Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

If I Were Sorry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«If I Were Sorry»
Song avFrans Jeppsson Wall

LandSverige
SpråkEngelsk
Utgjeve28. februar2016
SjangerPop
Lengd03:04
SelskapCardiac Records, Sony Music[1]
KomponistFrans Jeppsson-Wall, Fredrik Andersson, Michael Saxell
Låtskrivar(ar)Fredrik Andersson, Michael Saxell, Oscar Fogelström ogFrans Jeppsson Wall

«If I Were Sorry» (norsk 'om eg var lei for det') er einsvenskpoplåt frå 2016 med den svenske artistenFrans Jeppsson Wall. Han skreiv låten saman med Fredrik Andersson, Michael Saxell og Oscar Fogelström, og songen vann svenskeMelodifestivalen i 2016. «If I Were Sorry» vardet svenske bidraget iEurovision Song Contest same år, på heimebane iStockholm, der han enda på femteplass i finalen. «If I Were Sorry» fekk stor suksess i Sverige der han toppa singellista og seinare vart kåra tilÅrets låt underGrammisgalan 2017.[2][3]

Bakgrunn

[endre |endre wikiteksten]

«If I Were Sorry» var eit av bidraga i Melodifestivalen 2016 og er komponert av Fredrik Andersson, Michael Saxell og Oscar Fogelström saman med artisten Frans Jeppsson Wall. Dei tre fyrstnemnde dreiv eit studio iYstad, og Wall var ofte i studioet deira. Til slutt fann dei fire ut at dei ville skrive ein låt, og bygde han opp bit for bit. Det endelege resultatet vart «If I Were Sorry», og plateselskapet overtydde dei om å sende inn låten til Melodifestivalen.[4]

«If I Were Sorry» vart teken inn til Melodifestivalen, og Frans Jeppsson Wall framførte songen under artistnamnetFrans. Ti år tidlegare hadde Frans vorten landskjend i Sverige då han song hyllestlåten «Who's Da Man» til ære forZlatan Ibrahimović i forkant avFotball-VM 2006.[5]

Melodifestivalen

[endre |endre wikiteksten]
Frans Jeppsson Wall under ein pressekonferanse i samband med Eurovision Song Contest 2016.

«If I Were Sorry» deltok i den fjerde og siste delfinalen iGävle 27. februar 2016, der han vann og kvalifiserte seg til finalen iFriends Arena iStockholm laurdag 12. mars. I forkant av den svenske finalen var songen favoritt til å vinne, men han låg på andreplass etter at juryane hadde røysta – rett nokk berre eitt poeng bakOskar Zia og songen «Human» som leia. Men «If I Were Sorry» vann telefonavrøystinga med 1 815 697 røyster, og songen vann dimed tevlinga.[6][7] Med sigeren vart «If I Were Sorry» det svenske bidraget tilEurovision Song Contest 2016 på heimebane iGloben iStockholm.

Eurovision Song Contest

[endre |endre wikiteksten]

Som vertsnasjon forEurovision Song Contest 2016 var Sverige direktekvalifisert til finalen iGloben laurdag 14. mai 2016. I finalen var Sverige det niande landet ut på scenen av 26 deltakarar. Sverige var dette året også det einaste nordiske landet i finalen, etter at bådeDanmark,Finland,Island ogNoreg vart slegne ut i semifinalene.[8]

I juryavrøystinga enda Sverige på ein niandeplass – blant anna utan poeng frå den norske juryen.[9][10] Men Sverige kom på sjetteplass i telefonavrøystinga og enda totalt på ein femteplass i tevlinga med261 poeng. Dette var den tredje topp fem-plasseringa til Sverige i Eurovision Song Contest på rad.[11]

Utgjeving

[endre |endre wikiteksten]

«If I Were Sorry» vart gjeven ut via digital nedlasting 28. februar 2016 av plateselskapet Cardiac Records og distribuert av Sony Music.[12] Ein remiks-EP vart gjeven ut 22. april same år.[13]

Listeplasseringar

[endre |endre wikiteksten]

«I Were Sorry» fekk stor kommersiell suksess heime i Sverige og toppa bådeSverigetopplistan ogSvensktoppen i fleire veker.[2] UnderGrammisgalan 2017 vart han også kåra til årets låt i Sverige.[3] Etter Eurovision Song Contest gjekk songen inn på ei rekkje europeiske hitlister.

Liste (2016)Høgaste
plassering
 Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[14]2
 Belgia,Flandern (Ultratop 50)[15]34
 Belgia,Vallonia (Ultratip)[16]10
 Finland (Digital nedlastning – Latauslista)[17]7
 Frankrike (SNEP)[18]36
 Island (RÚV)[19]5
 Irland (IRMA)[20]47
 Latvia (Latvijas Top 50)[21]15
 Nederland (Single Top 100)[22]34
 Polen (Polsk radio topp 100)[23]1
 Skottland (Official Charts)[24]35
 Slovakia (Rádio Top 100)[25]12
 Storbritannia (UK Singles Chart)[26]61
 Sveits (Schweizer Hitparade)[27]25
 Sverige (Sverigetopplistan)[28]1
 Tsjekkia (Rádio Top 100)[29]3
 Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[30]12
 Ungarn (Single Top 40)[31]20

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Frans – If I Were Sorry».discogs.com. Henta 20. juni 2018. 
  2. 2,02,1«If I Were Sorry av Frans».NostalgiListan (på svensk). Henta 20. juni 2018. 
  3. 3,03,1Lindqvist, Anton.«Frans succé på Grammisgalan – vann årets låt för If I Were Sorry efter Melodifestivalen och Eurovision 2016».svt.se (på svensk). Henta 20. juni 2018. 
  4. Palmér, Saga.«Frans: Så skrev vi låten som gjorde succé i Melodifestivalen 2016».svt.se (på svensk). Henta 20. juni 2018. 
  5. «Se Frans sjunga Zlatanlåten Who's da Man!».Allas.se. 13. mars 2016. Arkivert fråoriginalen 20. juni 2018. Henta 20. juni 2018. 
  6. Sweden, Sveriges Television AB, Stockholm, (2018).«Melodifestivalen 2016».svt.se (på svensk). Henta 20. juni 2018. 
  7. «Melodifestivalen 2016: Full voting results revealed».EuroVisionary (på engelsk). 16. mars 2016. Henta 20. juni 2018. 
  8. Hyttebakk, Jon Marius (12. mai 2016).«Norge er ute av Eurovision».NRK (på norsk bokmål). Henta 20. juni 2018. 
  9. «Sveriges poeng i Eurovision Song Contest 2016».eurovision.tv. EBU. Arkivert fråoriginalen 20. juni 2018. Henta 20. juni 2018. 
  10. «Norge sviktet Sverige: – Norje, hva har ni gjort?!».TV 2 (på norsk). 15. mai 2016. Henta 20. juni 2018. 
  11. «Sverige i Eurovision Song Contest».eurovision.tv. EBU. Henta 20. juni 2018. 
  12. «Frans – If I Were Sorry».discogs.com. Henta 20. juni 2018. 
  13. «Frans - If I Were Sorry (The Remixes)».Discogs (på engelsk). Henta 20. juni 2018. 
  14. Hung, Steffen.«Frans - If I Were Sorry».austriancharts.at. Henta 20. juni 2018. 
  15. «Frans – If I Were Sorry».ultratop.be. Henta 20. juni 2018. 
  16. «Frans – If I Were Sorry».ultratop.be. Henta 20. juni 2018. 
  17. «Musiikkituottajat - Tilastot - Suomen virallinen lista - Artistit».www.ifpi.fi (på finsk). Henta 20. juni 2018. 
  18. Hung, Steffen.«lescharts.com - Frans - If I Were Sorry».lescharts.com. Henta 20. juni 2018. 
  19. «Undo».RÚV (på engelsk). 11. april 2016. Henta 20. juni 2018. 
  20. «TOP 100 SINGLES, WEEK ENDING 19 May 2016».www.chart-track.co.uk (på engelsk). GFK Chart-Track. Arkivert fråoriginalen 5. oktober 2016. Henta 20. juni 2018. 
  21. «Top 40».Latvijas Radio. Arkivert fråoriginalen juni 2016. Henta 19. juni 2016. 
  22. Hung, Steffen.«Frans - If I Were Sorry».hitparade.ch. Henta 20. juni 2018. 
  23. www.onyx.pl, Onyx Sp. z o.o., tel. +48 572 400 000,.«ZPAV :: Bestsellery i wyróżnienia - AirPlays - Top - Archiwum».bestsellery.zpav.pl. Henta 20. juni 2018. 
  24. «Official Scottish Singles Sales Chart Top 100 | Official Charts Company».www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 20. juni 2018. 
  25. ds.«RADIO TOP 100, FRANS – IF I WERE SORRY».www.ifpicr.cz. SNS IFPI. Henta 20. juni 2018. 
  26. «if i were sorry | full Official Chart History | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 20. juni 2018. 
  27. Hung, Steffen.«Frans - If I Were Sorry - hitparade.ch».hitparade.ch. Henta 20. juni 2018. 
  28. Hung, Steffen.«swedishcharts.com - Frans - If I Were Sorry».swedishcharts.com. Henta 20. juni 2018. 
  29. ds.«Radio Top 100 – Frans – If I Were Sorry».www.ifpicr.cz. ČNS IFPI. Henta 20. juni 2018. 
  30. «Frans – If I were Sorry».www.offiziellecharts.de (på tysk). Offizielle Deutsche Charts. Henta 20. juni 2018. 
  31. lightmedia.hu.«Single (track) Top 40 lista - Hivatalos magyar slágerlisták».zene.slagerlistak.hu. Henta 20. juni 2018. 
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=If_I_Were_Sorry&oldid=3487526»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp