Hypatia av Alexandria (ca.370–415) var ein populærhellenistiskkvinnelegfilosof,matematikar og lærar som levde iAlexandria iEgypt, og som bidrog mykje til det intellektuelle fellesskapet i byen. Fleire verk blir tilskrivne henne av seinare kjelder, desse omfattar kommentarar tilArithmetica av Diophantus,Conics av Apollonius og verka til Ptolemeus, men ingen av desse kommentarane har overlevd. Brev skrivne til henne av eleven hennar Synesius gir ein idé om hennar intellektuelle miljø. Ho var av denplatonske skulen. Det er hevda at Hypatia var med og fann oppastroloben oghydrometeret.
Hypatia var dotter av Theon, som også var læraren hennar og tilknytt Museet i Alexandria, som låg attmed eller omfattaBiblioteket i Alexandria. Hypatia underviste ikkje i museet, men tok mot elevar i sin eigen heim. Ho vart leiar for platonistskulen i Alexandria cirka år400. Ho underviste i matematikk og filosofi.
I391 hadde den dåverandekristne patriarken i Alexandria, Theofilus, øydelagt nokre heidenske tempel i byen, og desse øydeleggingane kan ha vedrørt Biblioteket. Same året haddekeisar Theodosius I kome med eit forbod mot ymse sider ved heidendomen, og kristne over heileRomarriket starta ein stor kampanje for å øydeleggje eller kristne heidenske heilagdomar.
Hypatia var ikkje kristen, altså heidning, og ho vart til slutt pint i hel av ein kristen mobb. I kor stor grad den kristne patriarken Cyril stod attom drapet er det usemje om.
Hypatia kan ha vore den første «heksa» som vart drepen under dei kristnehekseforfølgingane. Måten ho vart pint i hel på, med at kjøtet vart skrapa av beina på kroppen hennar, synest å høve med straffa for hekseri slått fast av den kristne keisaren Konstantin II.
Patriarken Cyril vart elles kanonisert (heilaggjord) etter han døydde. Biblioteket i Alexandria vart brent heilt ned og fullstendig øydelagt.