Tamm gifta seg med Natalija Sjujskaja i september 1917; dei fikk to barn, Irina (1921-2009) som vart kjemikar, og Evengij (1926-2008), som vart fysikar og fjellklatrar. Evengij leia den sovjetiske ekspedisjonen til toppen avMount Everest i 1982.[9]
I 1919 var han lærer ved i fysikk iSimferopol påKrim, og seinare ved det polytekniske institutt iOdessa.[2]
1. mai 1923 byrja Tamm å undervise i fysikk ved det statlege pedagogiske universitetet i Moskva. Same år fullførte han det første vitskaplege verket sitt,Electrodynamics of the Anisotropic Medium in the Special Theory of Relativity.[10] På denne tida var han oppslukt av fysikk, han skreiv i eit av breva sine at fysikk var alt han tenkte på, i tillegg roste han Albert Einstein for relativitetsteorien.[2] I 1928 var han eit par månader medPaul Ehrenfest vedUniversitetet i Leiden. Frå 1934 var han òg leiar for den teoretiske avdelinga ved fysikkinstituttet til Vitskapsakademiet vedLebedev-instituttet.
Underandre verdskrigen var han fysikar for staten og utvikla teorien omatomkjernen ogelementærpartiklane, i samband med utviklinga avhydrogenbomba. Mellom 1949 og 1953 budde han i «den hemmelege byen»Sarov som leiar av ei gruppe som skulle utvikle ei hydrogenbombe, men han slutta arbeidet der kort tid etter den fyrste hydrogenbomba var detonert,[2][11] og for attende til Lebedev-instituttet i Moskva.
I 1934 foreslo Tamm ogSemjon Altsjuller atnøytron har ei magnetisk rørsle som ikkje er lik null.[12][13] Ideen vart møtt med skepsis, sidan nøytronet skulle vera ein elementærpartikkel utan ladning, og difor ikkje kunne han noko magnetisk rørsle. Same år la Tamm fram ideen om at proton-nøytron-interaksjonar kunne forklarast med ei utveksling av energi via ein då ukjent, men stor partikkel.[14][15] Denne ideen vart seinare utvikla vidare avHideki Yukawa til teorien om mesonkrefter.[14][15]
↑Joan Comay; Lavinia Cohn-Sherbok (2002).Who's who in Jewish history: after the period of the Old Testament. Routledge. s. 362.ISBN978-0-415-26030-5.
↑Bernard S. Schlessinger (1996).The who's who of Nobel Prize winners, 1901–1995. Oryx Press. s. 201.
↑Ioan Mackenzie James (2009).Driven to innovate: a century of Jewish mathematicians and physicists. Peter Lang Publishers. s. 262.ISBN978-1-906165-22-2.
↑Wentzel Van Huyssteen (2003).Encyclopedia of Science and Religion, Volume 2. MacMillan Reference USA. s. 493.
↑Tamm, Igor Jevgenjevitsj og Alshuler, Semjon,Magnetic moment of a neutron,Reports of the Academy of Science USSR, s. 1, 8, 455 (1934) (russisk)
↑Tamm, Igor Jevgenjevitsj (1934). «Nuclear Magnetic Moments and the Properties of the Neutron».Nature134 (3384): 380.doi:10.1038/134380b0. (engelsk)
↑14,014,1Tamm, Igor Jevgenjevitsj (1934). «Exchange Forces between Neutrons and Protons, and Fermi's Theory».Nature133 (3374): 981.doi:10.1038/133981a0. (engelsk)
↑15,015,1Tamm, Igor Jevgenjevitsj (1934). «Interaction of Neutrons and Protons».Nature134 (3400): 1010.doi:10.1038/1341010c0. (engelsk)
↑V. L. Ginzburg (2005).About Science, Myself and Others. CRC Press. s. 253.ISBN9780750309929.
↑E. L. Feinberg (2011).Physicists: Epoch and Personalities (2 edition). World Scientific. s. 86.ISBN9789812834164.