Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Horn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjåHorn (fleirtyding).
Horn på engelsk longhorn-ku.
Horn som musikkinstrument frå Argentina.

Horn er ei hard utvekst påhovudet til ulike dyr. Rette horn erkeratinstrukturarhovdyr som veks ut frå levandebein og som i hovudsak sitparvis. Andre hornliknande utvekstar kan sitta åleine, som pånashorn, eller sitja lenger bak på kroppen, som på nokrenashornbiller.

Ekte horn eller slirehorn er permanent feste til beinet til dyret. Dei finst hjå dyr i oksefamilien, somkveg,sauer,geiter ogantiloper. Hornet er danna av ein kjerne av bein som sit fast i ein tapp i pannebeinet og er dekte av ei hornslire danna av huda. Til motsats blirgevir eller takk felte årleg. Dei opptrer hjå dyr ihjortefamilien. Også dette hornet er ei beindanning, men er gjerne forgreina og er tildekt av mjuk, hårkledd hud medan det veks.[1]

Hjå nokre artar har begge kjønna horn, medan det hjå andre artar berre er hannen som har horn. Horna tek til å veksa nokså snart etter fødselen, og fortset livet ut. Dyr som hargevir mister dei og dannar nye kvart år. Horna vert ofte nytta for å kjempa motrivalar ogrovdyr.

Menneske har nytta horn som materiale sidansteinalderen. Horn er hardt, men kan samstundes lett skjerast til. Horn kan mellom anna brukast somskaft til ulike verktøy, somdrikkehorn eller musikkinstrument sombukkehorn ellersjofár. Hornet har også inspirert og gjeve namn til fleiremessingblåseinstrument, somposthorn ogvalthorn.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Årtun, Torstein (5. juli 2018).«horn – zoologi».Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Horn
Spire
Denneanatomiartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Horn&oldid=3580056»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp