Hui | |
---|---|
Geografi | |
![]() | |
Stad | Ytre Oslofjord |
Koordinatar | 59°07′16″N10°21′32″E / 59.12111°N 10.35889°E /59.12111; 10.35889 |
Areal | 1,4 km² |
Høgaste punkt | 34moh. |
Administrasjon | |
Land | ![]() |
Fylke | Vestfold |
Hui,[1]Hudøy ellerHudø er eiøy iTønsbergfjorden iFærder kommune. Hudøy er på rundt 1,4 km² og har ein flott natur med alt frå svaberg, knausar og knattar til urørtskog.
Hui er ei av øyane i Tjøme sin skjergard som tidlegare hadde fast busetnad, men øya har ikkje vore busett sidan1985. Rundt hundreårsskiftet budde det omkring 150 menneske der. Dei fleste levde av ein kombinasjon avjordbruk,fiske ogskipsfart.
Øya er eigd avOslo kommune, og er mest kjend for sineferiekoloniar eller sommarleirar for vanskelegstilteborn frå byen. Feriekolonidrifta byrja på Hui i1916. Feriekoloniane vart tidlegare drive direkte av Oslo kommune, men frå1991 har kommunen samarbeida medKirkens bymisjon gjennomStiftinga Hudøy. Hudøy har i dag 59 bygg fordelt på 11 leirstader.
ForfattaraneAlf Larsen (1885-1967) ogAasmund Brynildsen (1917-1974) kom begge frå Hudøy. Brynildsen utgav i 1974 memoarbokaHudø. Bilder fra en barndom medillustrasjonar avgrafikarenHans Gerhard Sørensen (1923-1999).