Hyrkania (gresk Ὑρκανία, Hyrkania,gammelpersisk 𐎺𐎼𐎣𐎠𐎴,Varkâna, middelpersisk 𐭢𐭥𐭫𐭢𐭠𐭭,Gurgān,akkadiskUrqananu) er ein historisk region av land søraust forKaspihavet (som derfor ein gong blei kallaDet hyrkanske havet) i dagensIran, avgrensa i sør avElburzfjella og i aust av fjellkjedaKopet Dag.[1][2][2][3] Dei iranske provinsane som dekker delar av dette området erMazandaran,Gilan ogGolestan.
Landet blei skildra som skogdekt og rikt på ville dyr, og berre fruktbart ved kysten. I dei tidlegaste tidene var det folkesett av tapurane, amardane, gelarane og kadusiarane. Tapl,Zodrakarta og Hyrkania blei omtalt som byar. Kring 800 f.Kr. blei Hyrkania erobra avassyrarane.
Sherwin-White, Susan M.; Kuhrt, Amélie (1993): From Samarkhand to Sardis: A New Approach to the Seleucid Empire, University of California Press
Woodhouse, S. C. (1910): English-Greek Dictionary: A Vocabulary of the Attic LanguageArkivert 24. februar 2021 påWayback Machine. 24. februar 2021 hos ., University of Chicago Library