Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Huangfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om fjellkjeda. For byen, sjåHuangshan.
Huangfjella
Huangshan,黄山
fjell
Land Kina
FylkeAnhui
Del avAnhui
Høgd1 864[1] m
Areal16 060 km²
Verdsarvstad
År1990 (#14)
Nummer547bis
RegionAsia-Stillehavet
Kriterium(ii), (vii), (x), (ii), (vii), (x)
Kart
Huangfjella
30°07′30″N118°10′00″E / 30.125°N 118.166667°E /30.125; 118.166667
Wikimedia Commons: Huangshan

Huangfjella (forenkla kinesisk黄山 Huangshan,[2], 'Dei gule fjella') er eifjellkjede sør iAnhuiprovinsen aust iKina.

Området er vidkjend for landskapet sitt med soloppgangar og solnedgangar,granitt-toppar med underlege former,Huangshan-furu, varme kjelder, vintersnø og ustyn ovanfrå over skydekke. Huangfjella er eit utbreidd motiv i tradisjonellkinesisk kunst oglitteratur, så vel som i moderne fotografi. Det er einverdsarvstad og eit viktig kinesisk turistmål.

Skildring

[endre |endre wikiteksten]

Huangfjella har ei rekkje toppar, nokre av dei over 1 000 moh.[3] Dei tre høgaste og best kjende fjelltoppane er 'Lotustoppen' (Lianhua Feng, 1,864 m), 'Den lysande toppen' (Guangming Ding, 1,840 m) og 'Himmeltoppen' (Tiandu Feng, 1,829 m).[2][4] Verdsarvområdet dekkjer eit kjerneområde på 154 km² og ei buffersone på 142 km².[5] Fjellkjeda blei danna imesozoikum, for rundt 100 millionar år sidan, då eit tidlegare hav forsvann gjennom jordstiging.[6] Seinare, ikvartærtida, blei landskapet forma avisbrear.[6]

Den kjende 'velkomstfurua' (迎客松)

Plantelivet i området varierer med høgda over havet. Fuktige skogområde dekkjer landskapet under 1000 meter. Mellom 1100 moh. tiltregrensa på 1800 moh. finn ein lauvfellande lauvskog. Over tregrensa finn einalpine sletter. Vegetasjonen har eit stort biologisk mangfald, med ein tredjedel avmosefamiliane og halvparten avbregnefamiliane ein kjenner i Kina funne her.Huangshanfuru (Pinus hwangshanensis) har namn etter Huangfjella, og er rekna som eit symbol på livskraft ettersom furutrea kan veksa like ut av berget.[6] Mange av furutrea i området er over hundre år gamle og er blitt gjevne eigne namn (somYing Ke-furua, eller 'Velkomstfurua', som ein trur er over 1500 år gammal).[4] Furuene har mange ulike former og storleikar, og dei mest forvridde trea blir rekna som dei mest attraktive.[7]

Det fuktige klimaet i Huangfjella er også gunstig fortedyrking,[8] og fjella er blitt kalla eit av dei beste fjellområda for produksjon avgrøn te.[9]Mao feng cha ('Pelstoppte') er ein velkjend lokal variant av grøn te,[10] og har namn etter dei dunete tippane av teblada til plantane som veks i Huangfjella.[11]

Skyhav sett frå toppen av Huangfjella

Frå fjelltoppane kan ein ofte sjå eit skydekke under seg, kjend som 'Skyhavet' (forenkla kinesisk云海, pinyinyúnhǎi)[8] eller 'Huangshanhavet'[7] ettersom skyene kan minna om eit hav. Mange av utsyna er kjende under namn som 'Nordsjøen' eller 'Sørsjøen'[7] Ein forfattar skreiv om utsynet over skyene frå Huangfjella at:

«For å nyta storleiken til eit fjell må ein som regel sjå oppover. For å nyta Huangshan, må ein sjå nedover.[7]»

Området er også kjend for lyseffektar. Å sjå ein soloppgang her er ein viktig del av ein tur til området.[12] Eit fenomen kjend som 'buddhalys' (forenkla kinesisk佛光, pinyinfóguāng)[13] er også velkjend. Det førekjem eit par gonger kvar månad.[14] Huangfjella har også fleire varme kjelder, dei fleste ved foten av 'Lillaskytoppen'. Vatnet i dei er rundt 42 °C året rundt,[15] Dei varme kjeldene har ein høg konsentrasjon avkarbonat. Det blir sagt at dei kan hjelpa mot hud-, ledd- og nerveplager.[6]

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Bratt fjellskrent i Huangfjella

Huangfjella blei til for rundt 100 millionar år sidan, og fekk sine særeigne steinformasjonar i kvartæristida.[6]

UnderQin-dynastiet var fjella kjende somYishan (Yi-fjella). I år 747 blei namnet endra til Huangshan (Huang- eller 'Dei gule fjella') gjennom eit keisaredikt.[16] Ein reknar som regle med at namnet blei gjeve til ære forHuang Di ellerDen gule keisaren, ein sogeomspunnen kinesisk herskar og den mytologiske stamfaren tilhanfolka.[17] Ei soge fortel at det var frå Huangfjella at Den gule keisaren drog opp til himmelen.[4] Den første bruke av namnet «Huangshan» blir ofte tillagd diktarenLi Bai.[17] Medan Huangfjella hadde vore relativt vanskeleg tilgjengelege og lite kjende tidlegare, verker det som om området fekk meir merksemd frå tida rundt namneskiftet. Frå denne tida kom fleire vitjande til området og det blei bygd mange tempel her.[16]

I Huangfjella finst ei rekkje steintrapper[4] som er skorne inn i fjellsidene. I heile området finst det over 60 000 slike trappetrinn.[12][18][19] Det er ikkje kjend kva tid ein byrja laga desse trappene, men dei skal vera over 1 500 år gamle.[18]

I 1982 blei Huangshan erklært eit område av scenisk og historiske interesse avStatsrådet i Kina.[16] Det blei utropt tilverdsarv av UNESCO i 1990 for landskapet sitt og rolla si som habitat for sjeldne og truga artar.[20]

Kulturell inspirasjon

[endre |endre wikiteksten]
Tusjmåleri av Huangfjella utført avShitao i 1670

Mykje av omdømet til Huangfjella stammar frå tydinga dei har hatt i kinesisk kunst og litteratur.[21] I tillegg til å inspirera diktarar som Li Bai[5][12] har Huangfjella og landskapet der ofte vore motiv i dikt og kunstverk, særlegtusjmåleri[16] og meir nyleg i fotografi.[2] FråTang-dynastiet til enden avQing-dynastiet blei det skrive over 20 000 dikt om fjella, og ein kunstnarskule fekk namn etter dei.[4][7]

Ein finn også fjella i moderne kunst.James Cameron, regissøren av filmenAvatar frå 2009, nemnde Huangfjella som inspirasjon for utforminga av den utanomjordiske verda han skildra i filmen.[22] Den kinesiske animasjonsserieneStitch & Ai, ei avleiing avDisney-serienLilo & Stitch, går føre seg i Huangfjella.

Vitskap

[endre |endre wikiteksten]

Det rike mangfaldet i dyre- og plantelivet her har gjort området interessant for forskarar. Tidleg på 1900-talet utførte kinesiske og utanlandske forskarar fleire studiar av geologien og floraen her.[16] Seint på 1900-talet utførte ei gruppe forskarar feltarbeid for å studeratibetmakak, ein lokal apeart.[23]

Turisme

[endre |endre wikiteksten]

Muangfjella er eit viktig turistmål i Kina.[2][12] Minst 140 av rundt 400 kjende sceniske attraksjonar er tilrettelagde for turistar.[20] ByenHuangshan endra namn frå Tunxi i 1987 for å auka turisme hit.[24] I 2007 hadde området over 1,5 millionar turistar.[25] Foten av fjella har jernbane- og flysamband til storbyenShanghai,[2] og ein kan også nå han frå andre byar somHangzhou ogWuhu.[26]

