Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Impregnering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Impregnering er ein behandlingsprosess for å gjera ulike materiale (til dømestrevirke ogtekstilar) motstandsdyktige mot vatn og fukt. Det finst ulike metodar for å gjera dette.

Ein impregnerertreverk slik at dei ikkje skal trekka vatn, og dermed føra til rote.

Tidlegare brukte einCCA-impregnering på treverk i Noreg, men dette er no forbode. I eldre tid brukte eintjøre til å impregnera mellom annabåtar.Kreosot blir mellom anna brukt tiljernbanesviller ogtelefonstolpar.

Tekstilar

[endre |endre wikiteksten]

Ein kan impregneraklede ogsko, då ved å påførakjemikalium som gjer dei vasstette. Det er også vanleg å impregneratelt ogsegl. I særs gammal tid brukte einbarking med garvesyre frå bork på segl og tauverk.

CCA-impregnering

[endre |endre wikiteksten]

CCA-impregnering er ein type impregnering fortreverk.

Impregneringa er forboden i Noreg, men blei tidlegare brukt i utstrekt grad til trykkimpregnering av treverk. Teknikken omfattar tildels store mengder giftige tungmetall, somkopar (Cu),krom (Cr) ogarsen (As), som har gjeve namnet CCA. Tre som er CCA-impregnert eller impregnert med kreosot blir klassifisert som farleg avfall, og blir levert inn på eigne avfallsmottak.[1]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Erdetfarlig.no (Miljødirektoratet): om impregnert trevirke». Arkivert fråoriginalen 31. mai 2015. Henta 16. januar 2015. 
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Impregnering&oldid=3489709»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp