IBM si historie byrja fleire tiår før utviklinga av datamaskinen – før den tid produserte einholkortmaskinar. Opphavleg het verksemdaComputing Tabulating Recording Corporation (CTR), som vart oppretta som eit aksjeselskap 15. juni 1911 iBinghamton,New York. Denne verksemda var ein fusjon mellomTabulating Machine Corporation,Computing Scale Corporation ogInternational Time Recording Company. Direktøren for Tabulating Machine Corporation var den gongHerman Hollerith.Thomas J. Watson Sr., som grunnla IBM, vart direktør for CTR i 1914 og administrerande direktør i 1915. 14. februar 1924 endra CTR namn tilInternational Business Machines Corporation (IBM).
Verksemdene som vart fusjonert under CTR-namnet, framstilte eit breitt utval produkt, blant anna tidsstyringssystem, vekter, automatiske kjøttskjerarar og, vektigast av alt for utviklinga av datamaskinen,holkortutstyr. Etter kvart fokuserte CTR utelukkande på holkortutstyr, og innstilte anna aktivitetar.
Etter å ha vore leiande i fleire tiår, snubla IBM inn i1990-talet. Kvalitetsforskjellen overfor produkta hjå konkurrentane vart redusert, og selskapet sine høgare prisar lét seg vanskeleg forsvara. Frå 1991 til 1993 registrerte IBM tap påUSD 16 milliardar. Aksjemarknaden pressa selskapet til å kvitta seg med underverksemder, og børsverdien raste nedover.
Den 1. april 1993 vartLouis V. Gerstner, Jr. administrerande direktør i IBM. Han selde hovudkvarteret iNew York, og gjennomførte ein kritisk studie av heile organisasjonen. IBM var for ukritisk til kva som vart utvikla og seld, og kulturen var for innovervendt. Gerstner endra fokus radikalt ved å setja kundane og deira behov i fokus. Gerstner endra IBM totalt frå å vera ei produktfokusert bedrift, til å verta kunde- og løysningsorientert. Mot slutten av 1990-talet byrja IBM igjen å levera gode resultat.
Gerstner innførte bonusordningar som baserte seg på det heilskaplege resultatet av organisasjonen. Tidlegare hadde ordningane berre tatt utgangspunkt i korleis den einskilde avdelinga gjorde det, heilt uavhengig av totalt resultat. På den måten vart kulturen under Gerstner meir samla om eit heilskapleg IBM. Kulturen i IBM vart no basert på å levera det kunden vil ha.
Sjølv om IBM ikkje fann oppPCen, vart arkitekturen deira, som er blitt kopiert frå det opphavlege 1981-designet, industristandarden innan personlege datamaskinar, PCar.Microsoft ogIntel vartmonopol-leverandørar av høvesvisoperativsystemer ogprosessorar, to av nøkkelkomponentane i desse datamaskinane.
19. januar 1993 offentleggjorde IBM eit underskot på 4,97 milliardar dollar i 1992, noko som den gongen var det største underskotet i noko amerikansk føretak nokon sinne.
Louis V. Gerstner, Jr. var styreformann og administrerande direktør for IBM frå 1. april 1993 til 29. januar 2002, dåSamuel J. Palmisano vart vald som ny administrerande direktør.
↑«Samsung ramps up foundry business as manufacturer of IBM’s 7nm CPU»; kortnamn på forfattar: Su-bin Lee, edited by Danbee Lee; utgjevingstidspunkt: 18. august 2020; sitat: In 2016, Lee met with Ginni Rometty, the current executive chairman of IBM and the CEO at the time,[...].