Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Hoplittar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hoplittar i kamp mot kvarandre.

Hoplittar (av greskhoplon, 'skjold') var tungt væpna fotsoldatar iHellas i antikken. Utstyret deira, som kan påvisast frå byrjinga av 600-talet fvt., varhjelm,brystharnisk av lêr, beinskjener, tungt, ovaltskjold på venstre arm,lanse ogsverd.

Hoplittane dannet kjernetroppane i dei greske borgarhærar. I Aten skulle tredje formueklasse stilla som hoplittar. Dei rikaste danna kavaleriet og dei fattigaste var mellom anna roarar i flåten.

Hoplittane danna ein sluttafalanks, og taktikken bygde på den massive tyngden til formasjonen. Denne kollektive krigsteknikken innebar ein viss breidde i deltakinga i militære og dermed også politiske saker, i motsetnad til aristokratiske rytterkampar frå tidlegare tider. Samtidig kravde det å mønstra med hoplittvæpning ein viss velstand. Ein må derfor sjå framveksten av hoplittaktikken i samanheng med utviklinga av den greskepolisen ellerbystaten til eit krigar- og borgarfellesskap.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

«hoplitter» (31. mars 2016) iStore norske leksikon, snl.no.

Spire
Dennemilitærartikkelen som har medhistorie å gjere, er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Hoplittar&oldid=2967791»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp