Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Lågt blodtrykk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråHypotensjon)
Lågt blodtrykk

Ein kan konstatera lågt blodtrykk gjennomblodtrykksmåling.
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:458 eller 796.3
ICD-10-kode:I95
DiseasesDB6539
MedlinePlus007278
MeSHD007022

Lågt blodtrykk ellerhypotensjon er ein tilstand med unormalt lågtblodtrykk ipulsårene isystemkretsløpet.[1] Blodtrykk er definert som den kraftablodet ytar mot dei indre veggane i pulsårene nårhjarta pumpar blod. Hypotensjon er generelt rekna somsystolisk blodtrykk på mindre enn 90mmHg ellerdiastolisk blodtrykk på mindre enn 60 mmHg.[2][3] I praksis plar ein å rekne blodtrykket som lågt fyrst når symptom er tilstades.[4]

Hypotensjon står i motsetnad tilhypertensjon, som er ein tilstand med høgt blodtrykk. Det er einfysiologisk tilstand, og vert ikkje rekna som ein sjukdom. Det er ofte tilknyttsjokk, men er ikkje naudsynleg ein indikasjon for dette.

For nokre menneske som trenar og er elles i toppform, så er lågt blodtrykk eit teikn på god helse.[5] For andre kan lågt blodtrykk føre tilørske og uviting, og stundom alvorleg liding i detkardiovaskulære-,endokrine- ellernevrologiske systemet. Veldig lågt blodtrykk kan utmattehjernen og andre vitale organ for oksygen, og føre til livstrugandesjokk.

Symptom og sjukdomsteikn

[endre |endre wikiteksten]

Kardinalsymptoma for hypotensjon omfattar omtåke ogørske. Viss blodtrykket er lågt nok kanuviting oganfall førekoma.

Symptoma ved hypotensjon skuldast ofte dei føreliggjande årsakene til hypotensjon, heller enn sjølve effektane av tilstanden:

Diagnose

[endre |endre wikiteksten]

For dei fleste vaksne er det helsemessig bra å ha eit blodtrykk kring 120/80 mmHg.

Eit blodtrykksfall på så lite som 20 mmHg kan føre til forbigåande hypotensjon.[6]

Evaluering avnevrokardiogen synkope vert utført med einvippetest.

Handsaming

[endre |endre wikiteksten]

Handsaminga av lågt blodtrykk er avhengig av årsaka. Kronisk hypotensjon er sjeldan meir enn eit symptom. Asymptomatisk hypotensjon i friske menneske krev oftast ikkje medisinsk handsaming. Tilsetting avelektrolyttar i dietten kan lindre symptoma ved mild hypotensjon. Ein morgondose medkoffein kan òg vere effektivt. I milde tilfelle der personen fortsatt er responsiv, kan det vere nyttig å legge personen på ryggen og heve beina, slik at den venøse returen gjev meir blod til kritiske organ i brystkassen og hovudet.Trendelenburgs leie har vore mykje brukt gjennom historia, men er ikkje lenger tilrådd.[7]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. TheFreeDictionary: hypotension. Citing: The American Heritage Science Dictionary Copyright 2005
  2. «Diseases and Conditions Index – Hypotension». National Heart Lung and Blood Institute. September 2008. Henta 16. september 2009. 
  3. Mayo Clinic staff (23. mai 2009).«Low blood pressure (hypotension) — Definition».MayoClinic.com. Mayo Foundation for Medical Education and Research. Henta 19. oktober 2009. 
  4. Mayo Clinic staff (23. mai 2009).«Low blood pressure (hypotension) — Causes».MayoClinic.com. Mayo Foundation for Medical Education and Research. Henta 19. oktober 2010. 
  5. «Low blood pressure (hypotension)».BUPA.co.uk. 
  6. Chobanian AV, Bakris GL, Black HR, Cushman WC, Green LA, Izzo JL, Jones DW, Materson BJ, Oparil S, Wright JT, Roccella EJ; Bakris; Black; Cushman; Green; Izzo Jr; Jones; Materson; Oparil; Wright Jr; Roccella; Joint National Committee On Prevention; National High Blood Pressure Education Program Coordinating Committee (Desember 2003).«Seventh report of the Joint National Committee on Prevention, Detection, Evaluation, and Treatment of High Blood Pressure».Hypertension42 (6): 1206–52. Henta 3. november 2009.  CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  7. Kettaneh, Nicolas (30. oktober 2008).«BestBets: Use of the Trendelenburg Position to Improve Hemodynamics During Hypovolemic Shock».Grand Rapids Medical Education & Research/Michigan State University. 
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Lågt_blodtrykk&oldid=3248783»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp