Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Hyse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hyse
Hyse
Hyse
Status
Status i verda:VUSårbar
Status i Noreg:LCLivskraftig
Systematikk
Rike:DyrAnimalia
Rekkje:RyggstrengdyrChordata
Underrekkje:VirveldyrVertebrata
Orden:TorskefiskGadiformes
Familie:TorskefamilienGadidae
Underfamilie:Gadinae
Slekt:Melanogrammus
Art:HyseM. aeglefinus
Vitskapleg namn
Melanogrammus aeglefinus

Hyse ellerkolje er ein fisk itorskefamilien. Han er lett kjenneleg på den svarte flekken under den fremste ryggfinnen.

Hysa, som er ein av dei viktigaste matfiskane våre, er ein botnfisk som i hovudsak etrogn, småblekksprutar og ymse botndyr. Hyser, særleg yngre, er byttedyr for mellom annatorsk,grønlandssel ogvågekval.

Det er fleire bestandar av hyse i norske farvatn. Den nordaustarktisk hysa er den største. Ho kan bli kring ein meter lang, med ei vekt på kring 14 kg. Ein reknar at all hyse langs norskekysten nord forStad, iBarentshavet og på vestsida avSvalbard tilhøyrer denne bestanden

Hysa gyt på djupt vatn. Hovudgyteområdet er på vestsiden avTromsøflaket. Gytinga foregår om våren. Ho vert kjønnsmoda når ho er 4–7 år gammal og omlag 40–60 cm lang.

I 2022 var det lov å fiske 178 532 tonn av nordaustarktisk hyse.[1]

I hysebestanden vi finn iNordsjøen,Skagerrak og vest avSkottland er fiskane mindre, berre opp til 60 cm og 4 kg. Dei gyt sentralt i Nordsjøen i mars – mai.Dei siste 50 åra har denne hysebestanden trekt nordover i Nordsjøen.Hyse vert hovudsakeleg fanga medbotntrål, og i mindre grad og medsnurrevad.

Av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland kunne det i 2022 fiskast 52 691 tonn.[2]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Fotnotar
  1. «Nordøstarktisk hyse». HAVFORSKNINGSINSTITUTTET. 24. februar 2022. Henta 20. april 2023. 
  2. «Hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland». HAVFORSKNINGSINSTITUTTET. 30. august 2022. Henta 20. april 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Hyse


Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Hyse&oldid=3479202»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp