip «Quest» på Inaccessible Island ei kort tid, og ein botanikar ombord oppdaga ein fugl som seinare blei kalla opp etter han,Wilkins Bunting (Nesospiza wilkinsi).
Norske forskarar hadde ein ekspedisjon til øya i1938. I løpet av dei tre vekene opphaldet varte blei plantar, fuglar og stein kartlagde.
Etterandre verdskrigen blei det utarbeidd ein plan for å drivelandbruk på Inaccessible Island, men denne planen blei aldri realisert.
Eit anna forsøk på å få kartlagt øya blei gjort i1962 av britiske forskarar. Som så mange andre før dei kom dei seg ikkje fram til det indre av øya.
I 1976 blei Inaccessible Island erklært som naturreservat. Innbyggjarane påTristan da Cunha fekk stadig lov til å fanga sjøfuglar på øya.
Den meste vellykka ekspedisjonen til øya fann stad i 1982-1983. Studentar og vitskapeleg personell frå Denstone College budde på øya frå 25. oktober 1982 til 9. februar 1983. Dei gjorde ein omfattande kartlegging av øya, og studerte flora, fauna oggeologi her og merka meir enn 3000 fuglar.
I 1997 blei territorialfarvatne til Inaccessible Island ut til 14nautiske mil erklært som naturreservat. For tida er det berre guidar frå Tristan dei Cunha som kan ta imot turistar frå besøkande skip.