Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

ISO 4217

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

ISO 4217 er ein internasjonal standard med ein kode på tre bokstavar som definerer namna på valuta etablert av theInternational Organization for Standardization ellerISO.

Dei to første bokstavane er dei to første bokstavane av landkodar definert i ISO 3166-1 alpha-2 (som svarer til dei nasjonale topp-domena på Internett). Den tredje bokstaven er normalt initialen på valutaen. Slik blir Noreg sin valutakode NOK -NO forNoreg ogK forkroner. Dette fjernar problemet med at namnadollar,franc ogpund blir brukt i ulike land med ulik verdi.

Standarden definerer òg slektskapet mellom hovudvalutaeininga og bivalutaeininga. Ofte er dette i eit forhold på 1/100, men 1/10 og 1/1000 er òg vanleg. Nokre valuta har ikkje denne inndelinga. Til dømesMauritania nyttar ikkjedesimal inndeling, og set 1 ouguiya (UM) = 5 khoums.

ISO 4217 har ikkje berre kodar for valuta, men i tillegg kodar for verdfulle metall (gull,sølv,palladium ogplatina) og andre einingar brukt i internasjonale finanstransaksjonar. Det er òg spesielle kodar brukt til testføremål (XTS) og for å fortelje at dette ikkje er nokon valutatransaksjon (XXX). Desse kodane startar alltid med bokstavenX. ISO 3166 gir aldri landkodar som startar med bokstavenX for å unngå kollisjonar.

Overnasjonale valutaer er normalt representert med kode medX i byrjinga. Euro, derimot, er representert med koden EUR. Sjølv om EU ikkje er ein ISO 3166-1 landkode blei denne nemninga brukt, og EU vart lagt til denne lista for å representere EU. Forgjengaren til Euro, Europeisk Valuta Eining, hadde koden XEU.

Over tid blir nye valutaer oppretta og andre blir fjerna. Som eit resultat av dette må lista over valutakodar oppdaterast med jamne mellomrom. Oppdateringskontoret for ISO 4217,The ISO 4217 maintenance agency (MA), ogthe British Standards Institution har ansvar for å halde denne lista ved like.

Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=ISO_4217&oldid=3097485»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp