Huangelva har kjeldene sine idet tibetanske høglandet. Som hovudkjelde reknar ein Karelva (Kar Qu) som renn langs nordskråninga avBayanharfjella (Bāyánkālā Shānmài) i Qinghai. Huangelva renn ut av Qinghai i nordaustleg retning gjennom Gansu, gjer ein lang boge mot nord til Indre Mongolia rundtOrdos-platået, renn så sørover igjen gjennom tronge juv og tek imot elvaneFen He frå nordaust ogWei He frå vest. Ho bøyer så mot aust, passerer nord forTaifjellet (Tai Shan) i Shandong før ho munnar ut i Bohaibukta.
Sattellittbilde av elvedeltaet i 2010.
Huangelva renn gjennom tørre strøk, og middelvassføringa er difor lita, men ho kan ha storeflaumar ettermonsunregnet. Elveløpet går gjennom strekningar dekte av løss, som lett blir slipt ned og ført med som slam. Dette gjev elvagulfargen som har gjort at ho blir kalla Den gule elva. Slammet blir lagt opp i det veldigeelvedeltaet som byrjar vedKaifeng, 500 km før utløpet. I deltaet er løpet lite stabilt. Elveleiet er inngjerda avdike som er opp til 10 m høge, men desse blir ikkje sjeldan brote ved flaum. Flaumar kan òg grava ut nye kanalar, og elva har skifta løp fleire gonger. Før 1300 gjekk ho omtrent som no, men forandra så løp og munna ut sør for Shandong i 500 år, til 1853, då ho igjen tok det nordlege løpet. I 1938 og 1947 vart løpet omdirigert.
Området kring den nedre delen til elva og bielva Wei blir rekna som fødestad for den kinesiske sivilisasjonen. Flaumfaren gjorde at elva tidlegare blei kalla «Kinas svøpe». Under ein flaum i 1931 skal 3,7 millionar menneske ha mista livet.
Huangelva har lita tyding for samferdsla, men avgjerande tyding for jordbruket i Nord-Kina. Store damanlegg og kanalbygging har redusert flaumkatastrofane og utvida deiirrigerte områda.