I 1990 fanst det over 50 km med gangstiar som gav vitjande åtgang til sceniske område og lokale arbeidarar til fasilitetane.[16] I dag finst det også taubanar som fører turistar rett frå foten av fjella til ein av toppane.[2] I heile området finst det hotell og herberge der vitjande kan overnatta.[2][16] Det er vanleg å gå opp på fjella ein dag, overnatta der for å sjå den vidgjetne soloppgangen, og så gå ned via ei anna rute.[12]

Området er klassifisert som eitAAAAA scenisk område avdet nasjonale turismestyret i Kina.[27]

Hotell, restaurantar og andre fasilitetar på fjelltoppane får tilførsle av varer av berarar til fots som heng børene sine på lange stavar balansert over skuldrene eller ryggane sine.[28]

Klima

[endre |endre wikiteksten]

Huangshan har eitfuktig kontinentalklima (Köppen-klassifiseringDfb). Høgda til området gjer det kaldare og fuktigare enn resten av Anhui.

Galleri

[endre |endre wikiteksten]
  • Utskorrne trapper i Huangfjella
    Utskorrne trapper i Huangfjella
  • Furutre på toppar i Huangfjella
    Furutre på toppar i Huangfjella
  • Skyer i Huangfjella
    Skyer i Huangfjella
  • Landskap i Huangfjella
    Landskap i Huangfjella
  • Bergformasjon i Huangfjella
    Bergformasjon i Huangfjella
  • Utskorne trapper til Tiandu-toppen (天都峰, bokst. "Celestial Capital Peak")
    Utskorne trapper til Tiandu-toppen (天都峰, bokst. "Celestial Capital Peak")
  • Klipper i Huangfjella
    Klipper i Huangfjella
  • Tusjmåleri av Huangfjella
    Tusjmåleri av Huangfjella
  • Huangshan-furu
    Huangshan-furu
  • Huangfjella ved skumringa nær Guangming-toppen (光明顶, bokst. 'Lysande topp')
    Huangfjella ved skumringa nær Guangming-toppen (光明顶, bokst. 'Lysande topp')
  • Turisthotell på toppar i Huangfjella
    Turisthotell på toppar i Huangfjella
  • Soloppgang ved Guangming-toppen
    Soloppgang ved Guangming-toppen
  • Soloppgang ved 'Nordsjøen'
    Soloppgang ved 'Nordsjøen'
  • Huangfjella med tre og skyer
    Huangfjella med tre og skyer
  • Huangfjella
    Huangfjella
  • Turiststigar bygd i klippene
    Turiststigar bygd i klippene
  • Bratta trinn
    Bratta trinn
  • Taubane i Xihai ('Vestsjøen)
    Taubane i Xihai ('Vestsjøen)
  • Utsyn frå taubanen
    Utsyn frå taubanen
  • Utsyn frå taubanestasjonen
    Utsyn frå taubanestasjonen
  • Furutre i skodda på toppen av Huangfjella
    Furutre i skodda på toppen av Huangfjella
  • Utsyn frå Shixin-toppen (始信峰, bokst. 'Byrja å tru-toppen')
    Utsyn frå Shixin-toppen (始信峰, bokst. 'Byrja å tru-toppen')
  • Lite furutre på toppen Huangfjella
    Lite furutre på toppen Huangfjella
  • Blome på fjell over skyene
    Blome på fjell over skyene
  • Huizhou-arkitektur ved foten av Huangfjella
    Huizhou-arkitektur ved foten av Huangfjella
  • Bambusskog ved foten av Huangfjella
    Bambusskog ved foten av Huangfjella
  • Ni-drakefossen (九龙瀑) ved foten av Huangfjella
    Ni-drakefossen (九龙瀑) ved foten av Huangfjella
  • Dam ved foten av Ni-drakefossen
    Dam ved foten av Ni-drakefossen
  • Guicang-tempelte (归藏寺) ved Ni-drakefossen
    Guicang-tempelte (归藏寺) ved Ni-drakefossen

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. "Lianhua Feng - Lotus Peak, HP Huang Shan" on Peaklist.org - Central and Eastern China, Taiwan and Korea. This data is specific to the high point of the range only. Retrieved 2011-10-5.
  2. 2,02,12,22,32,42,52,6Bernstein, pp. 125–127.
  3. «Huangshan Mountain».[Huangshan Tour]. Arkivert fråoriginalen 3 March 2009. Henta 5. august 2008. 
  4. 4,04,14,24,34,4Cao, s. 114–127.
  5. 5,05,1«Mount Huangshan - UNESCO World Heritage Center».UNESCO. 2008. Henta 5. august 2008. 
  6. 6,06,16,26,36,4Huangshan Mountains, s. 12.
  7. 7,07,17,27,37,4Guo, pp. 62–64.
  8. 8,08,1Heiss, p. 124
  9. Heiss, s. 113
  10. Heiss, s. 52
  11. «Yellow Mountain Maofeng Tea».[Cultural China]. Arkivert fråoriginalen 2. mars 2009. Henta 8. oktober 2008. 
  12. 12,012,112,212,312,4Butterfield, Fox (8. februar 1981).«China's Majestic Huang Shan».New York Times. Henta 8. oktober 2008. 
  13. China News Service (21. desember 2007).«"Buddha's Light" in Huangshan Mountain».China.org.cn. Henta 23. desember 2008. 
  14. Raitisoja, Geni (4. oktober 2006).«Huangshan: "No. 1 Mountain Under Heaven"».gbtimes.com. Arkivert fråoriginalen 30. desember 2014. Henta 30. desember 2014. 
  15. «Welcome to Huang Shan, Mount Huang».[Famous Taoism and Buddhism Sanctuaries in China]. Wudang Taoist Internal Alchemy. Arkivert fråoriginalen 21. oktober 2008. Henta 8. september 2008. 
  16. 16,016,116,216,316,416,516,6«Mount Huangshan Scenic Beauty and Historic Interest Site».[Protected Areas and World Heritage]. United Nations Environment Programme. oktober 1990. Arkivert fråoriginalen 10. mai 2008. Henta 8. oktober 2008. 
  17. 17,017,1«Huang Shan».[ChinaTravel.net]. Arkivert fråoriginalen 7. oktober 2008. Henta 8. oktober 2008. 
  18. 18,018,1«The Mystic World of Shanshui: Huangshan».UNESCO Culture Center.UNESCO. Arkivert fråoriginalen(.wmv) 16. august 2008. Henta 8. oktober 2008. 
  19. McGraw, David (2003).«Magic Precincts»(PDF). University of Hawaii. Arkivert fråoriginalen(PDF) 18 September 2009. Henta6 December 2008.  s. 52.
  20. 20,020,1«Mount Huangshan».China.org.cn. 1990. Henta 8. oktober 2008. 
  21. McGraw, s. 109
  22. Renjie, Mao (24. desember 2009).«Stunning Avatar».Global Times. Arkivert fråoriginalen 28. desember 2009. Henta 24. januar 2010. 
  23. Ogawa, s.9.
  24. "Mt.Huangshan Travel Guide" ChinaTour.NetArkivert 2015-04-02 vedWayback Machine. Accessed 2015-1-21
  25. «China's Huangshan to restrict vehicles during Olympics».Xinhua. 3. august 2008. Arkivert fråoriginalen 6 November 2012. Henta 6. september 2010. 
  26. «Hefei, Anhui Province». Arkivert fråoriginalen 20. desember 2008. Henta 23. desember 2008. 
  27. «AAAAA Scenic Areas».China National Tourism Administration. 16. november 2008. Arkivert fråoriginalen 4. april 2014. Henta 9. april 2011. 
  28. Heiss, s. 132

Bibliografi

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Huangshan
Reiseguide forHuangshan frå Wikivoyage
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Huangfjella&oldid=3509275»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp