Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Ilja Repin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ilja Repin

Sjølvportrett, 1878
Verkeleg namnИлья́ Ефи́мович Ре́пин, Iljá Jefimovitsj Répin
StatsborgarskapDet russiske imperiet, statslaus
Fødd24. juli 1844
Tsjuhujiv
Død

29. september 1930 (86 år)
Repino

Yrkekunstmålar,bilethoggar,essayist,grafikar,lærar
Sjangerhistoriemåleri,portrett,sjangermåleri
Medlem avSerbias vitenskaps- og kunstakademi
MorTatjana Repina
EktefelleVera Aleksejevna Repina,Natalia Nordman
BornJurij Repin
Signatur
Ilja Repin på Commons

Iljá Jefimovitsj Répin (5. august 184429. september 1930) var einrussisk kunstmålar og bilethoggar, medlem avPeredvizjnikij-gruppa. Hans realistiske verk uttrykte ofte stor psykologisk djupne og viste fram motsetnadene i den eksisterande samfunnsordninga. Frå slutten av 1920-talet vart det etablert ein Répin-kult iSovjetunionen, og Répin vart i 1930-åra framhalden som ein modell for sosialrealistiske målar i Sovjetunionen.

Yngre år

[endre |endre wikiteksten]

Répin kom til verda i landsbyen Tsugujev, nærKharkov i dagensUkraina. Foreldra var russiske, faren var tidlegare offiser av gammal kosakkætt. Répin byrja si kunst-verksemd med å assistere ein helgenmålar i hans arbeid. Han reiste i 1866 tilSt. Petersburg, for å utdanne seg ved byens kunstakademi. For målerietJairis dotter fekk han i 1872 tildelt eit reisestipend. Samstundes vart han del av Peredvizjnikij-rørsla. Før han la ut på utlandsreisa fullførte han i 1873 biletetPramdragarar vedVolga. Måleriet viser ein flokk i fille-kledde menn, gamle og unge, utslitne og sløve, som ein heit sommardag dreg ein båt opp langs floda.

Pramdragarar ved Volga, 1870-73

I perioden 1873 til 1876 budde Repin, på stipend frå kunstakademiet, iItalia ogFrankrike. IParis vart han påverka av dei franskeimpresjonisme, noko som seinare viser att i hans bruk av lys og farge i måleria. Sjølv vart han likevel ikkje impresjonist. Bileta hans vakte ikkje merksemd i Paris. Dette var medverkande til at han innan stipendtida var over, søkte om å få vende tilbake til Russland.

Midtpunkt

[endre |endre wikiteksten]
Svar frå zaporozji-kosakkane til sultan Muhammed IV, 1880-91

I heimlandet måla han i dei komande åra ei rekke samtidsskildringar som vart lagt merke til.Rekruttens avskjed (1880),Den døyande soldatens heimkomst (1883) ogKyrkjeleg prosesjon (med ein politimann til hest, som ved å slå omkring seg i folkemassen med ein knutpisk, ryddar veg for prestane, også 1883) var mellom desse. På same viset var det medTilbakekomst fråSibir (1884).

Uvanleg merksemd vakte den skrekkinngytande skildringaIvan den skrekkelege myrdar sonen sin (1885). Deretter, i 1888, følgdeDen heilage Nikolaus hindrar ei avretting. Med brei og robust humor skildrar Repin korleiszaporozje-kosakkar avfattar eitt grovt svar på eit skriv frå den ottomanske sultanen,Muhammed IV. Repin stilte seg med desse og andre verk i spissen for den unge kunstretninga som streva med å forme ein realistisk måte å framstille folkelivet og det nasjonalt lynnet på.

Portrett av Leo Tolstoj, 1887

Sjølv om Repin var professor ved kunstakademiet, representerte han opposisjon mot skjønnmåling og formalisme. Han vart hovding for dei unge og kunstlivets midtpunkt. Framleis måla han friske folkelivsbilete, m. a.Kveld iKviterussland (ei kvinne dansar i ei stove, full av bønder og spelemenn), og han utførte teikningar til litterære arbeid avGogol,Tolstoj m. fl. Attåt dette laga han mange karakterfulle og levande portrett av berømte personar;Aleksej Pisemskij,Vsevolod Garsjin,Vladimir Stasov,Liszt,Rubinstein og særleg Tolstoj (mange ulike, mellom dei Tolstoj ved plogen).

Seinare år

[endre |endre wikiteksten]

På 1890-talet braut nye retningar og nye krefter inn i det russiske måleriet, i byrjinga av det nye hundreåret vart desse følgd av atter nye. Interessa for Repins realisme falma mot desse, og sjølv hamna han på sidelinja i offentlegheita. Dei seinare åra budde han mest på sin villa vedKuokkala vedFinskebukta. Mellom hans verk frå dei siste åra merkarDen store hovdingen (Peter den store til hest med troppane som bakgrunn, 1910) ogRiksrådet samla til markering (stort representasjonsbilete, 1911) seg ut.

Riksrådet samla til markering, 1911

Gjennom livet måla Repin oftast kvardags-menneske, gjerne bønder og folk frå små kår, sjølv om han på slutten av si karriere også måla medlemmer av det russiske aristokratiet, der i mellom tsarNikolaj II.

Ymse

[endre |endre wikiteksten]

Repin er representert iAleksander III-museet i St. Petersburg (kosakkmåleriet, Tolstoj m. m.) og framfor alt iTretjakovgalleriet iMoskva. Repin gav ut sine livsminne i 1901.

Répin teikna sitt eige hus, som vart bygt i eit område nord for St. Petersburg. Etteroktoberrevolusjonen i 1917 kom området inn under den nye, sjølvstendige statenFinland.Lenin bad han flytte tilbake til Russland, noko Répin svara nei til. Répin sa han var for gammal til ei slik reise. Han døydde i Kuokkala i Finland i 1930. Etter 1944 tilfall området Sovjetunionen, og småbyen Kuokkala fekk i 1948 namnetRepino, til minne om Répin. Byen ligg no iLeningrad oblast.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Denne artikkelentrengreferansar for verifikasjon. Du kanforbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Ilja_Repin&oldid=3326664»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp