Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Hola mohalla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fellesmåltid i ein gurudvara i Spania i 2004.

Hola mohalla er eisikh-høgtid som tek til ved byrjinga av månaden chet, den første inanaksjahi-kalenderen. Dette fell som regel i mars iden gregorianske kalenderen. Hola mohalla kjem like etterholi-høgtida, og namnet «hola» er ei maskulin form av ordet «holi». «Mohalla» tyder noko slikt som militærparade.

Akali-sikhar måla rundt 1850.

Feiringa går over tre dagar. Ho blei grunnlagd avguru Gobind Singh som ei samling der sikhar kunne trena kampdugleik på ei tid då religionen var truga av dei muslimskemogulherskarane. Den første samlinga blei halden iAnandpur i 1701.

Hola mohalla byrjar med bøner og seremoniar rundtGuru Granth Sahib, den heilage boka til sikhane, ved eingurudvara. Ein syng kirtan, religiøse songar, og signar mat,prasad, som alle får eta etterpå. Det blir også servert eit fellesmåltid i gurudvaraen. Medlemmene av gurudvaraen deltek med kar seva, teneste, som å servera mat, ta oppvasken eller reingjera gurudvaraen.

Ein viktig del av feiringa er kampsportoppvisingar haldne av sikh-krigarar kallanihang,nishan ellerakali. Desse kan til dømes visa framsverdkamp,pilskyting,hesteriding eller andre kampferdigheiter. Under oppvisinga blir det kastaraudfarge mellomnishan sahib og tilskodarane.

Etter dette kan ein høyra på forteljingar om sikh-guruane. Det kan også haldast diktopplesingar, konsertar og danseførestillingar.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

    Bakgrunnsstoff

    [endre |endre wikiteksten]
    Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Hola_mohalla&oldid=3021255»
    Kategori:

    [8]ページ先頭

    ©2009-2026 Movatter.jp