Holm var ei etablert stjerne vedRoyal Shakespeare Company iStratford før han gjorde sitt inntog på fjernsyn og film. I 1965 spelte hanRichard III inBBC-serienThe Wars of The Roses, basert på RSC-produksjonen av skodespela, og gradvis vart han eit kjent namn med mindre roller i filmar somÅ, for en herlig krig (1969),Nicholas and Alexandra (1971),Mary, Queen of Scots (1971) ogYoung Winston (1972). I 1967 vann han einTony Award for beste mannlege skodespelar som Lenny iThe Homecoming avHarold Pinter. In 1977 var Ian Holm med i miniserienJesus fra Nasaret som saddukearen Zerah og spelte ein skurkaktig marokkanar iMarch or Die. Året etter spelte hanJ.M. Barrie i den prisvinnande BBC-serienThe Lost Boys, der sonen hans,Barnaby Holm spelte den ungeGeorge Llewelyn Davies.
In 1981 spelte hanFrodo Lommelun i ein radioversjon avRingdrotten avJ.R.R. Tolkien.[5]
Holms første filmrolle som fekk ringverknader var som den svikefulle androiden Ash i filmenAlien (1979) avRidley Scott. Måten han portretterteSam Mussabini på iIldvognene (1981), gjorde han fortent til ein spesialpris underFilmfestivalen i Cannes og ein Oscar-nominasjon for beste mannlege skodespelar i ei birolle. Heime i England vann hanBAFTA-prisen i same kategori for same film. I 1980-åra hadde han minneverdige roller iTime Bandits (1981),Greystoke: Legenden om Tarzan, apenes konge (1984) ogTerry GilliamsBrazil (1985). Han spelte forfattaren avAlice i Eventyrland,Lewis Carroll, fantasifilmenDreamchild (1985) derDennis Potter hadde skrive manus.
I 1989 vart Holm nominert til ein BAFTA for TV-serienGame, Set and Match. Serien er basert på romanane avLen Deighton og fortel historia om ein offiser (Holm) som oppdagar at hans eiga kone er ein fiendtleg spion. Han heldt fram med å framføraShakespeare, og spelte saman medKenneth Branagh i filmenHenry V (1989) og speltePolonius iMel Gibson-versjonen avHamlet (1990). Holm og Branagh samarbeidde på nytt i[[Mary Shelley's Frankenstein (1994), der han spelteVictor Frankenstein, faren til Branaghs rollefigur.
Holm vart stadig meir kjend i løpet av 1997 då han spelte to prominente roller, som den stressa, men fintfølande presten Vito Cornelius iDet femte element og den forpinte advokaten iDen søte ettertid. I 2001 spelte han iFrom Hell som legenWilliam Withey Gull. Same året portretterte hanBilbo Lommelun i den banebrytande filmenRingenes herre: Ringens brorskap. He gjorde ein ny opptreden i den siste filmen i trilogien;Ringenes herre: Atter en konge (2003). For dette vann han ein delt heiderspris fråScreen Actors Guild tildelt skodespelarane i filmen. Han gjentok rolla som den eldreBilbo Lommelun i filmaneHobbiten: En uventet reise (2012) ogHobbiten: Femhærerslaget (2014).
Holm har to gonger blitt nominert tilEmmy-prisen. Ein gong for ei kringkasting av ei oppsetning avKing Lear i 1999, og ein annan gong for ei birolle iHBO-filmenThe Last of the Blonde Bombshells medJudi Dench i 2001. Holm har lese inn voice-over for mange britiske fjernsynsdokumentarar og reklamar.
Ian Holm har vore med i toDavid Cronenberg-filmar:Naken lunsj (1991) andeXistenZ (1999). Han var favorittskodespelaren tilHarold Pinter, dramatikaren som ein gong utbraut: «Han tek på seg skoen min, og han passar!»[6] Holm spelte Lenny i uroppsetninga av Pinters meisterverkThe Homecoming.
Holm har speltNapoleon Bonaparte tre gonger: fyrst i fjernsynsserienNapoleon and Love (1972); deretter iTerry Gilliams komiskeTime Bandits (1981) og til slutt, i 2001, spelte han den falne leiaren i eksil i filmenThe Emperor's New Clothes.
Ian Holm har vore gift fire gonger.[7] Dei fyrste tre ekteskapa hans enda i skilsmisse. I 1991 gifte han seg med si tredje kone, skodespelarenPenelope Wilton, iWiltshire.[8] Dei spelte saman i fjernsynsserienThe Borrowers (1993) på britisk TV. Dei skilde seg i 2001.[7] I dag er han gift med kunstnaren Sophie de Stempel, som har lært av og sete modell forLucian Freud.
Ian Holm har fem born; tre døtrer, (Jessica, Sarah-Jane and Melissa) og to søner (Barnaby og Henry) med tre kvinner, inkludert dei fyrste to av dei fire konene hans.[7]
Holm vart behandla forprostatakreft i 2001.[7]