Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Holon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Holon
חוֹלוֹן, حولون
by
Flagg
Våpenskjold
Namneopphav: (Vesle) sand
Land Israel
DistriktTel Aviv distrikt
Koordinatar32°01′N34°46′E / 32.017°N 34.767°E /32.017; 34.767
Areal18,927 km²
Folketal 182 575  (2013)[1]
Folketettleik9 646 / km²
Grunnlagd1936
 •  Bystatus1950
BorgarmeisterMoti Sasson (Labor)
Kart
Holon
32°01′00″N34°46′00″E / 32.016666666667°N 34.766666666667°E /32.016666666667; 34.766666666667
Kart som viser Holon.
Kart som viser Holon.
Kart som viser Holon.
Wikimedia Commons: Holon
Nettstad: holon.muni.il

Holon (hebraisk skrift חוֹלוֹן) er einby på den sentrale kyststripa sør forTel Aviv iIsrael. Holon høyrer til storbyområdetGush Dan. I 2011 hadde han 182 575 innbyggjarar.[1] Holon omfattar eit av dei viktigasteindustriområda i Israel, kjend somBusiness and Industrial Zone Holon.[2] Sidan 1990-talet har dei lokale styresmaktene også lagt vekt på å utvikla byen kulturelt.[3]

Namn

[endre |endre wikiteksten]

Namnet på byen kjem frå dethebraiske ordetholon, som tyder 'lite sand'. Namnet Holon finst òg iBibelen: «Holon og Debir med beitemarker» (Josvas bok, 21:15).[4]

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Holon, 1945

Holon vart grunnlagd på sanddyner seks kilometer frå Tel Aviv i 1935.[5] Łódzia tekstilfabrikk vart grunnlagd der av jødiske immigrantar fråŁódź iPolen, i lag med mange andre industriføretak.[5] Tidleg iden arabisk-israelske krigen i 1948 låg Holon ved frontlinja, og det var stadige skotutvekslingar ved grensa til landsbyenTel A-Rish i nordvest - ein forstad til den arabiskeJaffa. Det var òg samanstøytar i retninga av byenYazur i aust. Eit åtak på den Holon-baserteHaganah-militsen i Tel A-Rish vart driven attende med store tap. Etter at Israel vart oppretta, vart Holon utvida og tok til seg Tel A-Rish og appelsinlundane iYazur.

I februar 2001 vart åtte israelarar drepne og 25 skadde i eit palestinsk åtak på ein busstopp i Holon.[6]

Biletet av Holon som ein soveby for arbeidarklassen har endra seg gjennom åra. Byen har no vorte ein barnevennleg by med familieattraksjonar som Yamit vasspark, Det israelske barnemuseet og Israelsk museum for karikaturar og teikneseriar.[7]

Idrett

[endre |endre wikiteksten]

Venskapsbyar

[endre |endre wikiteksten]

Holon er venskapsby med:

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,1«Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population»(PDF).Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2010. Henta 6. juli 2015. 
  2. «Commerce and Industry»,Municipality of holon (på engelsk), arkivert fråoriginalen 4. august 2020, henta 11. mars 2020 
  3. «The city of Holon»,Municipality of holon (på engelsk), arkivert fråoriginalen 11. april 2021, henta 11. mars 2020 
  4. «The Story of Holon:Making Sand Dunes Sophisticated». Isrealli.org. Arkivert fråoriginalen 28. februar 2011. Henta 12. april 2015. 
  5. 5,05,1The Guide to Israel, Zeev Vilnay, Hamakor Press, Jerusalem, 1972, s.239
  6. «Victims of palestinsk Violence and Terrorism since September 2000». Mfa.gov.il. Henta 4. september 2015. 
  7. Bassok, Moti (November 29, 2013).«Working class Holon aims to attract wealthy home buyers». Haaretz. Henta 4. september 2015. 
  8. «Cleveland's Sister Cities». cleveland.oh.us. Henta 11. mars 2020. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Bykommunar
Lokale kommunar
Israelske byar med minst 50 000 innbyggjarar
200 000 og meir
100 000–199 999
50 000–99 999
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Holon&oldid=3474984»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp