Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Hundedagane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hundedagane har namn etter den klare hundestjernaSirius, den klaraste stjerna på himmelen, som ein finn i stjernebildetDen store hunden.

Hundedagane, også kallarøtmånad, er tida mellom23. juli og23. august. Hundedagane stammar frå oldtida iEgypt, men har funnest i europeisk folketru frå romersk tid. Opphavet til namnet skal vera at hundestjerna (Sirius) var synleg på himmelkvelvinga i denne perioden. Etter som dette er den varmaste perioden av året har hundedagane vore forbundne med atmat lett vert skjemt. Det er òg knytt mykje overtru til hundedagane.

Idet gamle Egypt fann ein ut at hundestjerna tok til å stiga på himmelen samtidig somregntida tok til ogNilen byrja å stiga og den varmaste tida pååret tok til. Ein meinte stjerna stod bak naturendringa, og kalla tida ho bar bod om for hundedagane.

Folketru

[endre |endre wikiteksten]

Det var vanleg åspå omvêr i hundedagane, der den første hundedagen avgjorde, anten med at vêret ville vera like fint eller stygt i heile perioden, eller i andre område, at det ville bli motsett frå slik det var den første dagen. Nokre stader i Noreg heitte det atregn den siste hundedagen,Zakæus, ville vara i fire veker.

Folketrua sa også at mat oftare blei dårleg i denne tida og iSverige vert hudedagane kallarötmånaden. Mellom anna skulle ein unngå å etafisk (med r i namnet), og det kunne vera vanskeleg å vispa fløyte tilkrem.

Vestlandet meinte ein atlik avdrukna flaut til overflata i hundedagane.Hundar skulle også lettare bli ville på denne tida.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Hundedagane&oldid=3416499»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp