| Egyptisk hieroglyf ꜥ | Fønikisk jod | Vestgresk iota | Etruskisk I | Latin I |
|---|
 |  |  |  |  |
Ifønikisk skrift kan bokstaven ha opphav i einegyptisk hieroglyf av ein arm som stod for lyden/ʕ/, einstemd faryngal frikativ. Påsemittiske språk heiter bokstavenjod og står for lyden/j/, ein halvvokal (konsonantisk i).[1] Det semittiske ordet for arm byrjar med denne lyden.
Då bokstaven blei del avdet greske alfabetet blei han kallaiota og nytta for vokalen i.[1] På latin blei bokstaven nytta både som i- og j-lyd.[1] I dei siste tiåra fvt. og seinare nytta ein ein lang i-lyd eller ij-lyd ved å gjere streken i bokstaven ekstra lang.[1] Frå 1100-talet vart det vanleg å sette ein tynn strek over bokstaven, og frå 1300-talet sette ein i staden ein prikk over for å skilje han ut.[1]
Den moderne bokstavenj byrja som ein variant av i. Begge blei nytta for både vokalen og konsonanten over lang tid, og blei fyrst klart skilde på 1500-talet.[2]
Irunealfabetet er bokstaven den tredje runa i andre ætt.[1]