Hongkong[a] (pinyinXiānggǎng ellerYale romanisering av kantonesiskHēunggóng) er ein spesiell administrativ region sør i Fastlands-Kina, omkrinsa av provinsenGuangdong. Hongkong ligg på eihalvøy kalla «dei nye territoria» og påøya Hong Kong. Hongkong har om lag 7,5 millionar ibuarar. Bruttonasjonalproduktet i regionen er på over 200 milliardar US-dollar, noko som gjer Hongkong til ein viktig del av verdsøkonomien.
Under denførste opiumskrigen i 1841 okkuperte britane øya, og Kina oppgav ho året etter. Ho vart deretter ein britiskkoloni og eit viktig handelssentrum. Underden andre opiumskrigen fekk britane kontroll over heleKowloon. I 1898 fekk britane ei leigeavtale for deinye territoria for 99 år. Etter at kommunistane tok makta, kom ein million flyktningar til Hongkong, som voks og vart ein viktig industriby i verda.Folkerepublikken Kina vegra seg mot å krevje området attende, men Folkerepublikken Kina ogStorbritannia vart i 1997 samde om at heile Hong Kong-området skulle overtakast av Folkerepublikken, og bli ein spesiell administrativ region. Den 1. juli overtok Folkerepublikken suvereniteten, men avtala slo fast at Hong Kong fekk rett til å halde fram med kapitalistisk økonomi og demokratisk styre i minst 50 år. Regjeringa iBeijing har i ettertid likevel forsøkt å vedta lover som reduserer Hong Kongs sjølvstyre, noko som har ført til massive protestar og demonstrasjonar.