Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Ibn-Sinâ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ibn-Sinâ

Føddأبو علي الحسين بن عبد الله بن الحسن بن علي بن سينا
ca.980
Afshona
Død18. juni1037
Hamadan
Områdemedisin,aromaterapi,filosofi,logikk,Kalam,dikt,teologi,geofag,vitskapsteori,fysikk,psykologi,astronomi,kjemi,geologi,mekanikk
Yrkefilosof,lyrikar,astronom,lege,musikkteoretikar,fysikar,matematikar,kjemikar,etiker,faqih,skribent,polyhistor

Ibn-Sinâ (9801037), ofte latinisert tilAvicenna, var ein framståande persisk filosof og medisinar fråKhorasan. Han hadde stor innverknad på vitskap og tankar i mellomalderen, både i den muslimske og den kristne verda. Ibn-Sina er særleg kjend for oppslagsverketKitab al-shifa ('Lækje-boka') ogl-Qanun fi al-tibb ('Medisin-kanonen'), eitt av dei fremste verka innanmedisinsk historie.

Liv

[endre |endre wikiteksten]
Ibn-Sina framstillt i eit handskrift frå 1271.

Ibn-Sina var fødd som Hussain ibn Abdullah ibn Hassan ibn Ali ibn Sina iAfshana nærBukhara, der mor hans var frå. Faren kom fråBalkh iSamanideriket, no iAfghanistan, og var ein ein lærdismaili. Den unge Ibn-Sina tok til seg kunnskap frå dei mange lærde som møttest i huset deira, og lærte også fleirepersiske dikt og heileKoranen utanboks før han var 10. Ved hjelp av lærarar, bøker frå det kongelege samanidebiblioteket og sjølvstudium studerte og meistra han fag somlogikk,metafysikk,juss ogmedisin i Bukhara, og var blitt ein respektertlege som tjueeinåring.

Deretter gjekk livet hans gjennom store omveltingar. Faren døydde, Samanideriket blei erobra avMahmud av Ghazni, og Ibn-Sina byrja ein vandringsperiode. Han kom til fleire byar og livnærte seg ved evnene sine, men var plaga av pengemangel og sjukdom. Endeleg fekk han ei stilling som hofflege under Shams al-Dawlah iHamadan. Her levde han eit travelt liv med offisielle plikter innan medisin og administrasjon, samstundes som han byrja skriva dei to store verka sine, diskuterte og heldt konsertar for elevar som kunne vara store delar av natta.

Då Shams al-Dawlah døydde i 1022 fekk Ibn-Sina problem ved hoffet, og sat ei tid i fengsel. Etter ei tid flykta han og eit mindre følgje tilIsfahan, der han blei godt motteken av herskaren 'Ala' al-Dawlah og kunne fullføra dei fleste verka sine. Under eit felttog med herskaren blei Ibn-Sina sjølv sjuk, og døydde av utmatting og kolikk.

Verk

[endre |endre wikiteksten]
Arabisk side av Al-Qanun fi al-tibb ('Den medisinske kanonen') frå 1400-talet.
Latinsk utgåve avCanon Medicinae frå 1484.

Kitab al-shifa' tek for seg logikk, naturvitskap og metafysikk, og er truleg det største verket av sin type skrive av ein enkelt. Her tolka Ibn-Sina mellom annaAristoteles ognyplatonikarane. Den seinare Kitab al-najat ('Frelse-boka') er ei oppsummering av Kitab al-shifa'.

Al-Qanun fi al-tibb er den best kjende enkeltboka i austleg og vestleg medisin. Ho er eit systematisk oppslagsverk som bygger på gresk medisin i Romarriket, arabisk medisin og i noko grad hans eigne erfaringar.

Kitab al-isharat wa al-tanbihat ('Retningsliner og kommentar-boka') var det siste større filosofiske verket hans. Dette er den mest personlege av verka hans, og skildrar den andelege reisa tilmystikar, frå tidlegtru til ein full visjon avGud.

Ibn-Sina skreiv også nær 200 kortare verk, og var den første som skildra aristotelisk filosofi på persisk. Han etterlet seg eit ufullendt verk om arabisk, Lisan al-'Arab, skrive etter at han var blitt kritisert for å ikkje kunna språket godt nok og deretter hadde studert det i tre år.

Statue av Ibn Sina iAnkara.

Ettermæle

[endre |endre wikiteksten]

Ibn-Sina la grunnlag for ein muslimsk filosofi prega av mystiskteosofi, og fekk sterk innverknad på persisk og austleg islam.

Ibn-Sina sine verk påverkte også den kristneskolastikken i Europa.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

    Bakgrunnsstoff

    [endre |endre wikiteksten]
    Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Ibn-Sinâ
    Autoritetsdata
    Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Ibn-Sinâ&oldid=3369476»
    Kategoriar:
    Gøymde kategoriar:

    [8]ページ先頭

    ©2009-2025 Movatter.jp