Hydrogenbindingar i vatn.Blå prikkar er hydrogen (H), raude er oksygen (O). Raude strekar er kovalente bindingar mellom H og O i same molekyl, svarte er hydrogenbindingar mellom H og O i nabomolekyl.
Hydrogenbinding er eikjemisk binding som eit svakt elektropositivthydrogenatom i eitmolekyl dannar medelektronegativeatom somoksygen,nitrogen ogfluor i eit anna molekyl. Eit hydrogenatom er svakt elektropositivt når det erkovalent bunde til eit elektronegativt atom. Hydrogenbindinga skjer ved at svakt elektropositive og elektronegative delar av ulike molekyl vert trekte mot kvarandre. Slike bindingar kan òg verka mellom ulike delar avstore molekyl. Det er hydrogenbindingar som heldbasepara iDNA saman.
Hydrogenbindingar førekjem særleg ivatn (H2O). Bindingane er relativt svake, men sidan det er så mange av dei i vatn gjev dei vatnet spesielle fysiske eigenskapar som eit svært høgtkokepunkt, sidan det trengst mykjeenergi for å bryta desse bindingane mellom molekyla. Den tilsvarandekjemiske sambindinga tilgrunnstoffetsvovel, som ligg under oksygen iperiodesystemet –hydrogensulfid (H2S) – har ikkje hydrogenbindingar og er eingass ved romtemperatur sjølv om han har dobbelt så høgmolekylvekt som vatn. Hydrogenbindingar gjev òg vatn høgvarmekapasitet, det vil seia at det trengst mykje energi for å varme opp vatn.
Hydrogenbindingar gjev samtidig vatnet spesielle eigenskapar når det frys. Som dei fleste andre material blir tettleiken til vatnet større ved lågaretemperatur. Men når vatn blir kjølt ned til nærfrysepunktet, fører hydrogenbindingane til at det blir danna ein struktur som faktisk har lågare tettleik fordi vassmolekyla flyttar på seg for å minske energien sin. Dermed vil vatn utvida seg når det frys ogis vil flyta i vatn, medan dei fleste andre material krympar og søkk når dei går over til fast form.