Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Humboldt-Universität zu Berlin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Humboldt-Universität zu Berlin


MottoUniversitas litterarum
Grunnlagt16. august 1809
RektorHermann Dersch, Walther Neye, Werner Hartke, Heinrich Fink, Marlis Dürkop-Leptihn, Hans Meyer, Jürgen Mlynek, Christoph Markschies, Jan-Hendrik Olbertz, Sabine Kunst, Peter Frensch
StadBerlin
Studentar36 232(2022)
Tilsette7 088(2022)
MedlemskapDeutsches Forschungsnetz, ORCID
Nettstadhttps://www.hu-berlin.de/(tysk, engelsk)
Kart
Humboldt-Universität zu Berlin
52°31′05″N13°23′36″E /52.518055555556°N 13.393333333333°E /52.518055555556; 13.393333333333

Humboldt-universitetet iBerlin er det eldste universitetet i Berlin. Det vart grunnlagt 16. august 1809 etter opptak frå den liberale prøyssiske utdanningsreformatoren og språkvitarenWilhelm von Humboldt, og byrja verksemda i 1810.

Mange av dei største tenkjarane iTyskland har undervist på universitetet, mellom annafilosofaneJohann Gottlieb Fichte ogFriedrich Schelling,teologenFriedrich Schleiermacher, filosofenGeorg W. F. Hegel, rettsteoretikarenFriedrich Carl von Savigny, filosofenArthur Schopenhauer ogfysikaraneAlbert Einstein ogMax Planck. Universitetet vart òg vitja av grunnleggjarane av denmarxistiske teorienKarl Marx ogFriedrich Engels. (Den ellevteFeuerbachtesen til Karl Marx pryder i dag den verna inngangshallen: «Filosofane har til i dag berre tolka verda ulikt, men det det kjem an på er å forandre ho.») Andre kjende personar som har studert der er diktarenHeinrich Heine, den seinarerikskanslarenOtto von Bismarck og den tyskfødde franske politikarenRobert Schumann, som varutanriksminister iFrankrike og president forEuropaparlamentet. Totalt 29 nobelprisvinnarar har studert ved universitetet.

Hovudbygningen ligg i sentrum av Berlin, i paradegataUnter den Linden. Dei fleste institutta ligg i nærleiken av hovudbygningen, men bygningane fornaturvitskap ligg ved Adlershof, sør i Berlin.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Humboldt-Universität zu Berlin
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Humboldt-Universität_zu_Berlin&oldid=3513623»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp