Fotball er ein idrett som blei utvikla i England og har spreidd seg over heile verda.Capoeira er ein atletisk dans som oppstod som ein motstandskultur blant brasilianske slavar.
Idrett elleridrott er fysisk aktivitet berre for aktiviteten si skuld, sjølv om mange driv med idrett for å halda segi form, pleia samvær med andre ellervinna noko. Ei idrettsform kan vera så enkel at eit menneske kan gjera han åleine, utan hjelpemiddel, somsymjing ellerspringing. Andre former kan vera innvikla og krevja fleire folk og mykje ekstrautstyr, somhestepolo ellerishockey.
Det er vanleg å samlast til idrettstemne og store eller små konkurransar. Dei største konkurransane samlar dei beste deltakarane frå heile verda. På grunn av dette får dei òg storesponsormiddel. Dei største konkurransane erverdsmeisterskap ogdei olympiske leikane,OL.