Houston er ein by i denamerikanske delstatenTexas og er med sine2 304 580 innbyggarar (2020) den fjerde største byen i sørlege USA og den fjerde største i landet. Houston ligg i Søraust-Texas i nærleiken avGalveston Bay ogMexicogolfen.Over fem millionar menneske bur i det urbane området rundt Houston. Byen dannar søraustpunktet av ein urban megaregion kjend somTexas Triangle.[2]
Satellittbilete.
Med berre 45.000 innbyggarar ved førre hundreårsskifte, har Houston vore ein av USAs raskast veksande byar. Det er særleg arbeidsplassar i oljeindustrien som har trekt innflyttarar til byen, som har eit utprega varmt og fuktig klima. Ofte blir framveksten av av billige luftkjølingsanlegg (air condition) som det avgjerande utviklingstrekket i Houstons historie. Fråvær av sentral regulering har gjort at Houston manglar eit typisk sentrumsområde, og framstår snarare som eit stort, samanvakse område av ulike forretningsdistrikt og forstadar.
Byen har ei av dei største hamnene i USA, og er kjend for eit større romfartskontrollsenterLyndon B. Johnson Space Center i regi avNASA.